Dette er ein del av julehelsinga 2004 på www.akp.no.
Les gjerne innleiinga her.

Sanninga - del 5

Kven av kommunistleiarane skulle ta over leiinga når Lenin var død? Trotskij? Stalin? Sinovjev? I eit diktatur finst det ingen reglar for kven som skal bli den neste leiaren.

- Eg, Josef Stalin, kan ta makta etter Lenin ved å nytte metodane til han og Marx. Eg må vere slu og omsynslaus.

Stalin begynte med politikk da han var 16.

- Du skulle studere til ortodoks prest. Likevel stør du Marx si lære og nektar å tru på Gud. Du er herved utvist frå skolen.

Mellom 1902 og 1913 satt han i fengsel seks gonger.

- Du har planlagt bankran for bolsjevikane. For handlingar mot styresmaktene vert du fengsla på nytt.

Stalin tok ikkje så mykje del i 1917-revolusjonen. Men straks etter ...

- Det er Josef Stalin, den nye medredaktøren i regjeringsavisa Pravda. Dei seier han er ein ond mann.

- Lenin har også peika han ut til å vere generalsekretær i kommunistpartiet.

Den andre redaktøren i Pravda var Leo Kamenev. Han hadde også draumar om å ta Lenin sin plass ein gong.

Men Stalin hadde alt planar.

- Når Lenin døyr, vert Trotskij min verste konkurrent om makta. Nå er det tid for å bu seg. Eg skal halde meg inne med Kamenev og med Sinovjev, leiaren for Komintern.

Samstundes såg han til at Trotskijs vener vart flytta frå viktige regjeringspostar.

- Kamerat Trotskij. Vi har båe blitt fjerna frå postane våre av Stalin.

- Som generalsekretær i partiet kan han gjere slike endringar. Men ta det med ro. Vi vinn nok til sist.

Etter at Lenin var død, blei Stalins styrke openberr. Sinovjev og Kamenev slo seg saman med Trotskij for å sigre over Stalin. Men det var alt for seint. Stalin tok makta etter Lenin.

Stalin fekk Trotskij utvist frå Russland. Han vart følgd frå land til land av Stalins hemmelege politi. Til slutt, i 1940, vart han drepen av ein Stalin-agent i Mexico.

Kamenev og Sinovjev vart degradert og til sist avretta på grunn av verksemda deira.

Stalin bygde seg opp som ein allmektig leiar ved slu bruk av propaganda.

- Stalin er frelsaren vår.

- Stalin er ein far for oss alle.

Han oppmuntra til å byggje det kommunistiske ungdomsforbundet.

- Om nokre år vil de få bli med i kommunistpartiet. Men først må de lære at Stalin og partiet er gudane våre.

Ein av dei som hjelpte mest til å byggje opp om tanken om den allmektige Stalin, var Nikita Krustsjov.

- Lenge leve det største geniet blant menneska, vår lærar og leiar, som fører oss sigerrikt fram til kommunismen ... vår elska Stalin!

Samstundes styrka Stalin makta si ved auka bruk av terror.

- De høyrte kva eg sa! De skal arrestere alle som ein kan mistenkje for å vere usamd med meg. Er de i tvil, så arrester!

Eit knakk på døra nattestid vart den mest frykta lyden i Russland.

- Det er nokon på døra.

- Det må vere det hemmelege politiet. Dei har vore etter meg heile dagen. Eg må ha sagt noko gale til nokon ...

Barn fekk særskilde oppmodingar om å melde alt antikommunistisk prat.

- Kommunistane sa at dei skulle gjere ting betre. Men det er vorten verre.

- Dette må eg melde til ungdomsleiaren min.

Ja, i ein av parkane i Moskva står det ei statue av Pavlik Morosov. Han vart kommunisthelt fordi han fortalte dei raude at foreldrane var antikommunistar.

Det vart oppretta arbeidsleirar som korrektiv. Millionar av russarar som Stalin såg på som "farlege", vart sendt for å arbeide der. Dei vart tvinga til slavearbeid på offentlege prosjekt som dammar, kanalar og jarnbanar.

Lenins "nye økonomiske politikk" vart stoppa.

- Stalin har vedtatt at de ikkje lenger får arbeide på eiga jord. Staten tar attende all eigedom.

Ein rad "kollektivbruk" vart etablert.

- Dei sender heile familien min til denne garden dei har.

- Dei sender tusenvis av oss. Og alt vi produserer, blir levert til styresmaktene.

Bøndene fekk ha berre to eigedelar.

- I det minste får vi ha ei ku og ein grønnsakhage for oss sjølve.

- Ja, men huset er ikkje vårt. Og dei tek alt det andre vi dyrkar.

Snart ...

- Bøndene er sinte. Dei drep kveget og brenn avlingane.

- Det må vi få ein slutt på.

Men bøndene øydela kveg og avlingar i så stort monn at ein svær hungersnaud spreidde seg over store delar av Russland.

- Kanskje regjeringa no vil skjønne at dei ikkje kan ta eigedomen vår.

Resultatet var at millionar av russarar svelta i hel.

Stalin nekta å ta mot hjelp frå andre land.

- Eg godtar det ikkje. Om eg gjorde det, ville eg vedgå at kommunismen er ei fiasko.

I staden spreidde Stalin meir terror blant folk.

- Enda eit tog med folk som trassa Stalin.

- Dei burte ha visst betre. Nå kjem dei til å døy i Sibir.

Folk vart tvinga til underkasting.

- Vi har i alle fall mat på bordet.

- Familien min kan ete no - men prisen er fridomen min.

Og innanfor murane på Kreml ...

- No må vi styrke Russland, slik at vi kan spreie kommunismen til heile verda.


Del 6 av denne historia finn du her.