5. mars 2003

Terje Valen
er lærar og med i sentralstyret i AKP

Frå utsettinga til endringa sitt århundre

Vi skriv ofte dagsaktuelle saker under overskrifta "Meining i dag". Denne gongen vil eg skrive noko som vil vere aktuelt lenge, og som du kan ta med deg i det meste av det politiske, økonomiske, sosiale, kulturelle osb. arbeidet ditt. Det handlar om den store endringa i verdshistoria som vi står midt oppe i no.

Den kjende engelske historikaren Eric Hobsbawn gav i 1994 ut fjerde band av sitt store verk om verdshistoria frå den franske og den industrielle revolusjonen fram til 1990. Han kalte det The Age of Extremes. The Short Twentieth Century. 1914-1991. Boka kom på norsk (Gyldendal) i 1997.

Eg meiner at Hobsbawn er ein svært lærerik historikar, men at han tar feil når han karakteriserer tida 1914-1991 som "ekstremismens tidsalder". Etter mi meining er det omgrepet "utsetting" som best fangar hovedtendensen i det forrige århundret. Eg har derfor kalt 1900-talet for utsettinga sitt århundre. Dette sett opp mot det 21. århundret der eg meiner at hovedtendensen, som vi har sett utvikle seg frå om lag 1980 av, er endringa sitt århundre.

Kva er det då eg meiner er utsett? Jau, det er kapitalen si universelle utvikling i full fridom frå alle skrankar av tidligare samfunnstilhøve, utan område som ligg utanfor han (dei tidligare sosialistiske statane) og all politisk reformisme. Det tyder at det er kapitalismen si raske utvikling i retning kommunisme som er blitt utsett.

Dei tidligare samfunnstilhøva var først og fremst kjenneteikna av sjølvforsyningsverksemd i kanten av og utanfor den kapitalistiske marknaden, Særleg i jordbruket. Reformismen var av to slag. Han var anten demokratisk eller despotisk. Den demokratiske reformismen var kjempa fram først av det framveksande borgarskapet og så av arbeidarklassen og samfunnsskikt og enkelpersonar som hadde fordel av demokratiske rettar innen det rådande borgarlige klassestyret eller klassediktaturet om du vil uttale deg meir direkte.

Det framveksande borgarskapet skapte den politisk retninga som vi kallar sosialliberalismen under trykk frå den framveksande arbeidarklassen. Seinare skapte den meir mogne monopolkapitalen (med finanskapitalen i spissen) den politiske retninga vi kallar sosialdemokratiet - under press frå ein arbeidarklasse som kjempa for levekåra sine og som lenge fann inspirasjon i dei nye sosialistiske statane. Når visse statar kom under sterkare press frå arbeidarklassen, og den herskande klassen ikkje klarte å stagge han med sosiale reformar, slik at herskarane kjente det som om statsmakta deira virkeleg var truga, til dømes av sosialistiske revolusjonar, så pressa delar av monopolborgarskapet i desse statane fram despotisk reformisme i form av militærdiktatur, fascisme, nazisme og liknande.

Fascisme og nazisme skilde seg frå militærdiktaturet ved at dei bygde opp masserørsler på grunnlag av dei problema som kapitalismen sjølv skapte, og brukte desse rørslene til å sikre kapitalen si makt ytterlegare. Grunnlaget for dette var og er at kapitalismen er ei samfunnsform der dei virkelege tilhøva mellom menneske blir forvrengde og skjulte, slik at det som du umiddelbart ser og opplever som løysing på problema dine, som regel ikkje er det. Det er ei samfunnsform som er vel eigna for at demagogar kan vinne fram for ei tid med problemløysingar som bare gjør problema verre for det arbeidande folket på sikt.

Alle desse politisk-økonomiske retningane hadde som mål å halde oppe kapitalismen, samstundes som dei gav det arbeidande folket visse førmuner for ei stund. Til og med nazismen fekk dei arbeidslause ut av køane og inn i arbeid eller militæret. Nokre havna riktignok i fengsel eller vart drepne heilt frå byrjinga og etter kvart vart krig og konsentrasjonsleirar hovedsida.

På 1900-talet vart kapitalen si utvikling forseinka og forlenga særleg gjennom dei tidlige forsøka på å skape kommunisme og gjennom den sosialdemokratiske politikken som omgav kapitalismen med visse sosialistiske former som hindra den frie utviklinga av han. 1900-talet var derfor i hovudsak Bernstein (reformismen) sitt århundre, og ikkje Lenin (revolusjonen) sitt århundre.

No er skrankane som hindrar kapitalen si frie utvikling i ferd med å blir fjerna svært raskt, også i Norge. Når vi ser det i samanheng med kor høgt utvikla kapitalen no er, og med dei enorme motseiingane som kapitalen står oppe i, og med dei stadig større rørslene mot krig og imperialisme og mot den imperialistiske globaliseringa, då trur eg vi kan våge å seie at det 21. århundret er i ferd med å blir endringa sitt århundre.

Førebels trur framleis dei fleste som er uroa for utviklinga at det 20. århundret sin reformisme kan løyse kapitalen sine problem. Derfor får Attac og SV stor oppslutnad no, saman med DNA og Frp. Men utviklinga går raskt. Reformismen blir vanskeligare og vanskeligare å støtte i lengda, fordi han ikkje løyser noko grunnleggande problem - og valet kan fortare enn folk vil tru, komme til å stå - ikkje mellom demokratisk reformisme og sosialistisk revolusjon - men mellom dette siste og despotisk reformisme (fascisme i ei eller anna form). Då er det viktig at ikkje den despotiske reformismen erobrar arbeidarklassen og folket. Stadig fleire vil sjå dette. Då er det for alvor tida for revolusjonære organisasjonar som RV, AKP og RU.

Som strategiske og propagandistisk parolar må vi no derfor reise både arbeidarklassen sin revolusjon og kamp for ein demokratisk sosialisme og ein sosial kommunisme. Allereie no er parolen opphev kapitalismen med sitt marknadssystem ein agitatorisk parole som mange vil slutt opp om. Dette må vi koble saman med forsterka innsats i kampane for det arbeidande folket sine daglige behov og for demokrati og for fridom frå krig, fattigdom og elende.

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside