Betlehem rundt juletider pleier å vera eit yrande folkeliv. Tusenvis av pilegrimar vil reisa til vogga til fredskongen. I forfjor bruka heile handelsstanden opp mange pengar på å rusta opp byen, pengar dei såg på som ei investering for framtida. Så kom intifadaen, og turistane stoppa å komma. I år er det heilt tomt. På juletreet i Betlehem heng det bilete av martyrar. Arafat som pleier å feira jul i Betlehem, er nekta å reisa frå Ramallah. Han har lova å gå på føtene sine viss han ikkje kan reisa på annan måte, men det er israelarane som kontrollerer vegen ... Israel har gjennom heile den nye intifadaen gått inn for å strupa den palestinske økonomien. Dei har oppretta militære sjekkpunkt på dei fleste store vegar, og transport er umogleg. Det er difor ingen turistar kjem til Betlehem. I tillegg til at dei er redde for krigshandlingar, orkar ikkje amerikanske og europeiske turistar å reisa på vegar der dei ikkje er sikre på når dei kjem fram, må skifta buss for kvart sjekkpunkt, og vert behandla som moglege terroristar. Eg vitja Betlehem i oktober, rett før opptrappinga av den israelske terroren etter at Revham Zevi vart drepen. Me vitja ein liten flyktningfamilie som hadde hatt pengar nok til å laga seg eit hus utanfor flyktningleiren, i ein vakker ås med oliventre. Det einaste problemet er at huset ligg nær grensa til israelskkontrollerte område, og første dagen dei budde i huset vart det skada av maskingevær og granat. Familien måtte gøyma seg i kjellaren. Når me var der hadde dei bygd det opp igjen, men rett etter me reiste, gjekk israelarane inn i området igjen. Slik er det å leva i Palestina, det uforutseibare, forferdelege, er normalt. Thi gleder seg Jerusalem ... Jerusalem er ein delt og innestengt by. Det er ein viktig by for palestinarane. Dei største heilagdomane deira finst der, det er den sentrale byen for handel og transport. Det er den sentrale byen på Vestbreidda, både politisk og religiøst. Her ser ein tydeleg korleis israelarane vil flytta palestinarane ut frå dei viktige områda. I gamlebyen har palestinarane budd i mange tusen år i fred, - kristne, muslimar og jødar saman. Ein israelsk institusjon som Sharon har mykje med, har no eit prosjekt for å innføra jødisk liv i heile gamlebyen, og fortrenga palestinarane. Dei jødiske ekstremistane vil bygga eit tempel over dei muslimske heilagdomane. Jerusalem vert òg omringa av nye busetjingar som skil byen frå resten av Vestbreidda og stenger palestinarane inne. Det er ikkje berre i Jerusalem livet er innestengt. Mykje kan tyda på at taktikken til Sharon no er å stenga palestinarane inne på Vestbreidda og Gaza, konsentrerte på små område, utan moglegheit for kommunikasjon. Israel vil ha kontroll over vegane og store område vil bli busette av jødar. Busetjingane har jo auka etter Oslo-avtala, spesielt under Sharon. Dette vil føra til meir palestinsk oppstode eller stille utflytting. Palestinarane går ei utrygg jol i vente. Ramadan og Eid-feiringa var samtidig med at den israelske terroren auka. I skuggen av Afghanistankrigen har israelarane fått herja fram slik dei ville. Verda er tyst. Halelujah, Halelujah! Les historia om Josef og Maria si ferd frå Nasaret til Betlehem - om ho hadde gått føre seg i 2001: http://electronicintifada.net/features/articles/20011217arjanannet.shtml |