Stalin hadde tatt makta og piska det øydelagde landet til truskap gjennom terror. Med verdsomfemnande kommunisme som endeleg mål, tok han til å byggje opp landet si makt.

- Kamerat Stalin har laga noko han kallar "femårsplan". Det skal hjelpe oss å byggje opp tungindustrien enormt.
- Ja, men han har laga nesten uoppnåelege mål. Det går ikkje å auke produksjonen så mykje på fem år.

Men Stalin meinte det var mogleg - med kommunistmetodar.
- Tungindustrien er ryggraden når vi skal bu oss på krig. Mange vil li og døy på grunn av dette arbeidet. Ikkje ta omsyn til dei. Ta omsyn til kommunismen.
Millionar vart sendte til tvangsarbeidsleirar.

Hundretusenvis av desse slavane døydde av den barbariske handsaminga ...
... men blodet deira hjelpte til å styrkje Russland og bu landet på krig.

I mellomtida fekk Stalin mistru til medlemer av kommunistpartiet.
- De rottar dykk saman mot meg. De vil sjå meg død, så de kan ta makta. De skal ikkje lukkast!
Stalin løyste problemet med oppdikta skuldingar og raske rettsaker.

På denne måten sørga Stalin for å halde partiet lite, slik Lenin hadde planlagt. Samstundes styrka han makta si gjennom eit terrorstyre. Mange tusen kommunistar vart avretta på ordre frå Stalin.
- Kameratar, det er no slik at ingen veit kven som er den neste.
- Ver varsam med kva de seier. Det er informantar overalt.

Sjølv om Stalins "femårsplanar" aldri nådde måla, blei den militære styrken til Russland mykje sterkare. I 1939 ...
- Stalin har gått med på å ikkje slåst mot Hitler-Tyskland. Dei kallar det ei ikkje-åtaks-pakt.
- Eg trur ikkje på nokon av dei. Dette luktar.

I løpet av nokre månader: Stalin angrip Aust-Polen. Hitler angrip Vest-Polen. Dei raude invaderer Finland. Dei raude tek Latvia, Estland og Litauen. Kommunisttroppar okkuperer Bessarabia. Dette skjedde trass i at dei raude hadde ikkje-åtaks-pakter med Polen, Finland, Latvia, Estland og Litauen.

Hitler og Stalin delte Polen mellom seg. Russland fekk 200.000 kvadratkilometerog Tyskland 190.000. Det raude hemmelege politiet rykka inn i dei nye landa.
- Hemmeleg politi.
- Dei er overalt. Ved minste mistanke vert ein sendt til Russland.

Meir enn ein million polakkar vart sendte til Russland. Mange familiar vart splitta.
- Herr Petroski, du skal til Stalingrad for å arbeide der. Resten av familien skal til Sibir.

I tillegg vart tusenvis av polske offiserar slakta ned.
- Ha! Dei polske offiserane marsjerar inn i skogen, men ingen kjem attende.
- Det tar maskingeværa våre seg av.
Det same hendte i Estland, Latvia og Litauen.

I mellomtida gav den lille, men tøffe finske hæren dei raude overraskande motstand. Men til slutt sørga den talmessige styrken for at dei raude fekk en delvis siger.
- Finnane har sagt vi kan få ein tidel av landet deira, kamerat Stalin.
- Vi skulle ha vunne heile Finland, men vi lyt akseptere.

Storbritannia og Frankrike hadde lyst krig mot Tyskland etter åtaket mot Polen. Med dei landa opptatt - og særleg av di han hadde vore venleg mot Hitler - rekna Stalin med at Russland var trygt. Men Stalin vart overraska av eit forræderi av hans eige slag - denne gongen frå Hitler. 22. juni 1941 gikk Tyskland til åtak på Russland.

- Vi skal kjapt drive fienden ut av landet vårt. Vi har allereie vunne fleire store sigrar.
Men sjølv visste Stalin betre.
- Tyskarane kjem strøymande inn i Russland, og hæren vår maktar ikkje å stoppe dei. Korleis skal vi kunne det, når vi ikkje ein gong klarte å vinne over Finland? Om vi ikkje får hjelp, er dette slutten.
Den store raude krigsmaskinen var i ferd med å falle frå kvarandre.
Del 7 av denne historia finn du her.