Verken AKP, RV, Klassekampen eller SV ser ut til å ha sterke meiningar om ulv eller anna rovvilt for tida. Det er kanskje like bra. For desse sakene er så kompliserte - det er ikkje berre å ta eit standpunkt på eit møte. I tillegg til det reint økologiske har sakene også økonomiske, kulturelle, sosiologiske og politiske sider. Dei som lettvint seier ja, ja - eller nei, nei til rovvilt, tek ikkje omsyn til alle momenta som trengst i vurderinga. Vi er nokre i AKP som ser dette som eit politisk spørsmål - ein del av klassekampen i Norge.
AKP er imot å legge folket sin matvaretryggleik i fanget på den internasjonale matvarekapitalen. Vi er for størst mogleg sjølvforsyning for det norske folket og for andre folk omkring i verda. Vi er for at matproduksjonen i Norge skal foregå på små, sjølvstendige einingar som er spreidd rundt i heile landet. I tillegg til at det er rett av økologiske, politiske, kulturelle og sosiale årsaker, er det den beste måten å unngå dei dyresjukdommane som herjer det industrielle landbruket. Retten til beiting for bufe i utmark er distriktslandbruket sin viktigaste ressurs. I den situasjonen som er nå, der restane av det naturbaserte landbruket kjempar for å overleva, er det særs viktig å forsvare beiteretten. Det aukande talet på rovvilt i stadig fleire område der bufe beitar i utmark, er ein trussel mot matproduksjonen i desse områda. Viss det skal opprettast eigne soner der ulven skal få utvikle seg i fred, tyder det at beiteretten til gardane i området blir beslaglagt. Vi har ferske erfaringar med slik type forvaltning. For omlag 10 år sidan vart det oppretta "kjerneområde" for bjørn og jerv fleire stader i landet. I kjerneområdet for jerv i Rondane/Dovrefjell har saueeigarane lidd store tap i mange år, og det har vore omtrent umogleg å få løyve til å ta ut dei individa som gjer mest skade. I tillegg til at bøndene har mista ein stor del av enkelte flokkar, har det vore ein del av forvaltninga at dei må ta sauen heim frå beite tidleg på hausten. Nå har talet på jerv i dette området blitt så stort at "kjerneområdet" fjernast frå kartet, og lokalsamfunnet blir overlatt meir av ansvaret og kostnadane med å leva med problema det skaper. Det skal bli enklare å få løyve til å ta ut enkeltindivid som spesialiserer seg på å ta sau. Men å springe på jakt etter jerven på sommarføre er ingen enkel oppgåve. Norge har eit særskilt ansvar for å ta vare på jerven. Han høyrer i hop med villreinen, og trengst til å reinske opp i villreinflokkane. Det finst ikkje tilsvarande argumentasjon for at Norge skal legge tilhøva til rette for ulven. Ulv gjer mykje større skade på bufe enn dei andre rovviltartane vi har, formerer seg mykje raskare og er enda vanskelegare å jakte på. Han kan overleva som art i Norden utan at vi oppretter eigne administrative revir for han i Norge som vil fortrenge bufe frå beiteområdene. |