AKP-arkivet

Til minne om Mohammad al-Arja, 12 år

av Erling Folkvord Oversikt over e-post-adresser

Appell ved Palestina-demonstrasjon 2. desember 2000


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

I går døydde Mohammad al-Arja. Han vart skoti av ein israelsk soldat, omtrent samtidig som utanriksminister Shlomo Ben-Ami kom til Oslo for å snakke fredsprosess .

Mohammad vart tolv år. Shlomo Ben-Ami er den norske regjeringas gjest.

Mohammad vart palestinsk barn nr. 98 som er drept av israelske kuler sida det siste palestinske opprøret starta.

Den israelske avisa Ha'aretz intervjua nyleg ein israelsk skarpskyttar. Han forklarte at han og kollegene hans får militær ordre om å skyte barn. IDF, den israleske hæren, har sett aldersgrensa til 12 år. Eg siterer ordrett frå Ha'aretz 20. november der skarpskyttaren sa at dei ikkje skyt ungar som er under 12 år:

Journalisten: "Det betyr at barn på 12 eller eldre er tillatt?"

Skarpskyttaren: "12 år og oppover er tillatt. Han er ikke et barn lenger, han er allerede over konfirmasjonsalderen (bar mitzvah)".

Skarpskyttaren i Ha'aretz understrekar at den israelske hæren er disiplinert. Ungane døyr ikkje etter spontan eller tilfeldig skyting. Soldatane handlar på ordre. Eg siterer vidare frå intervjuet i Ha'aretz:

Skarpskyttaren: "Skarpskytterne blir gitt presise ordrer om å åpne ild. En skarpskytter har fra 200 meter ikke noe problem med å treffe hode, og med sikkerhet øvre del av kroppen hvis han sikter etter hodet – det er ikke noe problem."

For å understreke kor små problema er, føyer han til: "I denne krigen er avstandene korte". Han forklarer at 100 meters avstand er vanleg og forklarer at det er snakk om enkle, kirurgiske skudd, nesten alltid med dødelig utfall.

Fram til i går hadde Israel tatt livet av 310 palestinarar. Nesten ein tredjedel av dei døde er ungar. Slike som Mohammad al-Arja som vart 12 år. Etter internasjonal lov blir personar under 18 år rekna som ungar i krigssamanheng.

Eg finn ikkje ord for å karakterisere eit regime som gir topptrente skarpskyttarar ståande ordre om å henrette ubevæpna 12 åringar som kastar stein. Uttrykket terrorstat blir ultilstrekkeleg. Ordforrådet mitt dekker ikkje den særleg forma for rasistiske myrderi som den israelske regjeringa bruker for å ta jord og hus og heim frå palestinarane.

For mange palestinarar er Oslo eit skjellsord. Palestina – palestinarane sitt heimland – er offeret i den såkalla fredsprosessen som er oppkalla etter byen vår.

På oppfordring frå USA har norske politikarar og diplomatar har sida tidleg 1990-tal deltatt i eit delvis fordekt og delvis åpent maktspel for å dei FN-resolusjonane som krev at Israel utan vilkår skal trekke seg tilbake frå okkupert palestinsk land og at flyktningane skal få vende tilbake og få igjen jorda si.

Palestina-vener og andre humanistar i Oslo har derfor eit spesielt ansvar. Slike demonstrasjonar som denne er viktig. Fordi det viser at det finst eit anna Oslo enn det som er knytta til Oslo-avtalen.

Det er viktig å byggje opp venskapskontaktar mellom skoler, foreningar og institusjonar i Oslo og i Palestina. Om nokre dagar reiser Tone Buberg og eg frå RVs bystyregruppe til Ramallah for å starte eit forarbeid med sikte på at Rammallah skal bli Oslos venskapsby. Vi håper enda at vi får med oss fleire frå Oslo bystyre.

La oss fortsetje å vise både Israels regjering og palestinarane at det også finst eit Oslo som er mot terror og okkupasjon og for både frihet, menneskerettar og fredeleg samkvem. Kvar enkelt av oss må ta ansvar for å vise at det finst eit solidarisk Oslo.

Ta opp saka i fagforeninga, i idrettslaget, på skolen. Vi skal spre sann opplysning om at den israelske ambassaden representerer eit regime som myrder ungar for å kunne stele jorda og husa til ungane sine foreldre. Vi skal fortsetje med slike solidaritetsmarkeringar inntil Palestina er fritt.

Slik viser vi også respekt for minnet om Mohammad al-Arja som vart 12 år.


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Til AKP si heimeside