AKP-arkivet

Kven har regien i Tyrkia?

av Erling Folkvord Oversikt over e-post-adresser

Artikkelen er trykt i Klassekampen 4. desember 2000


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Dagen etter at partilandsmøtet i det kurdiskvenlege HADEP samla 60.000 menneske i Ankara, gjekk sjefen for den tyrkiske etterretningstenesta, MIT, ut med eit oppsiktsvekkande utsagn. I intervju med utvalde journalistar, sa statssekretær Senkal Atasagun at han er for å oppheve forbodet mot kurdisk radio og TV. Han vil opprette ein statleg TV-kanal med kurdisk språk for å konkurrere med MED-TV, den kurdiske nasjonalkringkastaren som sender frå Brussel. Han hevda at den tyrkiske staten i dag bruker den dødsdømte Abdullah Öcalan i kampen mot dei separatistiske kreftene som vil splitte den tyrkiske staten. – La oss no bruke det kurdiske språket på same måten, sa MIT-sjef Atasagun.

Utsagnet vekker oppsikt i ein stat der undervisning og offentleg bruk av kurdisk framleis er forbodi og politiske parti berre har lov å bruke tyrkisk språk, slik Atatürk i si tid bestemte. Statsminister Ecevit hevdar no at det var han som ba MIT-sjefen å kome med dette utsagnet. Ecevit gir inntrykk av at dette er hans sjølvstendige politisk initiativ.

Men det er grunn til spørje kven som eventuelt har bede Ecevit ta eit slikt initiativ. I februar 1999 prøvde han på tilsvarande måte å framstille kidnappinga av Abdullah Öcalan frå Kenya som ein sjølvstendig tyrkisk aksjon utført nettopp av MIT.

Utspelet skaper splid i koalisjonsregjeringa der det sosialdemokratiske partiet samarbeider med fascistpartiet MHP. Forsvarsministeren frå MHP sa til fleire aviser at "desse synspunkta er kanskje etterretningssjefen si personlege oppfatning, men eg tror ikkje dei er bindande for staten".

I boka Operasyon som den tyrkiske TV-journalisten Tuncay Ôzkan ga ut for snart eit år sia, påviser han at det ikkje var tyrkiske MIT, men CIA som organiserte og gjennomførte kidnappingsaksjonen mot Öcalan. Ôzkan som er kjent for å gode kilder i MIT, fortel at sjefen ved CIAs Ankarakontor banka på døra hos MIT-sjef Senkal Atagun torsdag 4. februar 1999. Han kom med eit tilbod, med svarfrist innan midnatt: – CIA veit hvor Abdullah Öcalan er. Vi ønskjer ein felles aksjon for å ta han. Men Tyrkia må godta våre vilkår.

Etter hastemøte med statsminister, forsvarsminister og eit par til, meldte Senkal Atagun tilbake at Tyrkia godtok tilbudet og vilkåra. Så gjorde CIA jobben. Og statsminister Ecevit fekk lov å "hauste æra" på TV etterpå.

MIT-sjef Senkal Atagun utspel om å åpne for kurdisk TV i Tyrkia kan godt vere styrt fra Washington, på samme måte som kidnappinga av Öcalan var det. Det kan i så fall kome til å skjerpe dei djupe indre konfliktane både i det tyrkiske statsapparatet og i regjeringskoalisjonen.


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Til AKP si heimeside