Sidemålsstilen har vore i fokus frå tid til anna dei siste månadene. Etter at sidemålsstilen vart innført i 1907, har nynorsken jamt vore i skotlina, og skytset har ofte vore retta mot sidemålsstilen på nynorsk. Det er lett å gløyme at bokmålet også er sidemål for mange. Argumenta har nokre gonger vore at det er urett å tvinge eit ukjent og uvant skriftspråk på folk; i dei seinare åra har det jamvel blitt sagt at det skal bli lettare å skrive norsk om ein berre held seg til den eine målforma, og då helst til bokmålet. I avisartiklar les eg om ungdommar som ikkje kan utstå all terpinga og pugginga av grammatiske skjema og reglar. Fleire elevar kan fortelje om norsklærarar som ope gir til kjenne at dei ikkje synest noko om nynorsk og ber elevane søkje fritak frå sidemålsundervisninga om dei kan. Mange elevar møter nynorsken med markant uvilje. Ei anna haldning i skulen til det å skrive nynorsk ville ha vore til stor hjelp i arbeidet med sidemålsstilen for dei fleste. Sambandet mellom talemålet til svært mange elevar og det nynorske normalspråket vert knapt nok utnytta slik det burde. I staden for å vise uvilje og markere det med å oppmode ungdom til å velje bort nynorsk, burde skulefolk heller freiste å gjere sidemålsopplæringa meir interessant og meiningsfylt, slik at elevar flest kan lære å kjenne nynorsken som det skriftlege uttrykket for dialektane, eit språk dei kan kjenne seg heime i og uttrykkje seg naturleg og greitt på. For nynorskbrukarane handlar sidemålsopplæringa om å venje seg til å skrive det dei får øyrene tuta fulle av heile dagane i radio, på TV og i aviser. Det fell nokså lett for dei; utfordringa blir meir å friske opp bokmålet med ordtilfang og seiemåte frå det folkelege talemålet. På det viset kan dei få til eit meir norsk bokmål, om dei vil. Meir enn ein halv million menneske brukar nynorsk. At den nynorske litteraturen er stor og rik, er eit godt argument for at nynorsken må få ein plass i norskfaget i skulen. Både nynorsk og bokmål er likeverdige språk over heile landet. Difor er det eit viktig prinsipp at bokmålsbrukarane og nynorskbrukarane skal ha lik rett på alle område, til dømes å få lærebøker, eksamenar, brev og sjølvmelding på sitt eige språk. For at dette skal vere praktisk mogleg må alle få ei god opplæring i begge språka. Når bystyret i Oslo vedtek med SV- og AP- stemmer ei prøveordning med friviljug sidemålsstil, så føyer dette seg fint inn i den nyliberale tida vi lever i. Nynorsk er avlegs; det passar ikkje inn i marknadstenkinga. Og når så mange, også nynorskbrukarar frå ungdomsskulen, vil velje bokmål på vidaregåande, så trur eg det står urolege foreldre bak og pressar på: Vil du fram i verda, guten min, så bukk og skriv bokmål! Kan det verkeleg vere slik at det er sidemålsstilen på nynorsk som gjer at mange har vanskeleg for å skrive godt? Blir ein betre i norsk med mindre norskopplæring? Det har eg vondt for å tru. Det ville vere ille om tusenvis av elevar blir fråtekne retten til å setje seg inn i breidda i det norske språket! Lat oss halde på den obligatoriske sidemålsstilen, både på bokmål og nynorsk. |