Dei brukte Oslo 2002 til ei storstila uttesting av nye tiltak: Ei kommunikasjons- og beredskapsøving der utradisjonelle og ukjente politimetodar mot lovleg politisk aktivitet for første gong vart utprøvd i praksis i stor skala. Innhaldet i denne øvinga var noko heilt anna enn det politiet viste fram under demonstrasjonane mot Verdsbanken. Frå laurdag 22. til onsdag 26. juni var Oslo sentrum prega av mange og til dels store politiske demonstrasjonar. Politiet var nesten usynlege, bortsett frå eit innleigd helikopter med aller siste nytt innan film og telekommunikasjon og sivilkledde som drakk runde etter runde med brus på restaurantar og kafear. Erfaringa er eintydig: Det er lettare å avvikle slike demonstrasjonar på ordna og roleg vis når politiet ikkje blandar seg inn. Dei mange titals personane som på arrangørens oppfordring rydda Vaterlandsparken etter at gatefesten Reclaim the street var slutt like etter midnatt, kosta ikkje fem øre. Viss justisminister Dørum vil lære av dette, kan han flytte pengar og mannskap, for eksempel for å bekjempe den mest skadelege kriminaliteten. Han har jo ein statssekretær som veit mykje både om organisert kriminalitet og om kor lite staten gjer på det feltet. Det er sjølvsagt ikkje tvil om at det finst enkeltpersonar og små-grupper som synst det er kult å slåss med politiet. Slike idear har komi og gått, i alle fall sia Jan Carl Raspe frå Rote Armee Fraktion i 1974 prøvde å byggje opp norske avleggjarar. Raspe sin Norges-turne vart heilt mislykka. I dei raude miljø han oppsøkte, trefte han på AKP-arar som avviste terror som politisk metode. Sia den gongen har skiftande justisministrar vorti like forundra kvar gong det har vist seg at det er ytre høgre som har stått og står for det som har vori av politisk terror i Norge. Som togvakt for Oslo 2002 trefte eg på to personar blant dei nærmare 10.000 som sprang rundt ved ein McDonald-butikk og skreik "smash every window". Det praktiske resultatet vart to knuste pilsflasker. Vi behøvde ikkje politi for å få vekk dei glasskåra før nokon skar seg på dei. Dei to skrikhalsane drukna i eit politisk bevisst folkehav som ønskte å rette politisk skyts og handlekraft mot Bondevik, Bush og Verdsbanken og den fattigdomsskapande politikken dei står for. Hadde dei to, som no berre vart tragikomiske, hatt lange rekkjer med politiskjold å skrike mot, kunne dei ha vunni i alle fall litt sympati. Og dei mest slagsmålskåte i politiet kunne fått nokon å slå laus på. Det er derfor bra at politileiinga sørga for at meir enn 1.000 politfolk med nyinnkjøpt slåsskamp-utstyr for millionbeløp, ikkje fekk blande seg i det som skjedde på gata. Men dette må ikkje få oss til å gløyme det vi kan kalle "politistats-sida" av framgangsmåten til justisminister Dørum (V) og rikspolitisjef Killengreen. Dei brukte Oslo 2002 til å gjennomføre ein type politiinngrep i Oslos daglegliv som vi ikkje har sett etter 8. mai 1945. Dei innførde "stopp forbudt" for Sentrum i dagane 22.-24. juni. Ei lang rekkje bedrifter vart innstendig åtvara mot det trugsmålet som demonstrantane ville vere. Dei stansa T-banen slik at det vart vanskeleg å kome seg til Jernbanetorget. Viss leiinga i Oslo kommune snakkar sant, var det politiet som ba byrådet bryte ein lovleg inngått leigekontrakt med Oslo 2002 på Hersleb skole. Politiet testa ut bruk av etterretningsinformasjon frå andre lands politi og brukte dette til å registrere og i ein del tilfelle også arrestere personar som kom til Norge frå nabolanda. Personar som ikkje er straffa for noko som helst, vart behandla som farlege kriminelle. Dette ser ut som politisk bruk av informasjon frå Schengen-systemet. Politiutspørjinga av tilreisande viser at politifolka såg på det å reise til Oslo for å delta i Oslo 2002 som ei kriminell handling. Den snille forma av slike spørsmål var, etter at namn og nummer var notert: "Du skal vel ikkje delta i demonstrasjonar i Oslo?" Når mange politifolk opptrer samordna, betyr det at det er overordna i politiet som har bede dei sjå på planleggjinga av Oslo 2002 som planleggjing av straffbar handling. Eit eksempel: Ein buss fra Danmark vart stoppa på Svinesund søndag morgon. Etter tre kvarters stopp, og kopiering av passa til alle passasjerane unntatt ein, forklarte politiet korfor dei gjorde dette: "Vi vil gjerne vite kven som reiser til Oslo." Dette er politisk bruk av politiet for å kriminalisere lovleg opinionsarbeid. Danske Enhedslisten vil sørge for at saka får eit nødvendig etterspel i Nordisk Råd. Justisministeren og politiet har altså testa ut polititiltak som ikkje hadde sakleg grunngiving i Oslo 2002. Før 24. juni hadde politiet og hjelp frå fleire hetsprega presseoppslag som tener ein del medlemar av Norsk Journalistlag til liten ære. Ein del av fasiten er dessverre at justisminister Dørum har fått drilla heile organisasjonen sin for seinare å kunne praktisere metodar som elles høyrer heime i ein politistat. |