31. mai 2002

Ingrid Baltzersen
er med i leiinga i AKP

Kven er far?



No for tida er det biologi som er viktig. Forsikringsselskapa vil helst sleppe å forsikra deg viss du har nokre skumle gen, - og familie vert vurdert ut i frå biologiske band, ikkje sosiale.

Barne- og familiedepartementet har no laga eit framlegg til endring av barnelova. Gjeldande lov seier at barnet kan alltid reisa sak for domstolane om farskap, utan tidsfristar, medan den som meiner han kan vera far til eit barn, kan reisa sak om farskap berre fram til barnet er tre år og berre dersom han kan leggja fram opplysningar som kan tyda på at han kan vera far. Kvar av foreldra kan vidare reisa sak dersom vedkommande legg fram opplysningar som tyder på at ein annan kan vera far til barnet. Dette må gjerast eitt år etter at vedkommande vart kjend med opplysningane.

Det nye forslaget tar bort desse tidsfristane. Det betyr at ein mann kan tru at han er biologisk far til ein unge, og kva tid som helst gå til sak for å få vita det sikkert.

Er det ein menneskerett å få vita kven ein er far til? Viss ikkje far kjem inn i livet på eit tidleg tidspunkt, er det ikkje då ungen som skal velja om ho treng ein ny far berre fordi ho kanskje har fått halvparten av gena sine frå ein mann som ikkje er han ho tenkjer på som far?

Sjølvsagt kan eg forstå at det er frustrerande viss ein trur at ein har ein unge, men ikkje er heilt sikkert. Mykje av ideologien rundt det å få ungar går på det biologiske, ikkje det sosiale. Men kva rettar har ungen oppi dette? Det er ungen sitt beste det skal handla om, ikkje oppfyllinga av foreldra sin trong. Ungar må kunna velja å ikkje vera med foreldra sine, anten det er av di dei oppfører seg dårleg, eller av di dei ikkje har vore der i det heile. Ei rettssak starta av ein far, mot ungen sin vilje vil ikkje bidra med noko positivt til ungen. I USA ser ein at ei rørsle av "dads" som kjemper med blodprøva i hand for å få frådømt eller tildømt farskap for ungar, ofte på trass av kva ungen og resten av familien ynskjer, og med ein negativ ideologi mot kvinner.

Eg meiner at me må slåst for at dei sosiale banda skal vera dei viktigaste, og slåst for ungen sin rett til å bestemma over sitt eige liv. Dette forslaget på lovgjeving er ikkje eit steg på vegen til det.

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside