Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Imperiet tar hemn

av Henrik Skrak

Røde Fane nr 2, 2002

Artikkelen sto trykt i Clarté nr 4, 2001, og trykkes med tillatelse av forfatteren.


USA har demonstrert styrken sin. Tilnærminga mellom Russland og Kina er slått sund. EU er knytt opp til USA. Folkeretten vaklar. Henrik Skrak skriv historia etter 11. september.

Den 11. september. Datoen er blitt eit begrep. To kapra passasjerfly fløy inn i tvillingskyskraparane til World Trade Center med 20 minutts mellomrom. Samtidig gjekk eit tredje fly til åtak på Pentagon. Gjerningsmennene døydde saman med ofra sine. Trass i det var den amerikanske statsleiinga veldig raske til å peike ut skyldige: Osama bin Laden og organisasjonen han skal leie, al-Qa'ida.

I denna artikkelen kjem eg ikkje til å spekulere i skyldsspørsmålet. Det har andre gjort (1). Eg vil derfor heller ikkje freiste forklare korfor terrorhandlinga skjedde. Eg nøyer meg med å behandle utviklinga og dei allmenne resultata av konflikten. Til nå. For ennå er det ikkje slutt. I skrivande stund går bombinga av Afghanistan inn i dag hundre.

USA hadde eit horn i sida til Osama bin Laden frå før, ettersom amerikansk tryggingsteneste lenka saudiaren til terroråtaket mot dei amerikanske ambassadane i Kenya og Tanzania i august 1998. Då svarte USA med å bombe ein legemiddelfabrikk i Sudan fordi bin Laden hadde budd der fram til 1996 (2). Osama bin Laden var i tillegg, på laust grunnlag, knytt til at USA på forsmedeleg vis mislykkast som fredsframtvingar i Somalia i 1993, samt til attentatet mot det amerikanske krigsfartøyet USS Cole i Jemen 2000.

Korstog

Nå var det verre. Denna gongen var supermakta angripen på heimeplan. President George Bush erklærte krig og omtalte denna krigen som "korstog". Dermed malte han verdas 900 millionar muslimar inn i fiendebiletet. Viseforsvarsminister Paul Wolfowitz snakka om å "gjøre slutt på" statar. Og utanriksminister Colin Powell kom med åpne truslar: Dei svara regjeringane i verda gav på USAs krav om hjelp i kampen mot terrorismen, ville bli avgjørande for USAs "tilhøve til dei i framtida". Verda skalv. Og statssjefane kom krypande for å kysse foten til keisaren.

Så byrja oppladinga framfor krigen mot Afghanistan, der Taliban skulle huse dei skuldige terroristane. Taliban etablerte makta si i Afghanistan på midten av 90-tallet og var uvanleg lette å stemple som vonde. Dei hadde gjennomført ei rad med oppsiktsvekkande avrettingar, noen tatt opp på video av modige vestlege journalistar. Dei hadde au regulert kvardagslivet på ein tilsynelatande småleg måte. Alt virka ulovleg: Underhaldning, skolegang for jenter, kvinner i arbeid. Dessutan hadde dei sprengt urgamle Buddha-statuar. Detta er den eine sida av saka, den sida ein kan finne i vestleg presse og fjernsyn.

Vil ein studere den andre sida, kan ein til dømes lese den rapporten Verdsbanken gav ut 5. oktober 2001 (3). I følge Verdsbanken betra den afghanske økonomien seg under Taliban fordi dei klarte å skape ro og orden. Dei førte til og med framgangsrik kamp mot dyrkinga av opiumsvalmuen.

Men nå skulle dei bort. Kongressen i USA gav Bush-administrasjonen fullstendig frie hender, au til aksjonar med "førebyggande formål". Barbara Lee, demokrat frå California, var den einaste som våga røyste nei. Det hadde sin pris. Etter avrøystinga har ho vore tvungen til å leve med politivern.

George Bush, som eit halvår tidlegare ikkje eingong var trygg på valsigeren, kunne nå glede seg over rekordtall i meiningsmålingane. Kven brydde seg lenger om det budsjettunderskotet den amerikanske presidenten hadde lova rydde opp i? Med utgangspunkt i terrorhandlingane røysta kongressen gjennom ekstraløyvingar på 40 milliardar dollar. Og kven i Europa brydde seg lenger om USAs motvilje mot å avgrense rakettar og miljøfarlege utslepp? Nå var me alle amerikanarar. Statssjefane i EU sa seg klare til å gjøre felles sak med USA og gripe til vald "mot statar som hjelp, stør eller husar terroristar" (4). Nato erklærte solidarisk krig og viste til artikkel 5 som stadfestar at eit åtak mot eit Nato-land må oppfattast som eit åtak på heile Nato. I praksis nøyde USA seg med hjelp frå Storbritannia.

Hegemoni koster penger

Samstundes blei Det internasjonale valutafondet (IMF) og Verdsbanken meir aktive i USA si teneste. Markedsmekanismene vart sett ut av spel. Budsjettbalansen trong ikkje lenger vere avgjørande for straff eller belønning til gjeldslanda. Kunne gjeldslanda vere til nytte i USAs kamp for fortsett hegemoni, ja då kunne dei au vente seg nye lån frå IMF og Verdsbanken trass i dårlege finansar (5).

Og det aller nyttigaste landet skulle vise seg vere Pakistan, der leiaren i landet, general Pervez Musharraf, var rask til å by USA hjelp. Pakistan pressa nå på Taliban, den tidlegare allierte, for å utlevere Osama bin Laden, og USA fekk tilgang til pakistansk luftrom. Og vips var Pakistans krenkingar av menneskerettane glømte og tilgitte. Så vart dei økonomiske sanksjonane som Pakistan hadde lidd under sidan 1990 oppheva, jamvel dei som vart sett i verk etter landets kjernevåpenprøver i 1998. Pakistans gjeld til USA på 400 millionar dollar vart avskrive straks. Dessutan lova USA saman med IMF ekstra utviklingsstøtte til Pakistan på 3 milliardar dollar. Samtidig reinska Musharraf ut høge militære og tryggingssjefar med nære band til Taliban.

Det nest viktigaste landet den amerikanske statsleiinga måtte kjøpe var Russland. Vladimir Putin fekk frie hender i Tsjetsjenia mot at USA fekk bruke dei militærbasane Russland rår over i Usbekistan og Tadsjikistan.

Deretter kom Iran. Men dit kan jo ikkje amerikanske politikarar reise. Nå, det finst andre som kan. Tony Blair hadde eit ekkelt møte på kalenderen 11. september. Han skulle forsvare ytterlegare privatiseringar i offentleg sektor framfor kranglevorne fagforeiningsfolk. I staden kunne han reise av stad og gjøre det han likar best av alt: Agere løpegutt for det amerikanske diplomatiet, og ikkje å glømme, sette øvrige statssjefar i EU på plass ved å framstå som den verkelege leiaren i unionen. Tony Blair sendte utanriksministeren sin, Jack Straw, til Iran der han møtte president Muhammad Khatami. Iran heldt sant nok fram med å insistere på at aksjonar mot Afghanistan måtte skje under leiing av FN. Men protestane mot USA var tona ned alt før den britiske vitjinga. Det vanlege slagordet "Død over USA" som hadde innleia fredagsbønene, er ikkje hørt sidan 11. september. Iran hadde lenge støtta Nord-alliansen, restane av den regjeringshæren som flykta nordover då Taliban marsjerte inn i Kabul hausten 1996. Iran ville ha bort Taliban, dels på grunn av motsetningane til grannelandet Pakistan, dels på grunn av støtta til den shiamuslimske minoriteten i Afghanistan. Dessutan har Iran i lang tid husa to millionar afghanske flyktningar. Dei vil dei gjerne bli kvitt.

"Den verste skjendinga"

Kina kunne heller ikkje motsette seg USAs krigsforetak. Sant nok kravde ein, nøyaktig som Iran, FN-leia aksjonar. Men Kina sette aldri press bak kravet. I staden prøvde ein, så godt det nå gjekk, å dra fordelar av stoda som var oppstått, dels når det gjeld Taiwan, dels når det gjeld mauleg separatisme i Xinjiang-provinsen der 60 prosent av folket er muslimar.

Andre og mindre viktige aktørar på den internasjonale arenaen kravde ingenting. Dei tevla i staden i å vere underdanige. Tevlinga var utan tvil vunnen av den nyvalde presidenten i Indonesia, Megawati Sukarnoputri. Ho kalla terrorhandlinga den 11. september for "den verste skjendinga som noen gong hadde skjedd i sivilisasjonens historie" (6). Så vart ho au rikeleg lønna med nye friske bistandspengar.

Atter andre var alt kjøpte. Egypts president Hosni Mubarak er lydhør og bra. For to milliardar i året. På liknande måte heldt ein Tyrkia på matta.

Og mens ein venta på bomberegnet over Afghanistan gjekk det ein arrestbølge over verda. Det var ikkje lenger så nøye med prov og rettargang. Terroren vart møtt med statsterror. I USA vart 350 menneske arresterte i vekene etter 11. september. Samstundes angreip mobben amerikanarar av arabisk opphav på gatene. Minst to vart drepne. Og likeins i Europa, framfor alt i Storbritannia, Tyskland, Belgia, Nederland, Spania, Italia og Frankrike. Rasismen som retta seg mot 13 millionar muslimar på botnen i den sosiale pyramiden i Vest-Europa fekk retteleg stygge uttrykk. I Sverige har tri borgarar fått verdiane sine frosne og støtta inndratt, etter krav frå USA. Utan ransaking og dom. Det er til og med kriminelt å hjelpe dei med pengar til mat. For ikkje å uroe "vanlege" svenskar blir dei tri kalla "somaliarar" i den rasistiske dagspressa.

På andre område auka ikkje rasismen, men undertrykkinga. I Usbekistan og Kirgisistan vart medlemmer av det muslimske Fredspartiet arresterte i masseomfang. I Jordan vart sensuren skjerpa samtidig med at såkalla islamistar blei tatt. I Egypt vart hundretalls mistenkte stilte for militærdomstol. Styresmaktene i Egypt forbaud folkesamlingar i moskeane og retten til å demonstrere blei innskrenka. Jamvel i Syria, Tunis, Marokko, Algerie, Dei sameinte arabiske emirata, Sudan og Jemen var kritikarar av regima ille ute.

Forspelet nærma seg slutten. USAs forsvarsminister Donald Rumsfeld reiste på turne først i oktober til dei viktigaste allierte for å presentere "prova" på skulda til Osama bin Laden og al-Qa'ida. Alle han vitja, attesterte at prova var overveldande. Som om det fanst ein teoretisk sjanse for at dei som alt hadde lagt seg flate for USA - mot betaling i ei eller anna form - nå plutseleg skulle seie: Nei, prova duger ikkje!

Den 7. oktober byrja bombene falle. Statsleiinga i USA heldt pusten. Det ein frykta mest var folkelege opprør i to land, Saudi-Arabia og Pakistan. Saudi-Arabia har ein firedel av dei kjente oljereservane i verda. Pakistan har kjernevåpen. Men det blei ingen revoltar. Sant nok var det eit sjølvmordsattentat mot to amerikanske borgarar i Saudi-Arabia 6. oktober. Så blei det roleg, men framleis spent. Det saudiske regimet hadde takka nei til eit besøk frå Tony Blair veka før, som eit førebyggande tiltak. Dei regjeringsfiendtlege demonstrasjonane i Pakistan vart etter måten små og i hovudsak avgrensa til dei tri byane Peshawar, Quetta og Karachi. (I Quetta drap politiet tri demonstrantar og eit barn 9. oktober.) Og den landsomfattande generalstreiken som vart tillyst 15. oktober i protest mot besøket til den amerikanske utanriksministeren Colin Powell blei ein fiasko.

Dei tri første dagane bomba USA og Storbritannia med måte. Men 11. oktober vart krigen intensivert. Kabul og Kandahar vart utsette for massive luftangrep. Men dei allierte unngjekk å bombe talibanstillingar i nord, til stor fortviling for Nord-alliansen. Det var ein medviten strategi. Nord-alliansen var dominert av minoritetsgrupper, først og fremst usbekar og tadsjikar, og fekk støtte av Iran, Russland og i ein viss grad Kina. USA og Pakistan ønska at pashtunske talibanmotstandarar skulle ta Kabul. Pashtunarane, den største folkegruppa, utgjør om lag 40 prosent av innbyggarane i Afghanistan. Jamvel i Pakistan finst ein pashtunsk minoritet, og den overveldande majoriteten av talibantilhengarane er nettopp pashtunarar. Å sjå til pashtunsk interesse var ein måte USA dels kunne komme kritikk frå Pakistan i møte, dels minske iransk, russisk og kinesisk innverknad.

Matbombing

Dei såkalla matbombingane fekk mest like stor merksemd som dei konvensjonelle bombingane. Men som forsvarsminister Donald Rumsfeld sjølv sa: Den einaste effektive måten å fordele mat på, er lands landevegen. Likevel heldt ein fram med å sleppe ned 37.000 måltider om dagen i form av gule posar med teksten "gåve frå det amerikanske folket" - ein dråpe i havet med tanke på dei 7 millionar sveltande i Afghanistan.

Alt etter ni dagars kamp kunne den amerikanske generalen Gregory Newbold erklære at stridskreftene til Taliban var utrydda. Men ennå var ikkje krigen vunnen. Taliban beit seg fast i nord i Mazaar-i-Sharif og i sør i Kandahar. Og USA unngjekk framleis å bombe talibanstyrkane som sperra vegen for Nord-alliansens inntog i Kabul. Samtidig byrja ein planlegge samansettinga av den nye regjeringa, noe George Bush hadde lova la vere, men som den amerikanske statsleiinga nå så som uunngåeleg. For å samle det splitta landet kontakta ein den 87-årige tidlegare kongen, Mohammed Zahir, som mista trona i eit kupp i 1973.

Den 19. oktober vart dei første bakkestyrkane sett inn for å slå til mot Kandahar. Ti dagar seinare vart bombinga av talibanstillingane nord for Kabul intensivert. Og 13. november kunne så Nord-alliansen gå inn i hovudstaden. Men det skjedde mot viljen til USA. Den amerikanske statsleiinga hadde lova Pakistan at Nord-alliansen skulle vente.

Etter inntoget i Kabul erklærte leiaren i Nord-alliansen, Burhannuddin Rabbani, alminneleg amnesti utanom for Osama bin Laden og Talibans åndelege leiar Muhammad Omar. Men Rabbini motsette seg, trass i amerikansk påtrykk, moderate talibanar i ei kommande regjering. På fjernsyn kunne me sjå glade byborgarar som igjen gjorde det Taliban hadde forbode: Lytte til musikk, gå på kino, fly drakar og sminke seg.

Så lett det gjekk! Talibans motstandskraft hadde synt seg svært liten. Men då skal ein tenke over at det bare tok Sovjetunionen ei veke å "erobre" Afghanistan i 1979. Deretter følgde ti år med blodig krig mens Sovjetunionen freista feste maktgrepet sitt.

Afghanarane kan frigjøre seg sjølv

Dei ulike afghanske folkegruppene kan virke splitta og ueinige. Ei sak har dei likevel felles: Uviljen mot ytre innblanding. Trass i fjernsynsbilete med lykkelege afghanarar er det veldig få av dei som likar bombingane frå USA og Storbritannia. Abdul Haq, ein pashtunleiar som seinare vart drepen av Taliban, meinte i eit intervju at USA viser seg som "det dummaste landet i verda når det gjeld Afghanistan" ved å bombe. Han var fast overtydd om at afghanarane kunne frigjøre seg sjølv. Ikkje heller Nord-alliansen hadde vore positive til bombingane, men i fleire tilfelle klaga USA for å bombe sivile i staden for militære mål, og bare å ha syn for interessene til USA i krigsstrevet sitt.

Og afghanarane har rett. Bombinga av byane har drive ut menneske på landsbygda der dei er svært vanskelege å nå med hjelpesendingar. FN reknar med at 100.000 afghanske barn under fem år kan dø denna vinteren nettopp som følge av flyktningesituasjonen skapt av bombingane (7). Barna dør fordi USA må hevde sitt hegemoni. Barna dør fordi USA vil ha rett balanse i den kommande afghanske regjeringa. Barna dør fordi den øvrige verda er altfor veik, feig, lurt eller uvillig til å hevde intervensjonsforbodet i folkeretten.

Til ein viss grad dør barna au av rein gjerrigskap. Pentagon ville ikkje sløse i unytta med kryssarrakettane sine. I staden har ein brukt prosjektil med mindre presisjon, til dømes klasebomber. Ei klasebombe består av hundretalls mindre bomber som ikkje detonerer straks men i staden fungerer som landminer, i eit land der alt om lag 200 menneske blir skadd kvar månad av dei landminene dei sovjetiske militære spreidde ut.

Den 5. desember samla representantar for fire afghanske fraksjonar seg i Bonn for å danne ei mellombels regjering under USA overoppsyn. Nord-alliansens Burhannuddin Rabbani vart pressa av USA til å gi frå seg presidentposten til pashtunen Hamid Karzai. Nord-alliansen fekk likevel tri tunge postar i regjeringa, mellom anna forsvarsministeren. Seinare er det meininga at den gamle ekskongen Mohammad Zahir innan eit halvår skal åpne ei loya jirga (tradisjonell samling av stammeeldste), der framtida til Afghanistan kan fastleggast.

Visst finst det meiningsskilnader mellom afghanarane. Men den motsetninga som betyr mest, er den mellom dei afghanske fraksjonane på eine sida og USA med vasallar på andre sida. Afghanarane freista avgrense dei utanlandske "fredsbevarande" troppane som ein ville påføre dei, dels geografisk til Kabul, dels tallmessig til høgst 1.000 mann. USA var ikkje samd. Afghanarane vil dessutan ikkje at utlendingane blir for lenge, mens representantar for USA har snakka om eit langvarig engasjement. Vil USA med sine underordna forlate Afghanistan frivillig? Det er spørsmålet. Drar dei noen som helst lærdom av historia bør dei ta sitt pikk og pakk og reise så fort som råd (8).

Og så ser det ut til at alle imperialistlakeiane til den vestlege verda finn kvarandre. Frå høgre til venstre. Ta den gjengse skildringa av Taliban: Det rekk ikkje med å kalle dei brutale (noe dei naturlegvis er ettersom krig og maktetablering krev vald). Nei, dei er dessutan ikkje-menneske, som robotar henta frå ein eller annan science-fiction-film. Dei skal vere hjernevaska av suraramsande mullahar. Dei skal vere skapt og programmert av kyniske agentar frå CIA. Ein tar frå dei eige ansvar.

Basmachi

Samtidig blir dei frårøva menneskeverdet. Jamfør dei sovjetiske okkupantane som kalla motstandarane sine basmachi, "bandittar", eit uttrykk skapt i den tsarrussiske tida (9). Same rasisme og klasseforakt då som nå. Same imperialisme. Gamle ærverdige The Economist - det einaste store tidsskriftet eg veit om som framleis forsvarer Vietnam-krigen - viser nå i etterhand forståing for den sovjetiske erobringspolitikken: "Urbane og utdanna afghanarar ser tilbake på det Sovjet-støtta regimet som noe mindre vondt enn det kaoset og det trongsynet som følgde." (10) Nå skal altså USA halde fram Sovjets oppgåve; å gjøre menneske av barbarane.

President Pervez Musharraf i Pakistan kunne glede seg over Bonn-avtalen og over at krigen på det nærmaste var slutt før Ramadan, nøyaktig som han hadde lova urolege landsmenn. Men Musharraf hadde au merka at dei som verka så gåvmilde straks etter 11. september brått blei gjerrige. I midten av november vitja han USA. Det gav ikkje mykje, bare halve løfte. Kanskje skulle Pakistan få 1 milliard dollar i hjelp. Kanskje skulle tekstilindustrien i Pakistan få tilgang til heimemarkedet i USA. Og IMF kravde igjen strukturtilpassingar for å åpne på pengepungen. Teleforetak og oljeindustri måtte privatiserast (11).

"Bonn-avtalen er eit direkte speilbilete av vår eiga oppfatning," kommenterte forsvarsminister Sergei Ivanov i Russland. Og visst hadde russarane grunn til å vere glade. Dei hadde nå fått forståing frå omverda med omsyn til å tukte dei tsjetsjenske separatistane. Dei hadde nærma seg USA og auka innverknaden sin over fordelinga av dei sentralasiatiske energikjeldene. Og Nord-alliansen hadde fått tunge postar i den afghanske interimsregjeringa.

Den iranske statsleiinga gleda seg av delvis same grunn som den russiske, sjølv om Iran gjennom den åndelege leiaren Ayatolla Khamenei fordømte bombingane av Afghanistan som "uakseptable" og dessutan meinte at USA eigentleg hadde imperialistiske motiv. Likevel kunne reformvennene i Teheran via britisk mellomkomst nærme seg noe til duene i Washington.

Kina - den store taparen

Kina er - ved sida av Afghanistan - den store taparen i krigen. Vanlegvis reagerer Kina sterkt på alle teikn til militær aktivitet frå Japan. Nå måtte ein stillteiande sjå på at Japan etter amerikansk krav stillte opp med forsyningshjelp under bombekrigen mot Afghanistan. Men viktigast av alt: Gjennom Afghanistan-krigen har USA klart å bryte Beijing-Moskva-aksen som den kinesiske statsleiinga har jobba svært hardt for å skape den seinare åra. Førre året underteikna Russland og Kina ei vennskapspakt for første gong sidan 1950. Det såg ut til at Kinas ønske skulle bli oppfylt: Ein felles front mot amerikansk opprusting (12). Nå ligg det håpet i grus.

La oss samanlikne dei allmenne resultata av Afghanistan-krigen til nå med læreboka, nærmare bestemt den læreboka som Zbigniew Brzezinski gav ut i 1997, The Grand Chessboard. Brzezinski har mellom anna ei fortid som tryggingspolitisk rådgivar for Jimmy Carter. Han meiner at USA mest av alt bør frykte ein allianse Kina-Russland-Iran. Han tilrår derfor ei tilnærming til Iran, noe som var ganske kontroversielt i amerikanske krinsar då boka kom ut. Nå er det røyndom. Kina bør i følge Brzezinski isolerast. Det same med Russland. Kina er blitt isolert gjennom Afghanistan-krigen, men til prisen at Russland har komme inn som aktør i det område Brzezinski kallar Eurasias Balkan, og som Russland i følge Brzezinski bør haldast borte frå.

Eurasias Balkan består av åtte tidlegare Sovjet-republikkar pluss Afghanistan. Dei fleste grensene dei imellom vart tilfeldig teikna opp av russiske kartografar på 20- og 30-tallet. Landa er derfor splitta religiøst og etnisk. Området er rikt på mineralar og energireservar. Det gjør Brzezinski eit stort nummer av, og peikar særleg på Kinas aukande energibehov. Her bør ein likevel hugse at det absolutt viktigaste området når det gjeld energiforsyningane i verda er (og blir) Persia-bukta. Saudi-Arabia sit på ein firedel av dei kjende oljereservane i verda. Legg til fire granneland og me er oppe i 65 prosent. Denna olja får stadig meir å seie, dels fordi ho er billeg å utvinne, dels fordi salet frå desse landa bare utgjør ein tredel av totalen i verda. Oljetilgangane frå Saudi-Arabia og grannelanda utgjør ein veksande del av verdstotalen.

Bare eit lite avbrot i forsyninga av olje kan utløyse ei internasjonal krise ettersom olja nærmast har monopol når det gjeld transport. Den nye produksjonsmåten som går under namnet "mager produksjon" gjør dessutan den rike verda ennå meir sårbar. Dels er mager produksjon svært transportavhengig ettersom varene skal leverast "just in time". Dels er mager produksjon nettopp mager i den meininga at ein sparer inn på reservelagring. Det gjeld jamvel reserverlagring av olje.

Olja - ikkje så verdifull

Kva så med energireservane rundt Det kaspiske havet, som mange har peika på som viktig, både når det gjeld Jugoslavia-krigen i 1999 og Afghanistan-krigen nå (13)? Eg trur den forklaringa er betydeleg overdriven. Så verdifull er ikkje den kaspiske olja. Imperialismen følger sin eigen indre logikk. "The great game" mellom Russland og Storbritannia på 1800-tallet hadde ikkje umiddelbare materielle mål. Det gjeld heilt enkelt å halde kvarandre i sjakk. Finst det olje som spelar ei rolle i Afghanistan-krigen, er det heller den frå Saudi-Arabia.

USAs offisielle krigsmål i Afghanistan er i fallande rekkefølge: Fange Osama bin Laden, utradere al-Qa'ida, styrte Taliban. Bare det lågast prioriterte har ein sikkert oppnådd. Akkurat nå bombar ein fjell i traktene rundt Tora Bora. Det heile kan minne om ein galning som går laus på daude ting. Men det er ikkje heilt irrasjonelt. Det absolutte hovudmålet med Afghanistan-krigen er å demonstrere styrke.

Korleis har då Afghanistan-krigen påverka tilhøvet mellom USA og Europa? Brzezinski definerer EU som USAs eurasiske bruhovud og springbrett. USA herskar over EU gjennom Nato, så det finst ikkje grunnlag for at USA kan frykte EU blir for sterkt. Tvert om. EUs mål bør i følge Brzezinski utvidast slik at unionen kan hjelpe til i USAs globale maktutøving. Til det krevst ytterlegare integrasjon, noe EMU vil tvinge fram. Og integrasjonen har auka. Forsvarsminister Geoff Hoon i Storbritannia sa på EUs ministermøte i november at dei massive bombingane av Afghanistan kunne tolkast som "fredsframtvingande" og at militært nærvær i Afghanistan kunne tolkast som "skille av stridande partar". Dermed ville krigshandlingane USA og Storbritannia har gjort mot Afghanistan vere lovlege etter Petersburg-avtalen som jo regulerer EUs militære handlingar. Blir det allmenn tolking er det spørsmål om det finst noen grenser tilbake for EU som framtidig aggressor og okkupant.

Kva kan ein då gjøre med elendet?

Er ein solidarisk borgar og ønsker leve i noe som i det minste liknar eit rettssamfunn, bør ein støtte dei tri svenskane som utan rettargang og dom er straffa for terrorisme. Bidrag kan settast inn på postgirokonto 452590-3. Skriv "Solidaritet" på talongen.

Er ein dessutan tilhengar av folkeretten bør ein avvise begrepsglidinga til professor Ove Bring og regjeringa, ei begrepsgliding som inneber at USA gjennom alle sine handlingar utviklar (men i praksis avviklar) folkeretten.

Er ein på toppen av alt antiimperialist, bør ein freiste underminere USAs bruhovud og forkorte springbrettet deira. Det gjør ein enklast gjennom heilhjarta kamp for eit nei i den kommande folkerøystinga om EMU. Den rørsla som organiserer den breie EU-motstanden her i landet heiter Folkrörelsen Nej till EU. Gå med!

Fotnoter: