1. februar 2003

Erling Folkvord
er bystyremedlem i Oslo for Raud Valallianse og med i AKP

Skal Oslo-byrådet endeleg få hemn
for gamle nederlag mot Blitz?



Byrådspartia i Oslo vurderer no om dei skal drive ut Blitz frå Pilestredet 30c ved hjelp av gammaltestamentleg juss.

Da Høgre var byrådsparti aleine og prøvde å bli kvitt Blitz, gjekk dei på eit skikkeleg nederlag. RadiOrakel og dei andre i Blitzhuset presenterte seg sjølve så grundig og sakleg at Høgre tapte både ordskiftet og avstemninga i bystyret. Bystyret vedtok at tre bygningar skal setjast i stand og at det sjølstyrte ungdomshuset skal leve vidare i den eine. Eg forstår at dette var sårande for dei mest maktglade og at nederlaget ga hemnlysta næring.

Du treng ikkje vere stor analytikar for å sjå at den nye planen om å la ein privat utbyggar kjøpe både Blitzhuset og barndomsheimen til Munch, er ein ny taktikk for å bli kvitt eit ungdomsmiljø som på allsidig vis har utfordra både rasisme og allslags høgre-politikk.

Onsdag kveld demonstrerte Blitz utafor Rådhuset. Nokre av deltakarane knuste glasrutene i inngangsdøra. Det er eit opplagt tilfelle av skadeverk som er straffbart etter norsk lov. Og i dei siste hundreåra har det vori vanleg skikk at dei som bryt lova, får straffa si etter at ein domstol har vurdert bevisa.

Men no vil sterke menn i bystyret heller ta saka i eigne hender. - La oss sjøl kaste RadiOrakel og alle dei andre ut av Blitzhuset med ein gong! Slik var kampropet i rådhuskorridorane torsdag og fredag. Med forbehold om at dimensjonane er ulike, lurer eg på om dei hentar inspirasjon frå rettspraksisen som er skildra i femte mosebok. Der kan vi nemleg lese at Herren sjøl ga klår beskjed da det spreidde seg eit rykte om at ugudelege menn hadde propagandert for framande gudar: "Viser det seg virkelig å være sant at noe så avskyelig har funnet sted hos deg, skal du hogge ned innbyggerne i denne byen med sverd… Så skal du brenne opp hele byttet som et heloffer til herren din Gud."

Sjøl om både RadiOrakel og Blits er prega av ugudelege kvinner og menn, trur RV det er best for Oslo om byråd Tornås frå Kristeleg Folkeparti ikkje får lov å følgje Høgres og Herrens ord i dette tilfellet.

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside