Tilbake til
tariffsida
| Til AKP si heimeside
Leiv Olsen (30. mai)
Om intensjonserklæringa
til Kosmo og lærarorganisasjonane
Erklæringa finn du
her.
Avtalen inneheld sjølvsagt
fleire fine ord, så det er viktig å vita kva ein skal
sjå etter når ein les den. Det som går att,
er fyrst og fremst følgjande:
- MEIR vekt på LOKALE
FORHANDLINGAR
- MEIR FLEKSIBLE ARBEIDSORDNIGNAR
- MEIR MAKT TIL REKTOR
Rett nok står det
nokre pene ord om større frihet for den kreative læraren
(NB ikkje for læraren, bare for den såkalla "kreative"
læraren, og kva som må til for å bli anerkjend
som kreativ, skin igjennom mellom linjene i avtalen). Kor stort
spelerom læraren får i praksis, må målast
opp mot dei utvida fullmaktene som den same avtalen gir til rektor,
utvida fullmakter til å GRIPA INN i lærarens sitt
arbeid og STYRA LÆRAREN.
Avtalen peikar på
at dei vil ha "mer desentraliserte lønnsforhandlinger"
og "tiltak for mer fleksible arbeidstidsordnigner".
Meir desentraliserte lønnsforhandlingar vil seia større
forskjellar lærarane imellom, gjerne frå fag til fag,
frå skole til skole, frå kommune til kommune osb.
Det skal avtalast lokalt, så då vil det variera alt
etter kor mykje den enkelte kommune eller skolen har å rutta
med, og kor mykje dei vil bruka - og kven dei vil bruka pengar
på. Dette har vi vore imot i alle år, men no er leiarane
i Lærarforbund og Lærarlag i ferd med å selja
ut prinsippet om enhetsskolen. Tydelegvis.
Meir fleksible arbeidstidsordningar
vil seia at rektor skal begynna å overstyra læraren
og bestemma korleis dei skal legga opp undervisninga. Det kjem
tydelegare fram lenger nede i avtalen. Det står uttrykkeleg
i avtalen at det SKAL oppnås enighet om endringar i særavtalane
som regulerer desse forholda, FØR lærarane kan ta
ut gevinst i form av høgare lønn (dvs. høgare
lønn enn den som alt er avtala). Det dei då skal
bli einige om, er då konkret fire ting:
- Forsøk med ALTERNATIVE
OG FLEKSIBLE arbeidstidsordningar "som gir bedre ressursutnyttelse".
Det er ikkje snakk om å innføra fleksitid, for det
har læraren allerede. Det er snakk om å bryta ned
dei rettane lærarane har, som gjer arbeidsdagen littegranne
forutsigelig. Rektor skal altså finna ut korleis han kan
få fleire "ressurser" ut av kvar enkelt lærar.
Slik skoledagen er organisert i dag, synest departementet dei
får for lite ut av oss lærarar. Kan dei nytta oss
meir på skolen, utan å måtte kalla det undervisning,
så får staten meir att for pengane.
- "... at undervisningen
organiseres slik at årsrammen for leseplikt i større
grad skal styre det antall undervisningstimer lærerne faktisk
utfører." Det betyr: Dersom vi arrangerer kinobesøk
for elevane, ekskursjonar, skiturar e.l., så må det
nødvendigvis gå på tvers av timeplanen. Då
blir det nokre timar som ikkje følgjer den oppsette undervisningsplanen.
Det same gjeld ved heildagsprøver, eksamen o.l. Då
skal rektor sjå til at ingen lærar av den grunn får
noka lette i arbeidsbyrden. Rektor skal seia: du underviste ikkje
den timen, for klassen var på kunstutstilling/kino/studietur,
då skylder du oss ein time, og den skal du vær så
god ta att. At mange lærarar nødvendigvis har nokså
mykje ekstraarbeid i samband med slike arrangement, og at det
på årsbasis jamnar seg nokså godt ut med kva
kvar enkelt lærar får av ekstra arbeid og ekstra
fri, det skal vi setta ein strek over. For her gjeld det om å
få ut meir ressursar frå den enkelte læraren.
- At dette er rett tolking av punktet, kan eg seia fordi dette
kravet møter vi alt i dag frå stadig fleire rektorar.
Og dei rektorane som på det viset klarar å tyna meir
ut av lærarstaben, får stjerner hos fylkets skolesjefar
(opplæringsdirektørar, heiter det visst i i dag).
- Dessutan skal rektor (arbeidsgiverne,
står det) sørga for "økt fleksibilisering
vedrørende periodisering av undervisningen" - kunna
samla opp undervisning i større bolkar, t.d. seia at norsklæraren
som fekk to-tre fridagar p.g.a. prøver, studieturar o.l.,
skal ta dette igjen ved oppsamla undervisning eit par dagar,
sjølv om dette ikkje står på planen. Vidare:
"omfordele undervisningstimer til andre pedagogiske oppgaver
ved bortfall av disse". Kort sagt, rektor skal knegå
oss for å passa på at vi i alle fall ikkje får
noka lette på noko vis. Dette er den såkalla "auka
friheten til den kreative læraren". Den læraren
som er så kreativ at ho/han står på hovudet
for skolen både tidleg og seint, skal få større
frihet til å gjera dette. Den som synest arbeidspresset
er stort nok som det er, skal få MINDRE frihet, men skal
tvert om kjenna pusten frå rektor i nakken heile tida.
- Meir teamarbeid.
Alt dette skal det forhandlast
meir om, men RETNINGA på utviklinga er slått fast.
Og det er ganske openbart at staten ikkje gir kroner i den såkalla
"skolepakka" utan at vi går fleire steg i den
retninga dei ønsker.
Til slutt: Dei som trudde
at dette var eit innspel som Kosmo kasta inn på overtid
natt til fredag 26. mai, må tru om igjen. Intensjonserklæringa,
som «berga» læraroppgjeret, blei underteikna
av staten, lærarorganisasjonane, LO og YS alt 19. mai -
EI VEKE FØR FORHANDLINGSFRISTEN GJEKK UT.
Leiv Olsen