11. mai 2003

Ingrid Baltzersen
er Palestina-aktivist og med i arbeidsutvalet i AKP

Vegkart for fred eller ny katastrofe?

15. mai markerer palestinarane an-Nakba, katastrofa. Det er ei markering av datoen for opprettinga av staten Israel, 15. mai 1948, som førte til at flesteparten av palestinarane no lever som flyktningar.

I ly av krigen mot Irak har USA pressa palestinarane til å bli med på ein ny fredsavtale, den såkalla "roadmap to peace", vegkart for fred. For å få gjennom denne avtalen har dei pressa dei palestinske myndighetene til å utnemna Mahmoud Abbas til statsminister. Abbas vert sett på som ein representant for det palestinske diplomatiet, og er klar for å gjera store innrømmingar til Israel. Abbas er utnevnt av det palestinske parlamentet, men dei er pressa til dette av amerikanske myndigheter som nekter å samarbeida med Yasir Arafat, fordi Arafat vert sett på som ein representant for den væpna frigjeringskampen. Abbas sa i innsettingstalen sin at alle uautoriserte våpen skulle samlast inn, og at all terrorisme skulle stoppast. Han definerte dermed ikkje nokon skilnad mellom væpna motstand og terrorisme.

I vegkartet blir palestinarane lova, viss dei oppfører seg bra, ein slags provisorisk stat. Men vegen til den staten er bygd på store innrømmingar frå palestinarane si side. Israelarane har lova å ikkje gjera noko som underminerer tilliten, mens palestinarane skal stansa all væpna kamp og konfiskera alle våpen. Israelarane har enno ikkje gjort noko for å visa at dei ikkje vil "underminera tilliten" - nesten samtidig med at avtalen vart underskriven, drap dei 13 personar i Gaza for å ta ut ein leiande Hamas-aktivist.

Vegkartet er fylt med konkrete tiltak palestinarane skal gjera, mens dei vert ikkje lova noko konkret. Alle punkta under den siste fasen av vegkartet (som skal skje i 2004-2005 om alt går etter planen), er utan konkret innhold, men skal innebera ein permanent status og slutt på konflikten. Palestinarane skal altså avvæpna seg fullstendig, utan konkrete lovnadar på nokon av dei viktige spørsmåla: eigne grenser, løysing av flyktningeproblemet, Jerusalem og avvikling av israelske settlements.

Viss israelarane får det som dei vil, kjem den palestinske staten til å vera makteslaus, sperra inne av israelske grensepostar og settlements, og med ei leiing som ikkje har makt til å stå i mot israelsk press. Dette vil føra til interne konflikter i Palestina, og til at dei som har mogleik flytter ut for å prøva å starta eit betre liv ein annan stad.

Al-aqsa-intifadaen og spesielt krigen mot Irak har skapa ei ny rørsle i Midtausten. Folk organiserer seg politisk, og dei reiser for å delta militært i kampen mot amerikansk okkupasjon av Irak. Me får håpa at denne nye mobiliseringa fører til ein slutt på dei amerikanske og israelske okkupasjonane i Midtausten, og hindrer nye katastrofer.

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside