20. mars 2003

Sunniva Schultze-Florey
er elevrådsleiar ved Bergen yrkesskule, listetopp for Hordaland RV og med i AKP

Ikkje rasér skulane våre!

Hordaland fylkeskommune har lite pengar. Etter at staten tok over sjukehusa, har det vorte endå verre. Fylket si løysing er å spare pengar ved å kutte i vidaregåande skule, skulesamanslåing.

Fyrst skulle dei slå saman tolv skular til seks "storskular", men etter "sparegruppa" sitt arbeid (komite nedsett på fylkestinget i desember, som skulle sjå om det fantes andre sparetiltak i skulesektoren) har det vorte redusert til fire. Desse fire er Sotra vidaregåande og Sund vidaregåande, Laksevåg gymnas og Laksevåg vidaregåande, Lindås gymnas og Nordhordaland vidaregåande og til slutt Krohnsminde vidaregåande og Bergen Yrkesskule. Med desse samanslåingane skal dei spare 3,2 millionar. Desse samanslåingane vart vedtekne av fylkestinget 12. mars, mot RV og SV sine sju røyster.

Eg er elevrådsleiar på Bergen yrkesskule, og eg er imot å slå saman desse skulane. Bergen yrkesskule er Hordaland sin største skule med 800 elevar.

Han er, som namnet seier, ein yrkesskule med dei fleste yrkesfaglege studieretningar. Krohnsminde vidaregåande har ein blanding: hotell og næring, estetisk allmenn, vanleg allmenn og allmennfagleg påbygning. Dei har 360 elevar. Med økt elevtal (fleire elevar på ungdomsskuletrinnet) vert dette ein storskule med nærare 1.400 elevar. Han vert Noregs nest største skule (nest etter Sogn vidaregåande i Oslo med over 1.400 elevar).

Konsekvensane av ein så stor skule er mange. Allereie med 800 elevar har me mange problem. Mykje rusmisbruk, mobbing, einsemd for å nemne litt. Skulen er kjent for store problem med rusmisbruk. Hausten 2001 døydde det ein elev grunna misbruk. Hadde me hatt fleire miljøarbeidarar, hadde det kanskje vore mogleg å hjelpa eleven. Eg seier ikkje at han hadde overlevd, men sjansane hadde vore større.

Fylket vil ikkje berre slå saman skular, men dei skal også kutte i stillingane.

Dei vil kutte ein rektor. Dette fører til dårlegare eller ikkje-eksisterande elevdemokrati. Allereie no er elevdemokratiet dårleg. Dette fordi sakshandsaminga tar så lang tid og skulen er så stor, med så mykje problem, at rektor har for mykje å gjera.

Fylkeskommunen ville opprinnleg kutte ein elevinspektør og redusera stillinga som vart att. Etter "sparegruppa" sitt arbeid har dei kome fram til at dette må ikkje hende. Det ville fått store konsekvensar for ein så stor skule. Elevinspektøren hjelper elevar med sosiale problem, og ho er ein person som elevane stoler på, mykje meir enn me stoler på til dømes rådgjevarane. Me har mange elevar på skulen som kjem frå distrikta og flytter på hybel når dei byrjar på BY. Dei treng ekstra oppfølgning, det er som kjent ikkje lett å flytta på hybel i ein alder av seksten år. Om skulen vert endå større er det store sjansar for at hybelbuarane ikkje vert sett. Dette fordi dei gjerne ikkje kjem til elevinspektør eller rådgjevar med sine problem, men vert sett av medelevar eller lærarar og elevinspektør. Elevinspektørane bør ikkje ha fleire enn 400 elevar kvar.

Fylket vil og redusera stillinga som systemansvarleg. Datatilbodet på skulane er per i dag altfor dårleg, og om denne stillinga vert redusert vert datatilbodet uforsvarleg. På BY er det berre media og kommunikasjon som har fast tilgang til datamaskin og dei er om lag 60 elevar. Me 740 andre må dela på omlag 40 datamaskinar! Alle dei fine orda om å satsa på data vart berre fine ord.

Desse tinga som er lista opp her er ikkje unike for situasjonen ved Bergen yrkesskule. Det er dei same konsekvensane ved kvar skule som er truga av samanslåing.

Rekruttering til industrien

Sjølv om me les i avisa nesten kvar dag om ein bedrift som er nødd å permittera tilsette, bedrifter som flaggar ut, bedrifter som går konkurs, treng industrien fleire arbeidarar. Særleg fleire kvinner. Industrien er veldig mannsdominert. På Mjellem og Karlsen var det 6 kvinner av 486 arbeidarar. På avdeling for mekaniske fag på Bergen yrkesskule går det omlag 100 elevar. Av dei er tre jenter.

Yrkesskulen er den viktigaste rekrutteringskjelda for kvinner til industrien. Det er veldig få kvinner som omskulerar seg frå til dømes offentleg sektor til industrien. På Stord yrkesskule, på linja Plate og sveis VK1, går det fire elevar. Industribedriftane på Stord, Leirvik Sveis og Aker Stord, treng 24 lærlingar i plate- og sveisefag.

Medan me på Bergen yrkesskule for tre eller fire år sidan hadde parallellklasse på Plate og sveis VK1, så har fylkeskommunen valt å leggja ned. I skuleåret 2002-2003 var det så lang venteliste at me kunne ha fylt opp ein og ein halv klasse til.

Det står dårleg til med utstyret på BY. Me har 30 år gamle dreiebenkar og andre maskinar. Dette gjeld for alle linjene unntatt den nyoppstarta media- og kommunikasjonslinja. Det skulane eigentleg skulle ha trengt, var eit økonomisk løft til å kjøpa nytt utstyr, tilsetta miljøarbeidarar og pussa opp skulane.

Dei fem neste åra vil Hordaland få ein enorm elevvekst. Det me treng no er å byggja ut skulane, ikkje kutta elevplassane!

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside