AKP-arkivet

Uredelege debattknep er som
å pisse i buksa for å halde varmen

av Erling Folkvord Oversikt over e-post-adresser

Dette er eit svar til eit innlegg i VG 20. april 1999 ("Folkvord støtter serberne")


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Etter å ha lesi innlegget "Folkvord støtter serberne" av Erik H. Devold (EHD) 20. april, lurer eg på om det er eg som ikkje kan skrive eller EHD som ikkje kan lese.

Etter ei vekes krig skreiv eg at NATO-angrepet skapte ein av dei verste flyktningetragediane i Europa siste 50 år. Eg ordla meg slik fordi bombene ikkje stansa etnisk rensing, men ga Milosevic og styrkene hans (frå vanlege soldatar til fascistiske bandar) eit påskot til dramatisk opptrapping av terroren, slik Carl Bildt åtvara før krigen.

Omkring 2.000 menneske vart drepne i Kosova siste 12 månader før krigen.Berre dei som hadde illusjonar om Milosevic-regimet kunne bli overraska over at "svaret" hans på NATO-angrepet vart ei brutal opptrapping av terroren. Etter tre vekers krig sa NATO-general Clark at "vi kan ikke stanse paramilitære drap på bakken med fly". Paul Watson skreiv i Los Angeles Times 8. april at NATOs bomber over Prishtina ikke "diskriminerte mellom etniske grupper" og trefte både serbarar, albanarar og tyrkarar.

I første Rambouillet-runden sa Jugoslavia nei til NATO-styrker, men var åpne for anna "internasjonalt nærvær". Men USA dikterte: Godta NATO-okkupasjon eller vi går til krig. Så vart OSSE observatørane trekt ut nesten før dei hadde begynt jobben sin. Trur ikkje EHD det hadde vori betre mottiltak mot etnisk rensing om talet på OSSE-observatørar hadde vorti dobla eller femdobla?

Eg har berre vori i Beograd og Kosovo ein gong. Dei korte møta med nokre av Milosevic sine handtlangarar i 1994 ga ingen grunn til å mildne synet mitt Milosevic, som jo er politisk etterkommar av dei gamle regima i Kreml. Samtalane med aktivistar i LDK, Rugovas parti i Kosova, ga mange bevis på ein serbiske terror som alt den gongen burde fått det såkalla internasjonale samfunnet til å bry seg. – Men da eg kom heim, strevde norske myndigheter mest med å få sendt kyrkjesylantar og andre flyktningar tilbake til Milosevic ...

Fordi eg aldri har sympatisert med Milosevic, skreiv eg 7. april om "Jugoslavias terrorisering av kosovoalbanarane" og at "regimet i Beograd har i dei siste ti åra gradvis trappa opp forfølgjing, trakassering, politi- og bandeterror mot den kosovoalbanske befolkninga i Kosovo".

Da synst eg det er uredeleg av EHD å påstå at "Folkvord tar ikke avstand fra serbernes herjinger", og hevde at eg har vald å "støtte fascister og nynazister" i Kosova. Uredelege debattknep er som å pisse i buksa for å halde varmen: Den som pisser, føler seg varm og vellykka – inntil han sjøl og andre oppdager kva han gjorde.


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Til AKP si heimeside