Heimesida til AKP

Nyhende frå kampar verda rundt

Her er tidlegare postar i denne spalta.
Ferskare postar finn du her.

Heimesida til internasjonalt utval
Heimesida til AKP


Lagt ut
19. september 2001

Politiåtak på bydelen Kücük Armutlu i Istanbul
http://www.ozgurluk.org/press/msg00166.html
15. september gjekk tyrkisk politi til åtak på gravferda til Umus Sahingoz, som hadde døydd i dødsfaste.

CPP-leiar arrestert
http://www.inq7.net/reg/2001/sep/20/reg_2-1.htm
Bernardo Bitong er ein av leiarane for det filippinske kommunistpartiet på sentrale Luzon. Han vart arrestert no, like før fredstingingane med regjeringa skal ta til att.

Amnesty: Set fri Riad al-Turk!
http://www.web.amnesty.org/web/news.nsf/WebAll/02AC592848A4879580256AC50054C152?OpenDocument
Riad al-Turk er kommunistleiar i Syria, og vart arrestert tidlegare i år. No krev Amnesty International at han og andre politiske fangar vert sette fri.


Lagt ut
9. september 2001

Avvis rakettskjoldet!
http://www.apk2000.dk/netavisen/artikler/fred/2001-na0909-groenlandmissilskjoldafvises.html
Nestleiaren i det grønlandske landsstyret, Johan Motzfeldt frå Inuit Ataqatiqiit, krev ei total avvising av det amerikanske rakettskjoldprosjektet.

Gülay Kavak er den 64. martyren i dødsfasten
http://www.antiimperialista.com/view.shtml?category=all&id=999963482&keyword=+
Gülay Kavak var med frå byrjinga av dødsfasten mot F-typecellene. Etter fengselsmassakren 19. desember vart ho innlagt på sjukehus og tvangsfora. Ho missa medvitet på sjukehuset. Ho vart utskriven, og fekk att minnet. Ho tok opp att dødsfasten og døydde etter 68 dagar - til saman 323 dagar

IMF kortar ned på møtelengda - redde for protestar
http://www.foxnews.com/story/0,2933,33911,00.html
IMF-møtet i Washington i september vert kutta frå ei veke til to dagar i frykt for dei varsla protestane.


Lagt ut
2. september 2001

Uviss framtid for fredstingingar
http://justpeace.net.ph/updates/statement/st2001_0829_01.htm
Jose Maria Sison legg fram utsiktene for fredstingingane mellom den filippinske regjeringa og NDF.

Ny martyr i Tyrkia
http://www.ozgurluk.org/press/msg00151.html
Hulya Simsek døydde i eit hus i Istanbul etter 285 dagar utan å eta.

Venskapsavtale mellom MCC og CPI (ML) PW
http://timesofindia.indiatimes.com/articleshow.asp?art_id=306670839
Feiden mellom Maoist Communist Centre og Communist Party of India (ML) People's war er vonleg over med denne avtalen.
Les òg om kvinner i MCC her:
http://timesofindia.indiatimes.com/articleshow.asp?art_ID=20348023


Lagt ut
27. august 2001

'Kvitbok' om IB-saka
http://www.aftonbladet.se/vss/nyheter/story/0,2789,83930,00.html
'Sossarna' i Sverige har laga eiga kvitbok om overvakinga av venstresida.

Leiaren i PFLP myrda i israelsk terroråtak
http://www.apk2000.dk/netavisen/artikler/globalt/2001-na0827-pflpledermyrdet.html
PFLP-leiinga: - Dette brotsverket vil ikkje passera ustraffa, og PFLP vil svara på det. Israel kjem til å kjenna konsekvensane.

Tørrleggjing i Nepal
http://www.nepalnews.com.np/archive/2001/aug/arc257.htm#6
Den maoistiske kvinnerørsla ANWA (R) har tvunge i gjenom strengare alkohollover i Nepal.


Lagt ut
19. august 2001

Maoistkvinner set fyr på bryggeri
http://www.nepalnews.com.np/archive/2001/aug/arc254.htm#10
Den nepalske kvinnerørsla ANWO(R) har gått til åtak på alkoholismen i landet, og sette fyr på eit bryggeri.

Dansk streik mot norske kapitalistar
http://www.apk2000.dk/netavisen/artikler/arbejdsplads/2001-na0818-strejkeberlingske.htm
Fredag streika journalistane på Berlingske Tidende mot planar om å sparka kvar sjette tilsette i avisa.

Antonio Zumel er død
http://www.bulatlat.com/news/027zumel.html
Veteranen frå den filippinske revolusjonen døydde nyleg, og vart gravlagd fredag med over 1.000 i gravferda.


Lagt ut
15. august 2001

Nepal: Klårt for tingingar mellom maoistar og riksstyret
http://www.nepalnews.com.np/archive/2001/aug/arc252.htm#8
Det nepalske kommunistpartiet (maoistane) har sett ned si tingingsgruppe, og samtalane skal truleg ta til seinare denne veka.

Nepal: Militant fråhaldsarbeid, væpna pornokamp
http://www.nepalnews.com.np/ntimes/august10-16-2001/cover.htm
Den revolusjonære kvinnerørsla ANWO (R) har sett i gang ein kampanje mot alkoholmisbruk og kvinneundertrykkjing.

Stå saman med Mumia 17. august
http://www.rwor.org/a/v23/1110-19/1115/mumia_news.htm
Mumia Abu-Jamal skal for retten 17. august. Det vert demonstrasjonar til støtte for honom over heile USA - og resten av verda med.
Demonstrasjon i Oslo: http://www.geocities.com/mumia_norge/

Dominikansk kommunistleiar skoten i Colombia
http://www.apk2000.dk/netavisen/artikler/verden/2001-na0814-dominikanskkommunistmyrdeticolombia.html
Marino Báez, internasjonalt andsvarleg i Den dominikanske republikken sitt kommunistiske arbeidarparti (PCT), vart skoten av dei paramilitære i Colombia.

Offer nummer 31 i dødsfasten
http://www.ozgurluk.org/press/msg00144.html
Osman Osmanagaoglu, 44, frå DHKC døydde i Istanbul etter 299 dagar i dødsfaste.


Lagt ut
4. juli 2001

Sanningskommisjonen for Korea: USA er skuldig i krigsbrotverk!
http://www.iacenter.org/ktc_verdict.htm
Eit internasjonalt tribunal har dømd USA for krigsbrotverk mot det koreanske folket. Margaret Sanner representerte Noreg.

Maoistgeriljaen i Nepal trappar opp åtaka
http://www.nepalnews.com.np/archive/2001/july/arc237.htm#5
I dagane fram mot generalstreiken neste torsdag trappar CPN (M) opp åtaka på politiet. Denne veka er 60 politimenn drepne, skadde eller bortførde. Kampanjen rettar seg mot dei nye antiopprørslovene.

Unntakstilstand på Papua Ny Guinea
http://www.apk2000.dk/netavisen/artikler/globalt/2001-na0701-papuanyguinea.html
Tre aktivistar er drepne og 17 såra, etterat politiet gjekk til åtak på protestar mot IMF og Verdsbanken på Papua Ny Guinea.


Lagt ut
24. juni 2001

Nettkommentarar til Göteborg-demonstrasjonane finn du her.

Nye undertrykkjande lover i Nepal
http://www.nepalnews.com.np/contents/englishdaily/ktmpost/2001/jun/jun24/index.htm#4
Maoistane i Nepal skal organisera store protestar mot dei nye tryggjingslovene.

Lori Berenson fekk 20 år
http://www.freelori.org/
Lori Berenson, frå dei amerikanske sambandsstatane, fekk 20 år i fengsel for å ha arbeidd for gerilajen MRTA.

Pause i fredstingingane mellom GRP og NDFP
http://www.bulatlat.com/news/019peace_talks_derailed.htm
Her er ein bakgrunnsartikkel om svbrekket i dei filippinske fredstingingane i Oslo. Merk dykk utsegnene frå Torbjørn Jagland ...

Harde åtak på fagleg aktive i Sør-Korea
http://www.apk2000.dk/netavisen/artikler/globalt/2001-na0622-sydkoreafagligheksejagt.html
19. juni vart 300 sementsjåførar arresterte, og fagforeiningsleiarar er på flukt frå politiet.


Lagt ut
9. juni 2001

Maoistane i Nepal har vore mykje omtalte i media den siste veka. Dei slepp sjeldan til på eiga hand, og sensuren råkar dei hardt i Nepal. Her er nokre nettstader der dei legg fram saka si:


To valsigrar i Irland
http://www.neitileu.no/bin/show?page=single&id=1073
http://politics.guardian.co.uk/election2001/story/0,9029,504286,00.html
Irane sa 7. juni nei til Nice-traktaten, og gav Sinn Fein ein formidabel framgang i valet i nord.

Fire maoistar dømde til døden i Bihar, India
http://www.timesofindia.com/today/09mpat1.htm
Fire medlemer av Maoist Communist Centre (MCC) i Bihar er dømde til døden for ein massakre på høgkastemedlemer i 1992.

Patent på basmati-ris bekjempa
http://www.greenleft.org.au/current/451p22b.htm
Pressgrupper har vunne ein siger i patentkampen. RiceTec kan ikkje få patent på basmati-ris.


Lagt ut
28. mai 2001

Martyr 53 i sveltestreik
http://www.ozgurluk.org/press/msg00124.html
Ugur Türkmen er død etter 204 dagar i sveltestreik.

Kommunistsiger på Kypros
http://www.dkp-ml.dk/ART2/3805.htm
AKEL vann parlamentsvalet på Kypros, noko som kan få fylgjer for søknaden deira om EU-medlemskap.

100 millionar $ mot Castro
http://www.workers.org/ww/2001/cubabill0531.html
USA skal pumpa pengar i opposisjonen på Cuba.


Lagt ut
20. mai 2001

Møte i Verdsbanken avlyst
http://www.yelah.net/news/20010519200418
Det planlagte verdsbankmøtet i Barcelona i juni er avlyst grunna frykt for demonstrasjonar og markeringar.

Bokbål i Indonesia
http://www.flamman.se/utrikes.html
Den antikommunistiske alliansen AAK har halde bokbål med kommunistiske og "kommunistiske" bøker. 20. mai skal dei slå til igjen.

Frigjort område i Manipur knust
http://www.timesofindia.com/today/20indi43.htm
Grensesoldatar i India har gått inn og knust det frigjorde området til Manipur People's Liberation Front.

Bayan Muna redd for vald og fusk
http://www.bulatlat.com/news/013bayanmuna_pr.htm
Valet til ny kongress i Filippinane var 14. mai. Venstrepartiet Bayan Muna har fått trugsmål mot kandidatane sine, og fryktar liknande hendingar som i 1987 då Partido ng Bayan fekk 35 medlemer og kandidatar drepne.
Om valresultata


Lagt ut
9. mai 2001

Bondeopprør i Kina
http://www.rwor.org/a/v23/1100-99/1101/yuntang.htm
I Yuntang har soldatar gått til åtak på bønder som i tre år har nekta å betala skattar og avgifter.

CPI (m-l) People's War har halde landsmøte
http://groups.yahoo.com/group/red_activism/message/716
Samarbeidet mellom dei revolusjonære kreftene må verta marxismen-leninismen-maoismen er den leiande ideologien, sa landsmøtet til det indiske kommunistpartiet People's War.

Rio Tinto Zinc forlet Bougainville
http://groups.yahoo.com/group/red_activism/message/717
Gruveselskapet RTZ forlet Bougainville, til glede for alle.

Protestar mot Asia Development Bank
http://www.rwor.org/a/v23/1100-99/1102/adb.htm
På Hawaii er det store demonstrasjonar mot ADB, ein sokalla 'utviklingsbank'.


Ekstra: Om sveltestreiken i tyrkiske fengsel

Nokre lenker:

Artikkelserie i Proletären:


Lagt ut
6. mai 2001

15 år for NATO-motstand!
http://www.apk2000.dk/netavisen/artikler/globalt/2001-na0506-letlanddomme.html
I Latvia er kommunistane Sergej Solovjev og Maxim Sjurkin dømde til 15 års fengsel for ein ikkje-valdeleg markering mot NATO.

8.000 PKK-fangar i sveltestreik
http://www.kurdishobserver.com/2001/05/03/hab02.html
I solidaritet med fangane som er på dødsfaste, svelter PKK-fangar.

"Vieques tyder motstand!"
http://www.workers.org/ww/2001/vieques0510.html
På Puerto Rico veks stendig protestane mot kolonimakta USA som nyttar Vieques som bombefelt.

Guatemala går over til dollar
http://www.apk2000.dk/netavisen/artikler/globalt/2001-na0507-guatamaladollarisering.html
Guatemala vert no det fjerde landet i Latin-Amerika som går over til dollar som valuta.


Lagt ut
29. april 2001

Kommunistjournalist skoten i Colombia
http://www.berlingske.dk/artikel:aid=97529
Flavio Bedoya arbeidde for avisa Voz, og vart truleg drepen av ein høgre-milits.

Londonkontoret til Amnesty International okkupert
http://www.ozgurluk.org/press/msg00109.html
Fredag 27. april okkuperte tyrkarar i London kontoret til Amnesty International i protest mot utsegner frå AI-tillitsvald Anne Burley. Ho hadde mellom anna hevda at det ikkje var ein massakre som skjedde 19. desember, då 28 fangar vart drepne av soldatar i fenglsa i Tyrkia.

Göran Persson: Attac skal sikra ro i Göteborg
http://www.apk2000.dk/netavisen/artikler/nyheder/2001-na0429-persson.html
Göran Persson og Attac hadde møte fredag for å dryfta korleis demonstrasjonane i Göteborg skal vera.

Massearrestasjonar i Pakistan
http://www.jang.com.pk/thenews/apr2001-daily/27-04-2001/main/main2.htm
1500 politiske leiarar og aktivistar er arresterte for å hindra at fyrste mai vert ein protest mot militærstyret.


Lagt ut
18. april 2001

Ny revolusjonær rørsle i Venezuela
http://www.dallasnews.com/world/338562_venezuela_14in.html
Ei ny revolusjonær, "bolivariansk" rørsle veks fram i Venezuela. Serleg fengjer ho studentane.

Akwesasne Mohawk-indianarane lovar fri ferdsel
http://ontario.indymedia.org/display.php3?article_id=575
Medan Kanada freistar stengje grensene, lovar indianarar å halda brua mellom USA og Kanada open, slik at folk kan koma seg til demonstrasjonane mot frihandelstoppmøtet FTAA i Quebec.

Proletarisk internasjonalisme i Bihar
http://www.timesofindia.com/today/16indi20.htm
I fylgje delstatsregjeringa i Bihar trener nepalske geriljasoldatar der, i lag med CPI (ML) People's War og Maoist Communist Center.

Rettferd for Mario Bango!
http://www.iacenter.org/roma_bango.htm
Mario Bango er ein roma som er fengsla i Slovakia. Han forsvarte seg mot eit nynaziståtak og drap ein nynazist.

13 døde i tyrkisk sveltestreik
http://groups.yahoo.com/group/red_activism/message/652
Det er no 13 døde i protestane mot innføringa av F-type fengsel i Tyrkia.


Lagt ut
10. april 2001

Protestbylgjer i Tyrkia
http://www.kurdishobserver.com/2001/04/09/hab01.html
Dei siste vekene har det vore mange protestar mot IMF-programma og politikken til den tyrkiske regjeringa.

Nepalske maoistar knuser politiet
http://www.nepalnews.com.np/contents/englishdaily/ktmpost/2001/apr/apr10/editorial.htm#1
Etter at maoistgeriljaen i Nepal har drepe over 70 politimenn på ei veke er moralen i politistyrken lågare enn nokon gong.

To nye martyrar i dødsfasten i Tyrkia
http://www.ozgurluk.org/press/msg00101.html
Bulent Coban (DHKP-C) og Adil Kaplan (TKP(ML)) døydde nyleg i protesten mot F-typefengsla.

Major Bulan sett fri av NPA, fredstingingar i Oslo?
http://members.nbci.com/_XMCM/natdemfront/national/lj00/lj040701.html
Krigsfangen Bulan vart nyleg sett fri, og no skal det ikkje stå noko i vegen for nye fredstingingar mellom den filippinske regjeringa og den nasjonademokratiske fronten ... sett bort frå norske UD, då.


Lagt ut
28. mars 2001

Farooq Tariq sett fri!
http://www.labour.00server.com/farooq.htm
Leiaren for Labour Party Pakistan og fem andre frå Alliance for Restoration of Democracy vart sett fri 27. mars.
Les fråsegna frå RV og Fleirkulturell liste her: http://groups.yahoo.com/group/PakistanSolidarity/message/34

Soldatopprør mot IMF
http://www.cnn.com/2001/WORLD/africa/03/22/papua.newguinea.ap/index.html
Soldatar på Papua Ny Guinea leverte 28. mars attende stolne våpen etter at styresmaktene gav dei amnesti. Soldatane hadde gjort opprør mot strukturtilpassingsprogram frå IMF.

Fleire feil i "svarteboka"
http://www.etext.org/Politics/MIM/agitation/blackb6.html
Maoist Internationalist Movement held fram kampanjen for å avsløra feila og manglane i Kommunismens svartebok.

Ny IEC-delegasjon til Peru
http://www.csrp.org/iec/7th-del-pr.html
Den sjuande delegasjonen for å sikra tryggleiken til den fengsla geriljaleiaren Abimael Guzman (formann Gonzalo) er no i Lima.

Protestar mot Nato på toårsdagen for krigen mot Jugoslavia
http://www.leninist-current.revolte.net/cgi-bin/ilc/news/viewnews.cgi?category=all&id=985706691
Det internasjonale leninistiske straumdraget oppsummerer eigne og andre markeringar mot Nato 24. mars.


Lagt ut
25. mars 2001

Newroz feirest verda rundt
http://members.home.net/kurdistanobserver/news.html
Det var stor oppslutnad om Newroz-feiringa i dei kurdiske kjerneområda i Nord-Kurdistan. Over 100.000 samla seg i Diyarbakir. Det var arrestasjonar fleire stader, også i Istanbul. Meir enn 4.000 var på festmøte ved København.

WTO fører til sjølvmord
http://timesofindia.com/today/25mban1.htm
Indiske bønder tek livet av seg som fylgje av WTO.

Protestar mot strukturtilpassing
http://www.cpcml.ca/tmld/TMLD037.htm#1
Det har vore store markeringar mot IMF i Argentina.


Lagt ut
21. mars 2001

Fange svelta seg i hel i Tyrkia
http://www.ozgurluk.org/press/msg00093.html
151 dagar ute i sveltestreiken døydde Cengiz Soydas. Han og 2000 andre fangar protesterer mot dei nye fengsla som vert bygde i Tyrkia.

Castro lovar billege AIDS-medisinar til Cuba og Sør-Afrika
http://www.ecadre.net/pages/news/stories/985137612.shtml
Cuba har produsert eigne AIDS-medisinar dei no tilbyd fattige land, medan medisinprofitørane går til rettsak for å forsvara innteninga si.

Generalstreik i Argentina
http://www.indymedia.org/display.php3?article_id=29201
Det er store protestar mot dyrtidsplanen til President de la Rua, og det er tillyst generalstreik 21. mars.

Pakistansk partileiar arrestert
http://groups.yahoo.com/group/red_activism/message/608
Leiaren for Labour Party of Pakistan vart arrestert 21. mars i saman med resten av leiinga i Alliance for restoration of democracy.


Lagt ut
19. mars 2001

Editor Sen released
Kathmandu, 16 March: Editor of Janadesh weekly Krishna Sen was released from Jaleshwor jail Thursday evening in the presence of journalists, the Nepal Journalist's Federation said. The Federation has withdrawn its planned weeklong protests following his release. Sen was re-arrested during the weekend outside Rajbiraj jail even after a bench of the Supreme Court ordered his release. The editor of the pro Maoist newspaper was arrested under the Public Security Act two years ago after publishing graphic accounts of a rebel attack on a police post at Bhattedanda. Nepalnews.com/br/at


Lagt ut
14. mars 2001

Svarte armband på nepalske journalistar
http://www.misna.org/eng/notizia.asp?id=41517
Denne veka vil dei fleste journalistane i Nepal gå med svarte armband i protest mot at Krshna Sen, bladstyraren i Janadesh, sit fengsla på andre året. Janadesh vert knytt til maoistpartiet i Nepal.

Daniel N. Nilsson: SÄPO ville vita alt om ATTAC
http://www.proletaren.se/Proletaren/Prolarkiv/Veckansnr/Pro0111angiveri.html
Daniel N. Nilsson er aktiv i Attac Karlstad, og har opplevd å verta kalla inn til møte med SÄPO, som var interesserte i alt som hadde med ATTAC og Nej till EU å gjera.

Baskiske ungdomsleiarar arresterte
http://209.68.13.153/aprn/current/news/06basq.html
Alle dei femten i leiinga for den baskiske organisasjonen Haika vart arresterte 6. mars. Haika organiserer baskisk ungdom både i den franske og spanske staten.


Lagt ut
11. mars 2001

Våpenkvile på Filippinane
http://dailynews.yahoo.com/h/ap/20010310/wl/philippines_rebels_2.html
President Gloria Macapagal-Arroyo gav ordre om einsidig våpenkvile med New People's Army fredag 9. mars, og National Democratic Front har meldt at dei vil ta opp at fredtingingane med styresmaktene.

260 Daewoo-arbeidarar arresterte i Sør-Korea
http://www.workers.org/ww/2001/daewoo0315.html
Daewoo har sparka 7.000 arbeidarar for å gjera seg fine for General Motors, som planlegg eit oppkjøp. Det har no vore opptøyar og aksjonar i ei veke.

SÄPO vervar tystarar i ATTAC / Nej till EU
http://www.proletaren.se/Proletaren/Prolarkiv/Veckansnr/Pro0110sapo.html
http://sydsvenskan.se/pub/hpsart7187920.html
Det svenske tryggjingspolitiet har teke kontakt med unge aktivistar for å få informasjon om Nej till Eu og Attac.

Sri Lanka arbeider for forbod mot LTTE i heile EU
http://www.timesofindia.com/today/11woru6.htm
Sri Lanka vil ha forbod mot tamiltigrane i heile EU, medan LTTE nett utvida våpenkvila si.

Våpenkvile i Assam?
http://www.timesofindia.com/today/11indi1.htm
Delstatsregjeringa har bede regjeringa i Delhi om å inngå våpenkvile med dei kring tretti væpna opprørsgruppene i Assam.


Lagt ut
7. mars 2001

New Zealand: 14 veker svangerskapspermisjon - no!
http://home.clear.net.nz/pages/wpnz/mar5women.htm
New Zealand var det fyrste landet der kvinnfolk fekk røysterett. I år krev dei rett til 14 veker betalt svangerskapspermisjon.

Canada: Stopp det liberale hykleriet!
http://www.cpcml.ca/tmld/TMLD024.htm#1
Communist Party of Canada (m-l) slaktar det "offisielle" 8.mars-slagordet: "Kanadadiske kvinner: gjer våre ulike røyster høyrde for positiv endring!"

Amnesty: Kvinnlege fangar vert valdtekne
http://www.indymedia.org/display.php3?article_id=26727
Amnesty International kjem med krass kritikk av fengselsstyrarane i USA, ettersom svært mange kvinner vert mishandla og valdtekne av vakter og andre.

Di fleire feministar som G. Persson, di verre tilhøve for kvinner
http://www.proletaren.se/Proletaren/Prolarkiv/Veckansnr/Pro0110evabritt.html
EU-tilpasninga "feministen" Göran Persson står i spissen for fører til dårlegare kår for svenske kvinner.

Éire: kvinnesoga i den republikanske rørsla
http://www.irlnet.com/aprn/current/news/01wome.html
Sinn Féin heldt nyleg ein kvinnekonferanse der den republikanske kvinnerørsla vart dryft.


Lagt ut
6. mars 2001

Kurdiske kvinner kjempar for 8. marsfeiringa
http://www.kurdishobserver.com/2001/03/07/hab03.html
I Tyrkia vert stendig flerie 8. mars-markeringar forbodne.

Nepal: Kvinner held oppe halve himmelen
http://www.rwor.org/a/v22/1090-99/1094/nepal_women.htm
I Nepal vert folkekrigen kjenneteikna av den høge kvinnedeltakinga. Les om kva som får kvinner på verdas tak til å lyfta geværet.


Lagt ut
5. mars 2001

Oxfam: Patent på medisin drep!
http://www.wsws.org/articles/2001/mar2001/oxf-m03_prn.shtml
Den britiske hjelpeorganisasjonen Oxfam har laga ein rapport som syner korleis profittjaget til medisinprodusentane drep folk i den tredje verda.

Fåre for full krig mellom Tyrkia/PUK og PKK
http://www.kurdishobserver.com/2001/03/05/hab01.html
Kani Yilmaz (PKK) meiner ein full krig mellom Tyrkia og lakeiane deira i PUK mot PKK vil koma før Newroz (21. mars).

Forbod mot 8. mars-feiringar
http://www.kurdishobserver.com/2001/03/05/hab04.html
Fleire stader i Tyrkia er det nedlagt forbod mot 8. mars-feiringar.

Generalsekretæren i CPI (ML) - Liberation fengsla
http://www.cpiml.org/db.htm#1
Dipankar Bhattacharya vart arrestert i ein demonstrasjon mot politiovergrep i Jharkand den 1. februar. CPI (ML) - Liberation oppmodar til protestar mot delstatsregjeringa.


Lagt ut
3. mars 2001

Ny strategi for Nepals kommunistparti (maoistane)
http://www.nepalnews.com.np/ntimes/feb23-2001/nepal's-maoist.htm
Seks år inne i folkekrigen kjem NKP (M) med eit framlegg om ei ny folkeforsamling i Nepal. Partiet skal samstundes førebu ein ny bygerilja, jamsides med folkekrigen på landsbygda.

Storbritannia forbyr revolusjonære grupper
http://www.ozgurluk.org/press/msg00080.html
Ei rekkje grupper, hovudsakleg med røter i den tredje verda, er sette opp på ei liste over forbodne organisasjonar. PKK, DHKP-C, LTTE, ETA, HAMAS og andre vert no rekna som terroristgrupper, og symbola deira vert forbodne.

Lang marsj til støtte for sultestreikarar i Tyrkia
http://www.ozgurluk.org/press/msg00078.html
Sultestreiken mot F-type-cellene i Tyrkia er inne i den fjerde månaden. I Storbritannia skal det vera ein marsj frå Liverpool til London for å syna solidaritet med sultestreikarane.

Feil i Svarteboka?
http://www.etext.org/Politics/MIM/agitation/blackb4.html
Maoist Internationalist Movement har pressa Harvard University Press til å vedgå feil og manglar i "Kommunismens svartebok". Fylg med: fleire feil fylgjer!

Filippinane: 73 krigsfangar frå NPA sette fri
http://www.angbayan.org/pib/stmts/010221e.shtml
Macapagal-Arroyo-regjeringa har sett fri 73 fangar frå New People's Army.