Viss Sverige bomba Noreg 16. mai ...

av Ingrid Baltzersen

Til innholdslista for akp.no 2003 ||| Til AKP si heimeside

Les også intervju med Ingrid her


Ingrid Baltzersen var på ferie i Damaskus i oktober. Mens hun var der, ble Syria bomba av Israel. Hun sendte et reisebrev til akp.no:

5. oktober, dagen før 30 års markeringa for oktoberkrigen, bomba Israel eit område nær Damaskus. Symbolsk er det på nivå med om Sverige skulle bomba i Holmenkollen 16. mai. Korleis ville den norske befolkninga reagert? Feiringa ville blitt avlyst og folk hadde stått i kø på Rimi for å handla 30 liter mjølk og 50 kilo mjøl.

I Syria verkar det som om folk tar det ganske rolig. Dagen etter angrepet var millitærmuseet fullt av familiar som bruka fridagen til å sjå på syrarane sine militære bragdar, blant anna ein israelsk Phantom Fighter som vart skote ned i krigen i 1973. Markeringa av det som av dei arabiske landa vert sett på som ein siger i kampen mot Israel, vart gjennomførd som planlagd, med jagarfly i formasjon over byen og offisiell seremoni med presidenten. Sjølv om dei til slutt tapte krigen og ikkje fekk tilbake dei områda dei tapte i -67, påførte dei den israelske hæren store tap, og slo sprekker i biletet av Israel som usårleg.

Folk eg har prata med, seier dei ikkje er redde, dei bur i ein region der slike hendingar ikkje er unormale. Sjølv om det er 30 år sidan det var krigshandlingar mellom Syria og Israel på syrisk jord, har Syria vore sterkt involvert i Libanon, og dei identifiserer seg også sterkt med skjebna til dei palestinske og irakiske nabofolka. Dessutan er Syria eit land der folk er sterkt kontrollert av myndigheitene, så folk demonstrerer nok ikkje i gatene viss ikkje presidenten ynsker det.

Og kva har myndigheitene gjort med det? Korleis ville norske myndigheiter reagert viss nokon bomba utkanten av Oslo? Syrarane forsøkte først å få det internasjonale samfunnet til å reagera ved å ta det opp i tryggingsrådet i FN. USA sa på forhånd at dei støtta Israel sin rett til å forsvara seg, og at det ikkje trengst fleire resolusjonar om Midtausten på ei stund. Sjølv om mange har fordømt Israel, både arabiske land og vestlege land som Tyskland, hjelp det ikkje så mykje, når supermakta USA gjev Israel blankofullmakt til å gjera det dei vil.

Det er tydelig at verken Israel eller USA har nokon plan for fred i regionen. Israels aukande aggresjon skapar ustabilitet. Syria har faktisk reagert veldig rolig, men åtvarer om at dei ikkje vil la vera å forsvara seg viss noko liknande hender igjen. Og sidan det ikkje verkar som om dei har utstyr til å ta fly og bomber i lufta, vil det nok bli forsvar med eit angrep på israelsk jord, eit angrep Israel ikkje vil forbigå i stillhet.

Den amerikanske kongressen har også trua Syria med økonomiske sanksjonar mot landet fordi dei meiner Syria har masseøydeleggingsvåpen. Og me såg jo korleis det gjekk med Irak.

Syria er eit av landa som kom på den utvida lista over Bush sin "ondskapens akse". Landet ligg midt mellom USA sine interesser i Irak og Israel, noko dei siste hendingane tydelig viser. Det burde skremma einkvar, men det som verkar mest skremmande i landet er trafikken ...