AKP sin programdebatt

[Attende til debattoversikta] [Attende til AKP si heimeside]

Innlegg nr 06 - lagt ut 18. mars 1999

Lenin om partiprogram i 1899

av Terje Valen

Vi burde vel studere program meir systematisk i samband med at partiet tar mål av seg å lage eit nytt slikt no. Her kan vere verd å vise til Marx sitt utkast til program for den første eigentlig kommunistiske organisasjonen i verda Kommunistforbundet. Han skreiv det i 1847 og du finn det i ei utmerkt omsetting av Morten Falck i Raude Fane nr 2, 1998.

Og her finn du ei oppsummering (side 253) frå manuskriptet "Eit programutkast for partiet vårt", i Lenin Collected Works, Progress Publishers, Moskva 1964, bind 4, sidene 227-254:

"Etter vår meining bør dette vere dei delane som programmet til det russiske sosialdemokratiske arbeiderpartiet skal innehalde:

  1. ein uttale om den grunnleggande karakteren til den økonomiske utviklinga i Russland,
  2. ein uttale om det uungåelige resultatet av kapitalismen: veksten av fattigdom og den aukande indignasjonen til arbeidarane,
  3. ein uttale om at klassekampen til proletariatet er grunnlaget for rørsla vår,
  4. ein uttale om dei endelige måla til den sosialdemokratiske arbeidarklasserørsla - om kampen for å vinne politisk makt for å oppnå desse måla - og om den internasjonale karakteren til rørsla,
  5. ein uttale om den grunnleggande politiske naturen til klassekampen,
  6. ein uttale om at den russiske absolutismen som bestemmer mangelen på rettar og undertrykkinga av folket og tener utbyttarane, er den viktigaste hindringa til arbeidarklasserørsla, og at det å vinne politisk fridom, noko som er essensielt i interessa til heile den sosiale utviklinga, derfor er den mest presserande oppgåva til partiet,
  7. ein uttale om at partiet vil støtte alle parti og delar av folkesetnaden som kjempar mot autokratiet og vil kjempe mot dei demagogiske intrigane til regjeringa vår,
  8. ei opprekning av dei grunnleggande demokratiske krava,
  9. krav som tener arbeidarklassen og
  10. krav som tener bøndene, med i forklaring av desse krava.

Omsett av Terje Valen, 16.03.1999.

PS. Elles er heile bind 6 av Collected Works full at mange innlegg om partiprogrammet frå 1902 - saman med den glimrande artikkelen om organisasjon "A Letter to a Comrade on Our Organisational Tasks". Vel verd å lese for dei som leser engelsk og har tilgang til boka. DS

[Attende til debattoversikta] [Attende til AKP si heimeside]