29. mai 2002

Erling Folkvord
er nestleiar i RV og med i AKP

Byrådets fem feil
og den sjette som skulle skjule den femte




Dette var RV sitt hovudinnlegg under mistillitsdebatten i Oslo bystyre i dag:

Ordførar! Dette er ei svært alvorleg sak, og nokre sider av den er trist. Det skal eg kome tilbake til. Og nokre av dei alvorlegaste sidene av saka blir ikkje sluttbehandla gjennom denne mistillitsdebatten i kveld.

Eg skal bruke dette innlegget til å leggje fram RVs syn på fem av dei viktigaste feila byrådet har gjort i denne saka. Fem feil som gir grunn til mistillit, men eg må først seie litt om det saka ikkje handlar om.

Ein høgrepolitikar som var byråd for eitt år sia, gjentok i går i eit innlegg i Aftenposten same feilinformasjon som han har gjentatt med korte mellomrom siste året. Han påstår at sjukehusboligane er "Verdier Oslos skattebetalere ville blitt snytt for dersom deres (dvs. forslagsstillerne bak dagens mistillitsforslag) hadde fått flertall" (Aftenposten aften 28.05.02, side 35).

Sia herr Folke Fredriksen trekker inn ordet å bli snytt i debatten, vil eg understreke at det er spreidd så mykje feilinformasjon frå byrådspartia at berre det å sortere snørra frå barten er ei betydeleg oppgåva.

Byrådet har sagt gong på gong at dei har sikra 715 millionar kroner til bykassa, istadenfor 0 kroner. Dette er ein falsk argumentasjon.

For det første veit alle at stat, fylke og kommune er tre ulike nivå i det offentlege apparatet. For det andre veit alle at det er staten som har bukta og begge endane og all makt og myndighet når det gjeld å bestemme kva inntekter og kva utgifter kommunane skal ha, eller ikkje ha.

For det tredje er det derfor åpenbart at ikkje går an å "lure staten" og sikre 715 millionar til bykassa slik byrådet har påstått. Frp's fremste helsepolitikar oppsummerte dette nokså presist i Aftenposten i går da han nøkternt konstaterte at "Skattebetalernes verdier blir jo fremdeles sikret selv om staten overtar dem".

RV var motstandar av Ap-regjeringas råkøyr for å omdanne sjukehusa til marknadsstyrte foretak, og vi stoler ikkje meire på staten enn på byrådet. Men det er eit faktum både juridisk og politisk at staten har makta og når som helst kan nulle ut dei kronene Oslo kommune eventuelt får inn, dersom sjukehusboligsalet blir gjennomført.

Fram til no har jo Oslo kommune for øvrig berre fått meirutgifter, redusert anseelse og ingen inntekter på grunn av byrådet sine metodebruk i fjor vår.

Alle som er ærlege, må dessverre vedgå at det går enda eit par år før vi veit kva som blir den økonomiske nettoverknaden av sjukehsureformen for Oslo sin samla økonomi.

Det som er sikkert er at billegsal av fast eigedom frå det offentlege og til private, det betyr eit samla, netto tap for skattytarane og det offentlege. Og ein tilsvarande gevinst for private. Det er bl.a. derfor vi har ein eigen Lov om offentleg støtte som forbyr folkevalde å gi støtte gjennom større prisavslag enn 5 prosent.

Det er politisk uenighet om det er klokt å gjennomføre slike sal. RV synst det er uklokt. Men det er ikkje det mistillitsforslaget handlar om. Befolkninga får dei politikarane som dei fleste stemmer på. Og byrådet kan bruke makta si til for eksempel å hjelpe private eigedomsoppkjøparar - viss dei får fleirtal i bystyret.

Mistillitsforslaget er grunngitt med at byrådet har brukt ulovlege metodar og bryti bystyrevedtak for å få til eit opplegg som påfører det offentlege eit tap på minst 340 millionar.

A, SV og RV krev at byrådet må følgje norsk lov og bystyrevedtak. Vi konstaterer at slike parti som Venstre og Frp synst dette er urimelege krav.

Byrådet skryt av at det er så liten avstand mellom takst og salssum som 3,4 prosent. Eg skal beskrive fem feil i dei metodane Erling Laes byråd brukte for å komme ned på denne 3,4 prosenten. I dette resonnementet godtar eg påstanden om at byrådet var i ein tvangssituasjonen og berre hadde fire månader og 18 dagar til få selt boligane til høgast muleg pris.

Den første feilen var at byrådet tapte mye tid ved å vente over 6 veker før dei oppretta eit salsprosjekt. Men da dei første gjorde det, så valde dei i alle fall eit takstfirma som kjende eigedomsmassen godt frå eit liknande oppdrag i 1999. Og sjølv om metoden med å selje alt under eitt verka prisdempande, og mykje tid var tapt, var det enda muligheter til å få til ein nokså seriøs prosess.

Den andre feilen var at byrådet i april ga dette takstfirmaet sparken da dei var nesten ferdige med jobben. Ut frå Catella-rapporten av 30. mars var det nokså klart omtrent kva prisnivå sluttresultatet kom til å ligge på. Men det sto igjen nødvendige korrigeringar ut frå endra føresetnader som kommunen ikkje hadde tatt med i det første oppdraget til Catella. På dette tidspunktet - når det kanskje var éin prosent av jobben til Catella som sto igjen - bestemte byrådet seg for å kople inn eit heilt nytt takseringsfirma.

For meg er dette ei heilt uforståeleg avgjerd, dersom målet var å spare tid og få eit så seriøst resultat som muleg.

Synst du, ordførar, at dette gir tillit?

Den tredje feilen var at det nye firmaet, OPAK, vart engasjert på ein måte som er ukontrollerbar. Bestillinga og beskrivinga av dette milliardoppdrag skjedde muntleg!! Den skriftlige bestillinga vart skrivi etter at OPAK-rapporten var levert den 26. april. Syns du, ordførar, at det går det an å ha tillit til eit byråd som handlar slik i ein kritisk fase av ei sak der så store verdiar står på spel.

I og med denne første OPAK-taksten som vart lynraskt utført, var takstverdien kraftig redusert i forhold til det Catella var på veg til å konkludere med.

Den fjerde feilen dukkar opp da byrådet vart klår over heller ikkje denne første OPAK-taksten på 795 millionar var låg nok. For Sundal Collier & Co var ikkje villige til å betale meire enn 735 mill. Avstanden mellom OPAK-taksten og høgste bud var altså langt meire enn dei lovlege 5 prosent.

Her var kanskje gode råd dyre? Og i desse dramatiske dagane skjedde det nok rådslagningar som enda ikkje er avdekka.

Men etter at budet frå Sundal Collier var godtatt, oppdaga byråd Tornås i alle fall at nokre av blokkene ved Ullevål hadde vori utleigd til Studentsamkipnaden dei siste 10 åra og at leigekontrakten gjeld fram til 2006. Det merkelege er for så vidt at dei to engasjerte takseringsfirmaa ikkje hadde vorti informert om dette. Men det er klart at dette "nye" faktumet måtte påverke taksten og marknadsverdien.

I ei elles alvorleg sak må eg elles få lov å nemne at byråd Tornås skapte munterhet i byutviklingskomiteen sitt møte 23. mai i fjor. Da vart byråd Tornås nemleg spurd om når byråden personleg vart kjend med dette utleigeforholdet, som altså hadde vorti etablert først på 1990-talet. Byråden svara da: "Det spørsmålet må jeg be administrasjonen svare på."

I slike situasjonar forstår eg at det kan vere ei krevjande oppgåve å vere administrasjon for det sitjande tre-parti-byrådet.

Men tilbake til alvoret. Den fjerde feilen er at byrådet på nytt veljer feil rekkjefølge. Det naturlege hadde vori at dei no hadde gått til takstfirmaet og bede dei vurdere kor stor verdireduksjon seljar må godta at denne utleigeavtalen fører til. Og så burde dei prøvd å kome best muleg ut av ein reforhandlingsrunde med kjøpar.

Byrådet gjorde omvendt: Først forhandla dei med Sundal Collier og kom fram til at salssummen måtte reduserast med 20 millionar kroner. Dette var klart natt til tirsdag 8. mai.

Etter dette ser det av dei framlagte saksdokumenta ut til at det ikkje skjedde meire, verken tirsdag, onsdag eller torsdag. Men fredag 11. mai er det eit møte der OPAK får i oppdrag å lage ein ny takst, og ta omsyn både til leigekontrakten med Studentsamskipnaden og nokre detaljar i avtalen som natt til tirsdag vart framforhandla med Sundal Collier & Co.

Dette møtet er tilfeldigvis same dag som Dagens Næringsliv har sitt første oppslag om saka og skriv at "EØS kan stoppe salget".

Og igjen arbeidde OPAK raskt. Måndag 14. mai var den nye taksten klar, og den var på 745 millionar. Dermed var avstanden mellom salssum og takst redusert ned til "lovlege" 3,4 prosent.

For å bruke byrådets eigne ord: "Sett i fra et takseringsfaglig ståsted, er et avvik på 3,4% mellom takst og markedets vurdering, å anse som et meget godt resultat" (notat av 28.5.01).

Eller for å seie det enda litt freskare, med byråd Tornås sine ord til Aftenposten no nettopp: "Dette er en så god sak at jeg vil anbefale å gjøre det samme igjen" (Aftenposten 15.5.02).

Som amatør skal eg ikkje uttale meg om det takseringsfaglege. Eg veit også at det sit ein erfaren takstmann i salen, som for eitt år sia på briljant vis uttalte "at politikere neppe kan kalles takstmenn, selv om tittelen er ubeskyttet".

Same takstmann i Høgres bystyregruppe ga samtidig ei presis samanfatning av byrådets metode i denne saka: "De mest profesjonelle innen eiendomsmarkedet har vært engasjert, og markedet har gitt fasiten for hva som er markedsprisen." (Karl Arne Enquist (H) i bystyret 30. mai.)

Som uskolert amatør, både når det gjeld takst og politikk, vil eg tillate meg å oppfatte det slik at det var "markedet" representert ved Sundal Collier & co som ga fasiten. Og så leverte OPAK ein ny takst som ikkje hadde større avvik frå fasiten enn det som er lovleg.

Den femte feilen er at byrådsavdeling for finans, av ukjente årsakar skreiv eit høyringsnotat 4. mai i fjor, som har oppsiktsvekkande avvik frå det som det er vanlege at dei profesjonelle folka i denne byrådsavdeling gjer. RV har samanlikna med det detaljerte høyringsnotatet frå Simensbrekka-salet 6 månader tidlegare. Der var det og to takstar da høyringsnotatet vart skrivi. Byrådsavdeling for finans kommenterte begge. Dei gjekk og detaljert inn på ei vurderinga av kva boligane var verdt, før dei konkluderte med eit profesjonelt råd.

Men i saka om sjukehusboligane skriv byrådsavdeling for finans berre to linjer, istadenfor 2 sider i den andre saka. Dei kommenterer ikkje at det er to takstar som har ein markant nivåskilnad når det gjeld kva for ei marknadsleige dei tar utgangspunkt. Mens dei i Simensbrekka-saka samanliknar med kjende prisar i stroket, nemner dei ikkje med eit ord at OPAK til dels har brukt marknadsleigeanslag som er lågare enn det marknadsleigenivået som Bolig- og eiendomsetaten sjølv har beregna, slik dette var omtalt i Aftenpostens aftennummer 27. februar i fjor.

Når dette dokumentet frå byrådsavdeling for finans er så oppsiktsvekkande tomt for innhald, og avvik så sterkt frå ei sak som kan samanliknast med denne, er det grunn til å karakterisere dette som den femte feilen.

Byrådets fem feil har ein ting felles: Dei var til fordel for Sundal Collier & co som kjøpar, og dei svekka Oslo kommune si stilling som seljar.

For folk flest er det kostbart å bu i ein kommune å bli styrt på denne måten.

RV vil berre minne om den danske mønsterkommunen Farum, sjølve forbildet for privatiseringspolitikk. Der er det no Bagmandspolitiet som har fått oppgåva med å etterkontrollere til den politiske tryllekunstnaren som inntil nyleg var byrådsleiar Lae sin kollega.

Og som om ikkje dette var nok, har vi no fått oppleve at byrådsleiar Erling Lae, som er ansvarleg for alt dette, har tydd til rein bløff i et forsøk på å hindre at den femte feilen, det merkelege brevet frå byrådsavdeling for finans av 4. mai 2001, skulle bli kjend utanfor byrådet. I brev til ordføraren 16. mai hevda han rett ut at byrådet hadde inngått ein avtale med fylkesmannen dagen før, om ei saksbehandling for RVs innsynsklage som går på tvers av offentlighetslova.

Dette er oppsiktsvekkande, - det er uakseptabelt - og det er litt trist.

Eg er politisk usamd med Erling Lae om mange ting, og det er greitt. Men eg veit at mange har sett på han som ein redeleg og ærleg politikar. Og så er det han som tyr til rein bløff - i brev til ordføraren - for å skjule ein av byrådets feil.

Eg ser i Aften aften i går at han prøver å bagatellisere dette etter at bløffen er avslørt. Men faktum er at det han skreiv var eit velformulert brev for å narre fire av partigruppene. Hadde han brukt den nye formuleringa som han nemnte i Aften aften i går, så hadde brevet hans neppe hatt den verknaden som var tilsikta.

Går det an, ordførar, å ha tillit til ein byrådsleiar som bruker slike metodar for å hindre avsløring av den femte feilen i ein lov- og vedtaksstridig salsprosess der han sjøl har påført det offentlege eit tap på minst 340 millionar kroner, og gitt nokre av dei svært rike i Oslo ein tilsvarande ekstragevinst?

RV meiner at svaret er nei.

Og eg vil spørje bystyret: Går det an å ha tillit til ein byråd, som etter at ein vesentleg del av denne prosessen er avdekka, seier til Aftenposten at : "Dette er en så god sak at jeg vil anbefale å gjøre det samme igjen" (15.5.02).

Dei bystyremedlemmane som meiner svaret er JA, bør stemme mot mistillitsforslaget.

Og Erling Lae skal vere glad for at han er politikar og ikkje er tilsett i Oslo kommune, for da hadde han nok mista levebrødet. Kommunetilsette har fått sparken for mindre enn dette, for eksempel for å bryte lov og reglar og framkalla nokre private filmar på kommunen si rekning.

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside