AKP-arkivet

Samiske læreplanar

av Svein Lund Oversikt over e-post-adresser


Fleire artiklar om samiske spørsmål | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Dei nye samiske læreplanane har vore eit av haustens store kampspørsmål i fleire kommunar i Finnmark og Nord-Troms. Særlig hardt har det vore i delar av Deatnu (Tana), der nokre tital ungar har blitt haldne heime frå skolen fordi foreldra heller ville undervise barna sjølve enn at dei skulle få undervisning etter samiske læreplanar. Også i Porsanger og Gáivuotna / Kåfjord har det vore reaksjonar mot at alle skolar skulle bruke samiske læreplanar i dei kommunane som hører til forvaltningsområdet for samisk språk.

Gjennom media har ein fått inntrykk av at staten no har gjort eit overgrep mot den norske og kvenske befolkninga, og vil tvangsopplære ungane deira til å bli samar. Den dekninga dette har fått både i lokale media og riksmedia står i skrikande kontrast til den minimale dekkinga av den lange kampen for å få rett til eigne samiske læreplanar i det heile, ein kamp som langt i frå er over.

I eit forsøk på å rette opp litt av dette skal vi sjå litt tilbake på kampen for ei samisk opplæring og ka denne kampen står om idag. I denne første delen vil eg konsentrere meg om grunnskolen, mens neste del tar for seg vidaregåande og høgare utdanning.

- Ein samisk skole har aldri eksistert i Noreg, sa sametingspresident Ole Henrik Magga på ein utdanningskonferanse for få år sidan.

Historia til skoleverket i samiske område er historia om fornorskinga. Denne historia går tilbake til først på 1700-talet. Da blei det satsa forholdsvis meir på skoleverket i Finnmark og Troms enn lenger sør. Bygginga av Noregs første lærarskole på Trondenes i 1826 blei grunngitt med behovet for utdanning av samar og kvenar. Skulle den dansk-norske, seinare svensk-norske og norske staten få styring over dette området måtte samar og kvenar bli nordmenn.

Målet var klart uttalt av den tida sine skolepolitikarar: "Finnerne er meget begjærlige efter det norske Sprog." De skulle lære norsk "saa de nedlagde deres eget finske Tungemaal.", målet var "det finske Sprogs Udryddelse". (Med finsk meinte ein dengang samisk, det vi no kallar finsk blei kalla kvensk.)

Det ideologiske grunnlaget for fornorskingspolitikken var sosialdarwinisme og rasisme: Skoledirektør Christian Brygfjeld "... var imot enhver opplæring av lærere i samisk og såvel samiske som kvenske lærere var uønsket... Etter hans syn var samene rasemessig for svake til å opprettholde noen egen kultur: "De få individer som er igjen av den opprinnelige lappiske folkestamme er nu så degenerert at det er lite håp om nogen forandring til det bedre for dem. De... hører til Finmarkens mest tilbakesatte og usleste befolkning og skaffer den største kontingent herfra til vore sindsykeasyler og åndssvakeskoler."

Fornorskingspolitikken var ikkje einerådande, ein del misjonærar og prestar gikk inn for å gi undervisning på samisk, men sjølv dei såg fornorsking som det langsiktige målet, at norsk kultur sto over den samiske sto fram som eit udiskutabelt faktum.

Dei ellers elendig betalte lærarane fikk betydelige lønnstillegg frå "Finnefondet" om dei kunne vise til gode resultat i fornorskingsarbeidet. Rundt år 1900 virkar det som fornorskinga har nærmast full oppslutning i den norske lærarstanden og i kyrkja. Opposisjonen var liten, han kom mest frå nokre få prestar og frå samiske lærarar som Isak Saba og Anders Larsen. Larsen var den einaste som på kretslærarmøtet for Vest-Finnmark i Alta 1904 gikk imot ei fråsegn om at "den norske bølge, der nu overskyller skolerne i Finmarken, maa forblive uden noget tilbakeslag, saa den fik skylle væk al fremmed sprog og nationalitet fra Finmarken."

Men mot den knallharde fornorskingspolitikken blei dei på defensiven, og klarte ikkje å utforme eit sjølvstendig alternativ. Den som klarte det var Per Fokstad, som "sto bak forslaget om en samisk skoleplan som skulle verne den samiske egenart og livsform. Han ønsket en barneskole bygget på samisk grunn med samiske lærere. Norsk ville han først innføre fra femte skoleår."

Per Fokstad var dei samiske læreplanane sin stamfar. Eit paradoks i dag er at han kom frå Bonakas i Tana, midt i det området der foreldra no aksjonerer mot samiske læreplanar. Fokstad kjempa for synet sitt bl.a. i Samordningsnemnda for skoleverket av 1948, og vant langt på veg fram i denne nemnda. Men motstanden blant lokale politikarar var så stor at få av forslaga blei gjennomført i praksis i første omgang. Resultater av at samiske og kvenske elevar i nesten eit hundreår blei nekta utdanning på eige språk var at i 1950 var nærare halvparten av finnmarkingene i aldersgruppa 15-20 år å rekne som analfabetar.

Etter krigen var sosialdarwinisme og rasisme ikkje lenger like gangbar mynt og det blei slakka av på fornorskingspolitikken. I femtiåra kom det ut fleire dobbeltteksta lærebøker og fornorskingsinstruksen blei formelt oppheva. Frå 1967 blei det tillatt med begynnerundervisning på samisk i grunnskolen. I 1975 blei det slått fast i grunnskoleloven at "barn i samiske distrikter skal gis opplæring i samisk når foreldrene krever det." Samiskopplæring var ikkje lenger bare ein rett for kommunane til å gi tilbod, men ein rett som foreldra kunne kreve, uavhengig av kommunen si vilje. Seinare har kampen mye stått om praktisering og utviding av denne retten. Først frå 1980-talet blei det i prinsippet mogleg å få heile grunnskolen med samisk som førstespråk. Når det nye Stortinget i løpet av neste år igjen får Opplæringsloven til behandling skal dei avgjøre om det endelig vil bli ein lovfesta individuell rett å få undervisning i samisk.

Første samiske læreplan

Gjennom Sameloven og sameparagrafen i Grunnloven og seinare ratifiseringa av ILO-konvensjonen om urfolk er samane er anerkjent som urfolk av norske styresmakter. Samtidig som samane sine rettar som urfolk blei prinsippielt fastslått av Stortinget, blei det etter Mønsterplanen av 1987 innført samiske læreplanar for grunnskolen. Men den norske staten har så langt ikkje oppfylt ILO-konvensjon 169 art. 27 om at urfolk har rett til eit sjølvstendig utdanningsverk.

Utviklinga har langt i frå gått rettlinja i ei retning. Motstanden har vore og er stor mot undervisning i og på samisk og utvikling av samisk skole både lokalt, på fylkesplan og sentralt. Skolestyret i Kárásjohka uttalte på 50-talet klart at dei ønska "en undervisning med fullstendig fornorskning som mål".

Etter ei utvikling i positiv lei over lengre tid kom snunaden sentralt med Gudmund Hernes. Kongstanken hans var som kjent felles nasjonalt lærestoff, noko han ville gjennomføre gjennom Reform 94 i vidaregåande skole og deretter Reform 97 i grunnskolen. Dei særeigne samiske fagplanane skulle bort. Men her møtte han skikkelig motstand. Etter press frå Sametinget og Samisk utdanningsråd bøygde KUF av i 1995 og det blei satt igang arbeid med nye samiske læreplanar.

For å forstå ka ein no stridas om er det naudsynt å kjenne litt til oppbygginga av disse læreplanverka.

Det nasjonale læreplanverket

I fjor kom Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen ut. Dette skal gjennomføras i løpet av ein treårsperiode. I år er det 1., 2., 5. og 8. klasse som skal ta dette i bruk, mens dei som no er i andre klassar må følge dei gamle planane i eit eller to år til.

Læreplanverket er samla i ei stor bok. Først er det eit forord, så ein generell læreplan som gjeld både for grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Deretter kjem ein del som kallas "Prinsipp og retningslinjer for opplæringa i grunnskolen". Denne blir og kalla "brua" eller "broen", både fordi den skal vere ei bru mellom den generelle delen og læreplanane for dei einskilde faga, og fordi den første utgåva av denne hadde på forsida Edvard Munch sitt bilete "Pikene på broen". Til sist kjem så dei konkrete læreplanane for dei einskilde faga, der hovudinnhaldet i kvart fag for kvart klassetrinn er streka opp.Her kan ein f.eks. finne at i natur- og miljøfag skal 1.klassingane "observere nokre dyr og planter i nærmiljøet og sortere dei etter lett observerbare likskapar og ulikskapar", mens 8.klasse skal "bli kjende med sentrale kjenneteikn på bakteriar og virus".

Den generelle læreplanen seier at samisk kultur er ein del av den felles arven som det er eit særlig ansvar for Noreg å hegne om. Derfor skal kunnskap om samiske forhold vere ein integrert del av læreplanane i dei forskjellige faga. Det skal no vere slutt på at det bare står ein setning i geografiboka for 4. klasse om at samane bur på Finnmarksvidda, lever av rein og bur i telt. Læreplangruppene som KUF sette ned for å lage utkast til disse læreplanane fikk som ein del av mandatet sitt å integrere kunnskap om samiske forhold. Men sidan dei hadde dårlig med kompetanse blei resultatet i første omgang dårlig og Samisk utdanningsråd blei satt på saka. Dei satte så opp punkt dei ville ha med for kvart fag, og så sydde KUF dette inn i planane. Dette har seinare blitt kalla "dei samiske stolpane", og her er eit par eksempel frå læreplanen i natur- og miljøfag:

Dette var dei tre samiske stolpane i natur- og miljøfag, det er alt som står i læreplanen for eit fag som alle elevar skal ha i ti - 10 år. For samiske elevar som følger dei nasjonale læreplanane vil det med andre år gå 7-8 år før dei får noko om sitt eige i eit så sentralt fag for samisk kultur og levemåte. I KUF sitt forslag til opplæringslov er det foreslått at Sametinget skal ha mandat til å vedta disse samiske stolpane i det nasjonale læreplanverket. Det samiske læreplanverket skal derimot departementet sjølv ha styringa over.

Det samiske læreplanverket

Først i sommar var Det samiske læreplanverket for den 10-årige grunnskolen ferdig trykt. Det er ei kjempesvær bok med alle planane på norsk og nordsamisk, i tillegg til at planane for lulesamisk og sørsamisk som fag er trykt på disse hovuddialektane.

I føreordet er det vist til lovgrunnlaget og det folkerettslige grunnlaget for samisk opplæring. Den generelle delen for heile skoleverket er den samme som for den nasjonale læreplanen. Dei samiske læreplanane i faga blei utarbeida etter mønster av dei nasjonale. Det var først ingen fellesdel som uttrykte dei overordna måla for undervisning etter dei samiske læreplanane. Først da dei samiske læreplanane var ferdige, innsåg ein at det var behov for ein fellesdel også her, og etter krav frå bl.a. Sametinget, blei det hausten 96 utarbeida ei samisk utgåve av "Prinsipp og retningslinjer for opplæringa i grunnskolen", den såkalte "Broen". Denne blir populært kalla "Samisk bro" eller "Sámi óaldi". Det er denne som har skapt dei største diskusjonane, bl.a. formuleringar om å fremme samisk identitet og støtte heimen i oppfostringa av ein ny samisk generasjon.

Dei samiske læreplanane er meir eller mindre forskjellig frå dei nasjonale planane i faga: norsk, engelsk, samfunnsfag, natur- og miljøfag, kristendom, duodji / kunst og handverk, musikk og heimkunnskap. I tillegg er her planar for opplæring i samisk på tre forskjellige nivå. Bare i faga matematikk og kroppsøving brukar ein dei nasjonale planane utan endringar.

Læreplanar har alltid styrt skolen i stor grad, men enno meir no enn før. Tidligare har planane vore vegleiande, men no har dei blitt mye meir forpliktande i og med at KUF i sommar vedtok å gi læreplanane forskriftstatus. Det betyr at skolen og lærarane er rettslig forplikta til å gi undervisning etter læreplanane. I den praktiske skolekvardagen er det ofte lærebøkene meir enn læreplanen som styrer undervisninga. Men om ei lærebok skal bli godkjent for bruk i skolen, må ho vere skreve i samsvar med læreplanen. Skal ein få ei lærebok med samisk innhald, må det derfor vere ein eigen samisk læreplan.

Utvida bruksområde

Dei samiske læreplanane frå 1988 har mest vore brukt ved skolar der samisktalande elevar har vore i klart fleirtal. Men da læreplanane blei forskriftfesta blei det og eit behov for å forskriftfeste kor dei samiske læreplanane skulle brukas. Dette løste KUF på enklast mogleg måte, med å definere området for dei samiske læreplanane som lik forvaltningsområde for samisk språk. Dette skapte ein del nye problem: For første gang skulle læreplanen gjennmføras på skolar der verken lærarar, elevar eller foreldre var førebudd på det. Først i sommar kom meldinga om at dei skulle bruke dei samiske læreplanane. Dei visste ikkje særlig mye om ka det gikk ut på. Læreplanen var nylig trykt, og få visste ka som sto i han. Ein fullt forståelig reaksjon mot saksbehandlinga og mangelen på informasjon blei så utnytta av Fremskrittspartiet og alle krefter som motarbeidar alt som er samisk.

Koplinga mellom språkforvaltningsområdet og læreplan innførte eit nytt prinsipp. Sameloven med språkreglane er i første rekke ein rettigheitslov, den sikrar retten til å bruke samisk språk i offentlig samanhang og sikrar kommunane økonomisk kompensasjon for å administrere på to språk. Men lova set ingen krav til einskildpersonar. Når ein så av KUF i Oslo blir pålagt å bruke samisk læreplan i dette området, har det å bu i forvaltningsområdet fått ei ny og sterkt utvida betydning. Da forvaltningsområdet blei oppretta, var det tildels sterk motstand mot dette i tre av dei seks kommunane, men denne motstanden hadde no lagt seg. Resultatet av denne koplinga var at kravet igjen kom opp om å gå ut av forvaltningsområdet.

Individuell rett?

- Ingen har stilt spørsmålsteikn ved at den norske kulturen skal ha ein sterk plass i skolen. Men så snart samisk kultur får ein likeverdig plass i nokre område med blanda befolkning kjem protestane. Det seier sametingspresident Ole Henrik Magga til Klassekampen.

- Kem bør etter di meining ha samiske læreplanar?

- Vi hadde helst sett at den blei brukt av alle i skolen i område med betydelig samisk busetting. Som hovudregel går vi inn for områdevise rettar, og vi hadde håpa det skulle gå greit å innføre den samiske læreplanen i heile forvaltningsområdet.

Om no nokre foreldre i forvaltningsområdet får retten til å velge nasjonale læreplanar, må vi hevde retten til å velge samiske læreplanar for dei som ønsker det over heile landet. For elevar med samiskundervisning er det ikkje uproblematisk om skolen følger nasjonal læreplan. Mens den samiske læreplanen har samiskfaget som ein intergrert del, kjem dette som eit tillegg for dei som følger nasjonal læreplan. Samiske barn kan måtte bli sittende igjen på ettermiddagen for å få samiskundervisning.

Magga har reagert kraftig på media si dekning av saka. Dei bryr seg bare om at nokre ikkje-samiske barn skal følge samisk læreplan. Ingen dekker det at mange fleire samiske barn ikke får nokon samisk læreplan.

- Det er ingenting som er skadelig for ikkje-samiske barn i den samiske læreplanen, seier han. Men nokre er jo imot det bare ein nemner ordet samisk, legg han til.

I dag står striden hovudsakelig om eit par formuleringar i den generelle planen, om to-tre setningar av over 400 sider. Bibelen kan jo og lesas på mange måtar. Dette viser hvor varsomt og forsiktig ein må bevege seg for å ikkje erte på seg overrnakta.

Læreplan med nordkalottvinkling

For Nord-Noreg er det samiske læreplanverket mye bedre enn det såkalla nasjonale læreplanverket, seier Asbjørg Skåden, leiar for Samisk utdanningsråd.

- Men er det rett å kople språkforvaltningsområdet til innføring av samisk læreplan, sameloven med språkreglane er jo ein rettigheitslov for samar, kan ein bruke denne til å forplikte ikkje-samar?

- No er det på tide at ein forholder seg til at det er to folk i staten Noreg.

Det er rett at det er ein rettigheitslov, men loven gir rettar fordi det er eit samisk område. For folk som bur i samiske område er det både fordelar og forpliktelser.

- Læreplanen har blitt kritisert for å vere bare for Indre Finnmark?

- Det er nok dessverre sant at Guovdageaidnu blei overrepresentert i læreplangruppene. Vi sto virkelig på for å få andre område godt representert. Men det er ikkje lett å få folk, bl.a. ønska vi i utgangspunktet at planane skulle skrivas på samisk og oversettas på norsk. Men for å få geografsk breidde måtte vi gi oss på det, og dei fleste gruppene endte med diskusjon og utkast på norsk. Her er to omsyn å ta som det ikkje går å sameine.

- No skal den samiske læreplanen og brukas i område der norsk er dominerande eller einerådande som undervisningsspråk. Men blir det laga lærebøker på norsk etter dei samiske læreplanane?

- Det er virkelig 10.000 kroners spørsmålet. Så langt er det ikkje kome nokre lærebøker på norsk. Men det er sjølvsagt eit vilkår at det må komme, og det må drøftas grundig. Men vi må ikkje ta av midlene til samiskspråklige bøker, dei er knape som det er. Vi må ha friske midler til dette, og det trur eg og dei ser i KUF. Vi ønsker oss at bøker kjem i parallellutgåver på samisk og norsk.

- Du bur sjølv i ein kommune som ikkje er under språkforvaltningsområdet. Ka betyr da samisk læreplan for dokker?

- Det er rett at ingen elevar her i Skånland får opplæring etter den samiske læreplanen. Men den nasjonale læreplanen seier at ein stor del av undervisninga skal vere lokalbasert, og her er det naturlig å trekke inn stoff frå den samiske læreplanen. Derfor reknar eg med at han vil bli brukt som ein kunnskapsbase og idebok for store område som ellers følger den nasjonale planen. Den nye læreplanen for samisk som andrespråk er eit stort framsteg for oss. No er det føringar i denne læreplanen som er forpliktande for kommunane, vi kan bruke denne til å kreve f.eks. språkbad, og vi vil bruke denne aktivt i arbeidet for å få eit samisk språksenter for Sør-Troms / Ofoten.

- Ser dokker behov for å gjøre endringar i planen etter den kritikken som har kome?

- Eg er iikkje innstilt på å gjøre endringar i planen før vi har prøvd han ut. Eg trur mye av kritikken vil roe seg ned når folk får prøvd han i praksis. Men sjølvsagt må vi evaluere planen når vi har hatt han i bruk ei stund.

Vi flyttar!

Av dei seks kommunane i forvaltningsområdet er det tre der det har vore motstand mot innføringa av samisk læreplan. I Porsanger har det vore diskusjon, men ingen organisert motstand. I Gáivuotna / Kåfjord har fleirtalet av foreldra på eit par skolar skreve under på at dei ikkje vil ha den samiske læreplanen.

Men det er i Deatnu / Tana at det virkelig har tatt av. Her er underskriftsaksjonar både for og mot samisk læreplan, her er starta ein eigen foreldreaksjon for nasjonal læreplan, og i fremste rekke i motsanden finn vi Fremskrittspartiet, Høgre lokalt og aksjonen "Nei til Sameland" som blei danna i vår bl.a. for å motarbeide Samerettsutvalet si innstilling. Dei kjørte knallhardt ut og oppmoda til skolestreik.

Den harde kjerna nekta å høre på informasjon om læreplanane, men ville heller reise til Oslo og sette opp telt utafor Stortinget, noko som blei avlyst på grunn av dårlig oppslutning. Etterkvart byrja fronten mot samisk læreplan å slå sprekkar. Mange som først reagerte mot måten planen blei innført på byrja å snu når dei fikk meir informasjon. Dei aller fleste foreldra har no sendt ungane på skolen igjen, i vente på ka den nye regjeringa vil gjøre.

I Tana har og skolesjef og rektorar kasta seg ut i diskusjonen for fullt, rektoren ved den største skolen i kommunen har engasjert seg offentlig mot samisk læreplan og mot at elevane skal velge samisk, noko som har fått fungerande skolesjef til å sette han på plass i avisa og den samiske avisa Min Áigi til å skrive at dersom rektoren ikkje sjølv har vett til å seie opp jobben, så bør kommunen sparke han.

- Det er no mange som seriøst vurderer å flytte herifrå, bl.a. eg, seier leiar for foreldreaksjonen, Torstein Erlandsen. Eg er fødd og oppvokst her, men no blir eg sjuk av å måtte krangle for småting som er sjølvsagte for resten av landet.

- Ka er det dokker har mest mot i den samiske læreplanen?

- Det er først føremålet om at skolen skal styrke samisk identitet hos elevane og at skolen skal hjelpe heimen i oppsedinga av ein ny samisk generasjon. Men også det faglige innhaldet er heilt samiskdominert: sløyd blir duodji, i musikkfaget er det hovudvekt på joik. Vi er likevel ikkje mot den samiske læreplan, men meiner den må vere valgfri.

- Er det aktuelt å kreve individuell rett til å velge læreplan?

- Ein individuell rett blir bare teoretisk, det har ikkje kommunane økonomi til, derfor må skolekretsen velge for alle.

Truseltelefonar

- Da vi starta underskriftsaksjon kom det truseltelefonar til dei som hadde lagt listene våre ute i butikkar og andre stader. Dei fleste listene blei derfor trukke inn. Dette er lavmål på aksjon, og vi veit kem som står bak.

- Er det noko samanfall mellom synet på samisk læreplan og syn på Samerettsutvalget og andre spørsmål?

- Ja i Tana har det generelt blitt det, vi føler det som ei total overkjøring av lokaldemokratiet. Samisk utdanningsråd og Sametinget har jobba for fullt mot KUF for å tvinge gjennom at vi skulle ha samiske læreplanar her. Av 72.000 i Finnmark er det knapt 5.000 i samemanntallet. Med så lite stemmetall har dei blitt ein maktorganisasjon. Vi som ikkje hare stemmerett blir ikkje hørt, Sametinget blir derimot hørt i eitt og alt, og dei er dominert av den ytterliggåande organisasjonen NSR.

- Mens grunnskolen går framover, går vi bakover!

- Eg vil gratulere grunnskolen med dei nye samiske læreplanane, seier Synnøve Solbakken-Härkönen, lærar ved Sámi joatkkaskuvlla Káráójogas eller på norsk Samisk videregående skole i Karasjok. - Dette er eit stort framskritt for samisk skole, men dessverre stoppar det opp når elevane kjem over i vidaregåande skole.

Synnøve Solbakken-Härkönen byrja i januar i år som rektor ved den samiske vidaregåande skolen i Karasjok, men ho har bak seg snart 9 år som rektor eller inspektør ved dei samiske vidaregåande skolane.

- Vi treng ei heilheitlig tenking om utdanning og oppseding i forhold til behova til det samiske samfunnet. Da må vi ha meir samarbeid mellom grunnskole og vidaregåande skole for å få eit samanhangande opplæringsløp. Grunnskolen gir no eit ganske bra grunnlag for å bygge ei utdanning på samisk kultur. Men når ein kjem over på vidaregåande skole, forsvinn dette. Høgskolen er og alt for mye bunde til nasjonale planar, men det skoleslaget som er mest bunde er utan tvil vidaregåande.

Reformen knekte forsøket

Det har lenge vore klart at dei samiske vidaregåande skolane ikkje fyller behovet for ei utdanning for det samiske samfunnet. Dette kom bl.a. klart fram i utreiinga "Handlingsplan for samisk ungdoms utdanningsmuligheter" så tidlig som i 1987. Eit resultat av denne var at skolen i Guovdageaidnu fikk status som forsøksskole i perioden 1990-93, med formålet å " .... (sitat)... ".

Synnøve Solbakken-Härkönen var i denne tida undervisningsinspektør ved skolen. - I forsøksperioden var vi svært optimistiske, det var mogleg å gjøre noko. Da hadde vi håp om å kunne utvikle eit samisk innhald i skolen, og vi hadde både god økonomi og forholdsvis frie hender i dette arbeidet. Vi utvikla da ei treårig utdanning i reindrift og duodji, og vi laga eit tilbod på allmennfag med reindriftsfag og duodjifag som studieretningsfag.

Men så kom Reform 94, da alt skulle inn i samme malen, og mye av det vi hadde utvikla blei stoppa da det ikkje passa inn i Hernes sitt mønster. Duodji grunnkurs gikk inn i formgivingsfag og VK2 i duodji blei til lærlingeordning som låg utafor skolen sitt ansvar. Dei samiske studieretningsfaga måtte vi avskaffe, da dei ikkje lenger passa inn i systemet. Etter at reformen kom er det ikkje lenger mogleg å tilpasse undervisninga så mye til samiske forhold. Det er eit firkanta system der alle tillatte linjer, fag og læreplanar er bestemt sentralt. Først må vi oppfylle alle dei nasjonale krava, så kan vi kanskje få lov å legge til litt samisk innhald, men dette gir ingen formell kompetanse.

Vi har gått inn i ei pessimistisk tid, folk trur ikkje lenger det er mogleg å påvirke. Det virkar som lærarane i stor grad har gitt opp å få til endringar.

Styret for dei samiske vidaregåande skolane har bede KUF evaluere Reformen, slik at vi har eit objektivt grunnlag, ikkje bare synse. Ei slik evaluering ville vere eit godt grunnlag for å arbeide vidare. I vår laga styret ei grundig utreiing om behovet for ei evaluering, men sidan har vi ikkje hørt noko frå departementet.

Lære av grunnskolen

- Det som grunnskolen no har oppnådd er eit argument, det viser ka som er mogleg å oppnå. På samme måten treng vi samiske læreplanar i mange fag, og ikkje minst treng vi ei overbygging, ei "samisk bru" slik som grunnskolen no har fått. Men vi vil ha denne brua først, som eit felles grunnlag som læreplanane skal lagas ut i frå.

- I ka for fag kan det vere behov for samiske læreplanar?

- Først bør det vere sjølvsagt at dei faga som bygger vidare på grunnskolen og bør ha samiske læreplanar der grunnskolen har det. Eg tenker på f.eks. naturfag, samfunnsfag, historie, geografi og religion. I tillegg er det mange studieretningsfag der det er behov for eigne læreplanar med grunnlag i samisk kultur og språk. Det gjeld økonomisk-administrative fag som saksbehandling, i delar av yrkesfaga innafor helse og sosial, hotell og næringsmiddelfag og mekaniske fag. Ein treng sjølvsagt ikkje bytte ut alt i læreplanane, men ein må ha fridom til å ta utgangspunkt i kulturen, nærings-og samfunnslivet i samiske område.

Kulturfag

Bare på dei to samiske linjene reindrift og duodji er det godkjent eigne samiske fag. Etter reformen omfattar dette bare 3 klassar, av i alt meir enn 20 klassar ved dei to samiske vidaregåande skolane.

- Vi arbeider for å få eit eige samisk kulturfag som vi ønsker som eit felles ålment fag for alle studieretningar, med høve til meir fordjupning på nokre linjer. Skolane har samarbeida om å lage ei grovskisse til ka som bør vere med i ein slik plan. Denne har vi sendt til Samisk utdanningsråd og vidare til KUF. Eg veit ikkje kor langt saka har kome. I tillegg ønsker vi å utvikle tilbod innafor kunst og estetiske fag.

- Men vi skal ikkje bare tenke på oss sjølv. Vi har og noko som vi kan gi til andre. Det er tilsaman fleire samiske elevar ved dei fylkeskommunale vidaregåande skolane enn ved dei statlige samiske vidaregåande skolane. Både av omsyn til dei og til dei ikkje-samiske elevane som og treng opplysning om samiske forhold må vidaregåande på same vis som grunnskolen få samiske stolpar i dei nasjonale læreplanane.

"Privatpraktiserande lærar"

- Så lenge vi ikkje har samiske læreplanar er ansvaret for at undervisninga blir tilpassa til samiske forhold opp til den einskilde læraren. Det burde vi for lengst ha kome bort frå. I læreplanane våre krevas det ikkje at læraren underviser i samisk historie, og da kan heller ikkje skolen pålegge historielæraren dette. Det samiske må vere fastslått i læreplanar slik at ingen kan ta det bort. Ansvaret for å gi god utdanning skal vere på systemnivå, ikkje opp til læraren si vilje og kompetanse.

Så lenge vi ikkje har samiske læreplanar får vi heller ikkje eigne lærebøker og læraren kan ikkje kreve etterutdanning i dei emna som vi har bruk for, men som dei oftast ikkje har fått i grunnutdanninga si.

Dilemma

- Dilemmaet vårt er at vi ønsker undervisning på samisk, samtidig ønsker vi å rekruttere elevar frå heile det samiske området. I Guovdageaidnu forsøkte vi å løyse dette med å sette igang intensivkurs i samisk språk og kultur. Men dessverre kom det ikkje meir enn to søkarar, så det blei det ikkje noko av i første omgang.

No må skolane vakne! Skolen og styret for de samiske videregående skolen har ikkje klart å samle kreftene. Vi må ha visjonar som går lenger enn bare å gjennomføre alt som kjem frå departementet, og vi må arbeide systematisk for å nå måla.

Samfunnet endrar seg fryktelig fort. Ikkje minst endrar ungdomskulturen seg. I det samiske samfunnet spelar skolen ein mye større rolle enn før, han har ei avgjørande rolle i å bevare og utvikle samisk språk og kultur. Skolen skal ikkje vare bli påvirka av samfunnet, han skal og påvirke samfunnet.

Sametinget: - Neste skritt

Sametinget har stått hardt på for å få samiske læreplanar i grunnskolen og vi er glade for dei læreplanane som no ligg føre. Men når det gjeld vidaregåande skole har vi gjort for lite. Det må no bli det neste skrittet, seier avtroppande sametingspresident Ole Henrik Magga, og legg til at det er like stort behov for samiske læreplanar i vidaregåande skole og i høgskolen som i grunnskolen.


Fleire artiklar om samiske spørsmål | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Til AKP si heimeside