Historie- og angerdebatten

I november 2000 hadde TV2 i programmet Rikets tilstand harde angrep på AKP (og tidligere medlemmer i partiet) på bakgrunn av partiets syn på forholda i Sovjet, Kina og Kampuchea. På disse sidene gjengir AKP en del innlegg i debatten som fulgte.

Tilbake til oversikt over historiedebatten | Til AKPs hjemmeside

Bak hjerneteppet

av Håkon Kolmannskog (Klassekampen 7.12.2000)

Når Helskog, Hegge og co slår til med ein antikommunistisk runde om 1970-talet blir det debatt og stor ståhei. Jørgen Hattemakar lyt stå til ansvar for alt han har gjort – og meir til – medan Kong Salomo kan krenkja kven og kva som helst utan at dei velfødde hoffskaldane på Torstrupkjellaren finn det «journalistisk interessant».

Dette visste vi frå før. Det vi ikkje visste, var at høgreideologane skulle få så lett match. Vi har vore vitne til ei defensiv venstreside, representert ved sentrale medlemmer av AKP, som ikkje evnar framstå som ihuga ambassadørar for eit nytt og betre samfunn. Eit drama der den sosialistiske sida «forsvarer» sine eigne feilgrep ved å peika på gruvelege overgrep også frå den andre sida, er knapt eigna til å gje folk tru på eit alternativ til kapitalismen.

Meir inspirerande har det vore å lesa Klassekampen, der ein finn tilløp til seriøs drøfting av den sosialistiske idehistoria. Vi må gå inn i slike spørsmål: Korleis vart ein frigjeringsteori til herskarideologi? Kva var det materielle grunnlaget for nederlaget til sosialismen, og kva var det ideologiske grunnlaget? Kva er samanhengane, og kva har vi lært for framtida?

Dagskamp ikkje nok

Som aktiv i å byggja opp eit revolusjonært miljø – Rød Front på Blindern i Oslo – veit eg at det ikkje finst nokon veg utanom dei grunnleggjande spørsmåla. Og difor er det også litt deprimerande å lesa debatten i Klassekampen om dagen, til dømes Jorun Gulbrandsens svar (KK, 20.11.2000) til ein artikkel av Magnus E. Marsdal (KK, 18.11.2000). Kjære Jorun Gulbrandsen: Kva skal til for at du skal bli med og diskutera innhaldet i kritikken av den såkalla ml-tradisjonen med andre på venstresida? Alt du har å melda er retoriske krumspring om slikt vi alle veit frå før: Vi veit at revolusjonære ikkje kan unngå åtak frå borgarskapen og høgresida ved å «ha demokratiske program». Og vi veit at sosialistar i Noreg har mykje å takka aktivismen til AKP (m-l) for, denne avisa burde vera døme godt nok dersom nokon er i tvil.

Problemet er dette: Når vi blir utfordra i ideologiske spørsmål, nyttar det ikkje å svara med «kampen her og no». Jorun Gulbrandsen skriv at diskusjonar om stalinismen «har i hvert fall ikke satt særlige merker i min hukommelse. Jeg tror de fleste av oss var fryktelig travle med kampen her og nå.»

Det er ingen tvil om at den konkrete kampen må vera motoren i ei revolusjonær rørsle. Men dagskamp er ikkje nok. Vi kan ikkje streika oss inn i sosialismen.

Vi merkar godt gjennom arbeidet i Rød Front at det ikkje tek lange tida frå nye folk kjem i kontakt med det revolusjonære miljøet, til dei stiller grunnleggjande ideologiske spørsmål om sosialdemokrati og stalinisme. Har vi ingen svar å gje dei, så har vi ingenting – det finst inga revolusjonær rørsle utan revolusjonær teori. Difor er det ein hån mot kampen for sosialismen å svara med «kampen her og no», og ikkje gå inn på dei teoretiske utfordringane.

Klassestandpunkt

Om vi fyrst er samde om dette, at dagskampen ikkje er nok, kan vi diskutera lærdomar for framtida. Dette er vi som er aktive i Rød Front opptekne av. Vår oppfatning er at det er ein stor feil å tru at statleg overtaking av ressursar og kapital i seg sjølv gjev sosialisme. Poenget med sosialismen er å erstatta produksjon for profitt med produksjon for behov, det er å skapa ein økonomi styrt av og for arbeidarklassen. I eit slik byggverk kan ikkje «demokrati» vera eit sterkt ynskjeleg «ekstrautstyr», noko vi «gjerne ser at er til stades». Eg ser ikkje korleis det skal vera mogleg å tala om sosialisme, dersom ikkje arbeidarklassen – som i Noreg er fleirtalet – har den politiske makta på alle nivå i staten. Og eg ser ikkje korleis dette skal vera tenkbart anna enn gjennom eit langt meir utstrekt demokrati – på alle vis – enn vi har i dag. Det handlar sånn sett ikkje berre om «demokrati» – dette er eigentleg eit spørsmål om klassestandpunkt.

Det einaste alternativet til ein slik definisjon av sosialismen må vera å meina at statleg overtaking av ressursane er tilstrekkeleg, berre det finst ein opplyst elite som styrer skuta («fylt av arbeidarklassens revolusjonære energi», som Lenin skreiv). Dette har vore ei vanleg oppfatning av sosialismen, til dømes i den klassiske «marxismen-leninismen», slik han vart konstruert i Sovjetunionen under Stalin.

Tre spørsmål

Desse to syna på sjølve definisjonen av sosialisme står framleis mot kvarandre. Då trengst det ordskifte. For om vi ikkje veit kor vi står i slike spørsmål, er vi ikkje i stand til å gå offensivt i gang med å vinna folk for sosialismen.

For å sjå om vi kan bli samde, eller i alle fall sortera usemjene, stiller eg desse tre spørsmåla til Jorun Gulbrandsen:

  1. Meiner du vi kan definera sosialisme på ein måte som ikkje gjer demokratiet til ein naudsynt, «innebygd» del av sjølve definisjonen (av sosialismens «basis»)? Kva definisjon er i så fall dette?
  2. Dersom du sit i ei sosialistisk regjering, fem år etter ein sosialistisk revolusjon, og eit parti regjeringa meiner har sterkt reaksjonære trekk vinn eit fredeleg stortingsval: Bør regjeringa gå av?
  3. Du peikar sjølv på at AKP på 1980-talet gjekk vekk frå programfestinga av eittpartistaten. Trur du ml-kritikarar på venstresida har rett i at dei ideologiske feila til AKP som hadde med demokrati og stalinisme å gjera faktisk var til skade for oppslutninga om radikal politikk i Noreg?

Håkon Kolmannskog, Rød Front

 

 

Tilbake til oversikt over historiedebatten | Til AKPs hjemmeside