|
(Appell i Stavanger) Israel skyt på Røde Kors- og Røde Halvmåneambulansar, arresterer og trakasserer Røde Halvmåne-personell som rykkar ut for å hjelpa dei hjelpelause, Israel skyt på fredelege, ubevæpna demonstrantar, dei skyt tåregassgranatar mot sine eigne fredsdemonstrantar, dei stenger for vatn og straum til palestinske område, dei hindrar folk i å få mat. Folk skal liggja og blø ihel og svelta ihel mens israelske tanks og bulldosarar jamnar palestinske område med jorda. Dei arresterer systematisk alle vaksne palestinske menn i by etter by, mens internasjonal presse blir nekta adgang. Kva skjer med dei massearresterte? Kva er det Israel gjer som internasjonal presse ikkje må få vita? Kor mange sivile blir skotne, blør ihel, svelt ihel, utan at omverda får vita det? Den som ikkje kan ta avstand frå framferda til dagens israelske regjering, må aldri meir ta ordet «menneskeverd» eller «menneskerettar» i sin munn. Det som Israel i dag gjennomfører, er ei systematisk etnisk rensing av store område - kanskje av heile Vestbredda. Det liknar stygt på eit folkemord. Dagens statsminister Sharon blei i 1982 av si eiga regjering utpeika som skyldig for massakren på 1.800 flyktningar i Sabra og Shatilla. I dag påstår han at han fører krig mot terroristar. Den verkelege terroristen i Israel er Sharon sjølv. Den norske regjeringa må slutta å lefla med denne krigsforbrytaren og i staden forlanga at Israel trekkjer seg ut av dei okkuperte områda! Samtidig må regjeringa vår krevja FN-observatørar i Palestina, og dei må anerkjenna Palestina. Her er ikkje to likestilte partar som begge har like mykje ansvar. Det er heller ikkje jødar som folk som skal lastast. Det finst ein okkupantstat, Israel, og det er den som har ansvar for volden. Vi må få slutt på okkupasjonen for å få slutt på hatet. Våkn opp, Europa brenner, skreiv Øverland i 1937. I dag er det Palestina som brenn. |