18. juni 2003

Jan Erik Skretteberg
er tidlegare kioskmedarbeidar og med i AKP og NKS ved Universitetet i Oslo

Politiske parti skor seg på folk sin naud!

Aftenposten 17. juni kunne melde at fleire lokallag av DNA, Venste og Frp får innkomer gjennom speleautomatar og bingo. Dette er spekulativt og syner kor langt dei borgarlege partia er viljuge til å gå for å tene ekstra pengar til valkampen.

Speleautomatar er i utgangspunktet heilt forkasteleg, tykkjer eg. Eg har sjølv jobba i kiosk og sett korleis folk har spela bort tusenvis av kroner i løpet av ein halvtime eller mindre. Tusen kroner, for dei fleste er dette minst ei dagsløn føre skatt. At ideelle organisasjonar som Raudekrossen også tener pengar på folks sjukdom og avhenge, er forkasteleg. Eit lite søk på ordet "spillegalskap" på internett syner artiklar som skriv at born heilt ned i 6-7-årsalderen stel frå foreldra sine for å spela. Born spelar for milliardar årleg. Ei undersøkjing utført av Feedback i 1997 på oppdrag av Norsk Tipping synte dette. Etter desse avsløringane vart det innført 18 års aldersgrense for spel på speleautomat, men dette har berre i liten grad hjelpt på problemet. No er det komen endå ei ny lotterilov, men denne lova vert ikkje sett i verk føre 2006: då skal talet automatar bli redusert frå dagens 19.000 til 10.000, Norsk Tipping får einerett på drift og dei får berre lov til å stå på stader som storkioskar, barar, restaurantar og spelehallar av ymse slag. Dei skal bort frå butikkar og kjøpesenter.

Overskotet av folk sin sjukdom går pr i dag av og til til organisasjonar som Raudekrossen, Redd Barna (!), eller Redningsselskapet ,og no også tydelegvis til dei politiske partia, men det er også privatpersonar som eig automatane og tek ut overskotet. Dette er likeså gale som at dei politiske partia gjer det, men eg hadde venta ei litt anna moralsk haldning til det frå i alle høve DNA og Venstre.

Men over til tala; ein går ut frå at det finst minst 30.000 spelegale her i landet. Norge har den mest liberale spelepolitikken i Europa, og paradoksalt nok syner all statistikk at det er dei som har minst, som spelar mest. Som eit døme kan dei som bur i Oslo samanlikne aust- og vestkanten. Jaudå, det er hyppigare med speleautomatar på austkanten enn på vestkanten. Og det er spela kor du ikkje treng kunnskap, kor du kan vinne pengar med ein gong, som er fårlegast. Dei spelegale spelar på automatar, dei kjøper skrapelodd og nokre spelar hardt på hest i kioskar kor ein overfører dagens travløp direkte. Spelegale spelar ikkje i så stor grad korkje på lotto, vikinglotto eller fotballtipping/oddsen. Lotto har trekkjing berre ein gong i veka, og fotballtippinga må (bør?) ein ha kunnskap for å vinne på. Difor er ikkje dette så fårleg for folk å drive med. Det er i alle høve mine røynsler som kioskmedarbeidar.

Men kvifor kan ikkje den nye lova setjast i verk før 2006? Kan hende er det for at partia vil ha med seg utbyttet føre dei to neste vala?

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside