Denne bolken har sist fått nytt stoff 21. desember 2003. [Attende til kronikkarkiv, hovudside]
Vi skal her etter beste evne freiste å byggje opp ei samling med interessant stoff frå dei fleste områda kor AKP og AKParar arbeider. Det vil si at vi samlar opp aviskronikkar, artiklar, debattinnlegg osb som medlemer eller venar av partiet har publisert andre stader. Med unntak av dei høva da artiklane er signerte med partiverv, treng ikkje synspunkta som kjem fram på desse sidene vere uttrykk for partiet sine meiningar.
INNHALD:
(Desember 2003) Eksotiske Finnmark. Vilt, vakkert og nådeløst, står det i turistbrosjyrene. Men dessverre er det ikke bare turister som lar seg lokke av vill, uberørt natur og øde vidder. Øde vidder kan brukes til så mangt. Det vet reindrifta. Skytefelt er også en mulighet. Det vet forsvaret. For ikke å bomme på terrorister i Irak og Afghanistan, skal britiske jagerfly nå øve i Halkavarre.
Svein Lund: Samisk har fått status - men har fornorskinga snudd?
(Klassekampen oktober 1994.) 1. januar 1992 blei eit gamalt krav frå samiske organisasjonar oppfylt - samisk språk fikk for første gong offisiell status i Norge. Da trådte språkreglane i sameloven i kraft og det blei oppretta eit forvaltningsområde for samisk språk. Men har dette betydd ei reell styrking av det samiske språket? Har fornorskingsprosessen stoppa opp? Har språkloven fått nokon positiv eller negativ verknad på dei samiske busettingsområda som ikkje kom med under loven? For å få svar på dette har vi besøkt tre kommunar innafor forvaltningsområdet, og ein utafor. Guovdageaidnu er den kommunen der samisken står sterkast i daglig bruk. Eit stort fleirtal av innbyggarane har samisk som morsmål. Skriftlig er det likevel norsken som dominerer. I Porsanger og Kåfjord er eit mindretal i dag samisktalande, og ganske få under 40 år snakkar språket flytande. I kommuneadministrasjonen har samisken vore heilt fråverande og i skolen er det framleis eit mindretal som får samiskundervisning. Skånland i Sør-Troms kan på mange måtar samanliknas med Porsanger og Kåfjord, men Skånland kom ikkje inn under språkloven. Motstanden mot samiskundervisning og anna bruk av språket har her trulig vore sterkare enn nokon anna stad i Norge det siste tiåret.
Svein Lund: Samisk på data - ein framtidsdraum?
(Klassekampen 2. februar 1998.) Like før jul kom gladmeldinga til alle som har behov for å skrive samiske tekstar eller einskilde ord på datamaskin: I månadsskiftet januar / februar skal samiske teiknsett bli gratis tilgjengelig for alle. Men ei veke før månadsskiftet er det klart at ein fortsatt må vente - enno ei tid vil dei som skriv samisk måtte slite med store ekstrautgifter og mye ekstraarbeid.
Svein Lund: 17 år og 2.500 sider - men jobben er ikkje gjort!
(Dag og tid februar 1997?) Som eit resultat av Alta-kampen og sultestreikane utafor Stortinget vedtok regjeringa 7.1.1980 at det skulle settas ned eit utval for å utreie samane sin rett til land og vatn og andre samiske rettsforhold. Det tok fire år for Samerettsutvalet å lage den første delinnstillinga, som la grunnlaget for opprettinga av Sametinget, for Sameloven og sameparagrafen i Grunnloven. Andre delinnstillinga om retten til land og vatn i Finnmark skulle ta mye lengre tid. Meir enn 17 år har gått, det er produsert enorme mengder med dokument, herunder 2500 sider med offentlige utreiingar. Og arbeidet med tredje innstillinga, om rettsforhold i samiske område utanom Finnmark har enno ikkje kome igang. Har dei så gjort jobben sin?
Svein Lund: Endelig samisk på data for alle
(Klassekampen 10. november 1998.) For første gong har nå program for å skrive samisk på datamaskin blitt gratis tilgjengelig for alle. Men programmet har vore svært forsinka og enno er det ein del arbeid som gjenstår før det har blitt like enkelt å skrive samisk som å skrive norsk.
Svein Lund: Samiske læreplanar
Dei nye samiske læreplanane har vore eit av haustens store kampspørsmål i fleire kommunar i Finnmark og Nord-Troms. Gjennom media har ein fått inntrykk av at staten no har gjort eit overgrep mot den norske og kvenske befolkninga, og vil tvangsopplære ungane deira til å bli samar. Den dekninga dette har fått både i lokale media og riksmedia står i skrikande kontrast til den minimale dekkinga av den lange kampen for å få rett til eigne samiske læreplanar i det heile, ein kamp som langt i frå er over. I eit forsøk på å rette opp litt av dette skal vi sjå litt tilbake på kampen for ei samisk opplæring og ka denne kampen står om idag. I denne første delen vil eg konsentrere meg om grunnskolen, mens neste del tar for seg vidaregåande og høgare utdanning.