AKP-arkivet

Endelig samisk på data for alle

av Svein Lund Oversikt over e-post-adresser

Artikkelen er publisert i Klassekampen 10. november 1998.


Fleire artiklar om samiske spørsmål | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

For første gong har nå program for å skrive samisk på datamaskin blitt gratis tilgjengelig for alle. Men programmet har vore svært forsinka og enno er det ein del arbeid som gjenstår før det har blitt like enkelt å skrive samisk som å skrive norsk.

Å skrive samisk på datamaskin har vore eit problem sidan dei første datamaskinane kom. Dei sju spesielle bokstavane i det samiske alfabetet har skapt problem fordi dei ikkje har vore inkludert i verken tastaturet eller i dei skrifttypene som følger med når ein kjøper eit vanlig dataprogram. Utallige lokale løysingar har vore lansert, men dei har oftast ikkje vore kompatible med kvarandre, og verken dei store programvareprodusentane eller styresmaktene brydde seg. For eit par år sidan oppnemnde så Sametinget Samisk datautval til å løyse saka. Etter ei anbodsrunde fikk Karasjok-firmaet Arcticnet jobben med å lage ei løysing som skulle vere kompatibel med alle dei gamle og som kunne delas ut gratis.

I desember i fjor offentliggjorde Samisk datautval at løysinga ville komme i januar 1998. Men da Klassekampen skreiv om saka i februar var det kome nye problem og ein rekna med eit par månaders ytterligare venting. Så blei det altså 20. oktober.

Fra kaos til orden

Frå midten på 80-talet og fram til i dag har det vore eit einaste virvar. Det har vore eigne løysingar for forskjellige operativsystem (Mac, DOS, Windows) og for forskjellige tekstbehandlingsprogram. Bare for Windows skal det finst eit tital forskjellige program, noko som gjør at om ein sender eit brev på samisk på e-post kan det godt bli uforståelig i andre enden, om mottakaren har eit anna program. Ein har ikkje ein gong vore samde om kor på tastaturet dei samiske bokstavane skulle ligge. Det programma har hatt felles er at dei har vore dyre, frå ein tusenlapp opp til 12.000 kroner på det verste for å kunne skrive samisk på ein maskin.

Men no er det slutt på å måtte betale. Ei løyving frå Samisk næringsfond på ein halv million gjorde at ein kunne kjøpe fri ei løysing som alle kan få på diskett frå Sametinget eller hente ned frå Internett, f.eks. frå Samisk språkråd (www.samisk-sr.no) eller frå "Virtual Samiland" (www.ahlo.no). Her kan ein velge seg anten Windows eller Mac etter ka slags datamaskin ein har. Windowsløysinga skal virke både for Windows 3.1, 95, NT og 98. Men for Windows 98 kan det lett skjære seg, og den som skal prøve dette bør først undersøke ka ein må gjøre for å unngå det. Etter å ha overvært nokre diskkrasj med formattering av harddisk og nyinnlegging av heile Windows 98, er vi dessverre enno ikkje istand til å svare på kordan ein skal få det til. Men i Samisk datautval seier dei at dei er klar over problemet og at det vil snart komme ein eigen versjon for Windows 98.

Ingen enkel sak

Så om det er slutt på å betale for å skrive samisk, kan ein knapt seie det er slutt på ekstraarbeidet. Det er dessverre ikkje så enkelt at ein bare kan sette inn ein diskett og så går resten av seg sjølv. Først må ein finne programmet, f.eks. frå ein av internettsidene som er nevnt over. Så må ein laste det ned, men instruksjonen er så langt ikkje riktig god.

Og for dei med samisk som morsmål, som vel dei fleste brukarane av dette programmet vil ha, må det vere litt rart å lese i instruksjonen: "To toggle between your native language and sami use ...." ("For å skifte mellom ditt innfødte språk og samisk, bruk ...". )

Instruksjonen på samisk ser i tillegg ut til å vere skreve med dei fontane som ein skal laste ned, med andre ord er instruksjonen knapt leselig før ein ikkje treng han meir.

- Vi er klar over at vi må gjøre noko med instruksjonen, seier Roy Amundsen ved Sametinget. Han lovar at i løpet av få dagar vil det vere ei grundig rettleiing klar på både samisk og norsk. Da vil ein kunne få denne i lag med programmet på diskett ved å kontakte Sametinget.

Ka med gamle dokument?

Eit problem med ein slik overgang er at alt som er skreve på samisk på data til no er skreve i gamle system og forsøker ein å lese det i det nye systemet vil det bli mange kråketær istaden for forståelige bokstavar. Derfor trengs det eit konverteringsprogram som automatisk omset til det nye systemet. Dette programmet som ifølge datautvalet si pressemelding skulle følge med, var ikkje å vfinne verken på heimesidene til Samisk språkråd, det svenske Samenet eller det finske Sametinget. Skal ein finne dette programmet må ein leite på "Virtual Samiland" (www.ahlo.no), som er heimesidene til leiaren for Samisk datautval, Audun Lona. På dei andre stadene der dei samiske fontane er lagt ut fann i alle fall ikkje vi noko konverteringsprogram. Vi har prøvd å konvertere frå gamal løysing (Winsam) til ny (Levi). Det virka, men særlig lettvint var det sant å seie ikkje. I tillegg kan ein konvertere andre vegen, mellom gamal og ny løysing for Mac og mellom Mac og Windows.

For den som er vant med å skrive samisk i gamle program er det ein del nytt å venne seg til. Positivt er det at dei norske bokstavane æøå no er tilgjengelige utan å bytte tastaturdrivar. Derimot leitar ein forgjeves etter ein av dei meir sjeldne boktavane i det samiske alfabetet, "¼". Denne viser seg å ligge på AltGr T, men sjøl der er det ikkje sikkert ein finn han utan vidare. I nokre versjonar av Word for Windows må ein først gjøre nokre endringar i oppsettet for å få rette teikna fram. Men når det er gjort ein gong for alle, virkar det bra.

Det er seks forskjellige fontar eller skrifttyper som følger med. Disse har ikkje blitt særlig godt mottatt, mange brukarar meiner dei er tyngre å lese enn dei gamle. Det er ikkje planar om å oppdate gratisprogrammet med fleire skrifttyper. Derimot er ein fontprodusent igang med å lage andre skrifter for samisk, men dei vil da bli til salgs. Ein vil altså kunne skrive gratis på samisk, men skal ein ha tilnærma samme valmoglegheiter som på norsk med å velge skrifttyper, ja da må ein framleis betale. Dette problemet gjeld først og fremst dei som har ein enkel heime-PC. For større nettverk brukas ofte operativsystemet Windows NT. Og der skal ein kunne bruke alle fontane, etter som dette bygger på Unicode som har plass til omlag 40.000 teikn, mens andre maskinar bygger på ASCII med bare 256 teikn.

Men sjøl om programmet har ein del barnesjukdommar, er det ingen grunn til ikkje å ta det i bruk. Det finst ikkje lenger noko orsaking for ikkje å skrive samisk for dei som kan det, eller for ikkje å gjengi samiske stadnamn rett på trykk for norske aviser og andre publikasjonar.


Fleire artiklar om samiske spørsmål | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Til AKP si heimeside