18. juli 2001
Kjersti Jacobsen
er medlem i Otta AKP og i Nei til EU

Glosebok etter Göteborg

Eg har registrert at den politiske ordlista har blitt utvida og delvis endra etter Göteborg. Det kan vera nyttig å følgje med og lage vår eigen glosebok, for orda har meining og seier noko om kva veg det ber.

Eitt av dei nye omgrepa er Rörelser kopplad til ideologiskt motiverade brott. Førebels finst det ikkje på norsk, men det kjem nok. I Schengen spreier dei nye politi-taktikkane og omgrepa seg raskt. Er steinkasting mot politiet ideologisk motivert brot? Kan det ikkje like gjerne vera psykologisk motivert? Raseri som utløysande årsak? Kor langt er det frå å forklare eit brot ut frå ideologi til å kriminalisere sjølve ideologien?

Eit anna nytt omgrep er Førebyggjande åtak. Det er nemninga på den aksjonen politiet gjorde på Hvitfeldska gymnasiet torsdags formiddagen. Politiet trudde at nokon av dei som oppheldt seg der ville koma til å gjera ulovlege handlingar på eit seinare tidspunkt. Difor gjekk dei til åtak. Dette er i god Schengen-ånd. Men ikkje berre her. Amerikanarane veit å fortelja at det har vore ein mykje brukt metode i USA etter Seattle. Same "ånda" tillot politiet å vise bort ein danske som hadde fått bot for å ha spraya slagord mot unødige motorvegar i Danmark, frå Sverige den aktuelle helga.

Det einaste det svenske politiet har tatt kritikk for er Naiv planlegging. Naiv tyder godtruande/truskyldig. Trudde politiet at berre dei tedde seg som gale hundar den første dagen ville demonstrantane bli snille som lam eller reise heim? Det var i så fall verkeleg naivt. Å vera godtruande i den rette tydinga av ordet, og vente med å gripe inn til det eventuellt vart nødvendig - det var ikkje aktuell taktikk. Så nå har polisen fått "gode argument" for meir pengar, fleire folk, meir utstyr, meir overvaking.

Eit ord som slett ikkje er nytt, men som har fått ny aktualitet etter Göteborg er Voluntarisme - det syn at røyndommen i sitt innerste vesen er vilje (og ikkje til dømes fornuft). Berre du verkeleg vil, så kan du stoppe toppmøtet! er voluntaristen sin ide. Dette fenomenet inneber ei stor utfordring for alle som ønskjer breie massemobiliseringar framover.

Sist meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside