7. april 2001
Ingrid Baltzersen
er med i styret i Oslo LLH og i sentralstyret i AKP

Rett til adopsjon
for lesbiske og homofile

Rett til adopsjon for lesbiske og homofile er ein sak som er mykje i media for tida, Senterpartiet uttalte seg om det på landsmøtet sitt, Arbeidarpartiet har politikk på det allereie. AKP uttala seg om saka på landsmøtet i 1999. Mange, òg på venstresida ser på dette som eit vanskeleg spørsmål, og seier at det å ha ungar ikkje er ein menneskerett, ein må tenkja på det beste for ungane osv.

På eit debattprogram om dette på tv for ei veke eller to sidan var det ein homofil far som uttala seg om homofile skulle ha rett til å adoptera, om ikkje det var egoistisk? Han svara at det å få ungar er alltid egoistisk, men at homofile og lesbiske som adopterte eigentleg ville ha eit fortrinn foran dei heterofile, for dei homofile har gjennomgått mykje av det adoptivbarn gjennomgår, til dømes kjensle av å vera annleis og frykt for å verta utstøytt. Dei har klart seg gjennom det, og har gode råd til ungane sine om korleis dei kan takla det.

Det handlar ikkje om at det er ein menneskerett å få ungar. Men det handlar om at alle skal ha rett til å verta vurderte som dugelege foreldre. Eit mykje bruka eksempel for tida er byrådsleiaren i Oslo, Erling Lae, som kan styra befolkninga i Oslo, men som ikkje har rett til å adoptera born med den mannlege sambuaren sin viss han ynsker det. Adopsjon for lesbiske og homofile handlar om at det kapitalistiske samfunnet til no har organisert reproduksjon (ungar og middag) gjennom den heterofile kjernefamilien. No slår den typen familieorganisering sprekker, og einslege og lesbiske og homofile kjempar om retten til å verta sett på som likeverdige med den heterofile kjernefamilien.

Eit morosamt sidespor er at inndelinga i heterofilt par, einsleg og homofilt og lesbisk par i adopsjonsreglane gjev merkelege utslag. Eg sjølv til dømes, som er bifil, vil med dei noverande reglane verta definert ulikt om eg er gift med ein mann, er einsleg, eller er gift med ei kvinne. Men er eg ulik som dugeleg menneske og oppdragar berre fordi eg skiftar partner? Viss eg adopterer med ein mann og så vert einsleg eller saman med ei kvinne, er eg ikkje lenger ein god forelder då? Ungar veks opp i alle slags familiar allereie. Dei vert skikkelege folk. Dei likar ikkje å høyra at foreldra deira ikkje kunne ha adoptert, men dei er dugelege nok til å ta vare på dei biologiske ungane sine.

Retten til adopsjon for lesbiske og homofile er ikkje særleg grensesprengjande. Det var berre teit når einslege fekk rett til å adoptera og ikkje lesbiske og homofile, korleis sjekkar du legninga på ein einsleg person? Er det ynskeleg? Det som hadde vore grensesprengjande var om ungar som vaks opp med fire foreldre fekk same juridiske forhold til alle fire, om det vart lagt til rette for andre familieformar enn den einslege og den tosame. Men kampen for adopsjon er viktig for mange lesbiske og homofile, ikkje berre for dei som ynsker born, fordi det er eit signal på at ein vert sett på som skikkelege folk og ikkje som avvikarar.

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside