Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP
Kjære kurdiske venner og norske venner av den kurdiske nasjonen!
For ni dager sia avslutta Den kurdiske nasjonalkongressen den første, konstituerande sesjonen sin i Amsterdam. 180 utsendingar frå nær 30 politiske parti og andre organiasjonar i dei fire delane av det okkuperte Kurdistan, møttest og vedtok den første all-kurdiske Grunnlova. Nasjonalkongressen innleidde dermed ein ny historisk epoke i kampen for Kurdistan og dette første møtet i Nasjonalkongressen vil kome til å spele ei historisk og politisk rolle som tilsvarar den rolla som Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 har hatt og har for den lille norske nasjonen.
I vår eiga tid kan Den kurdiske nasjonalkongressen samanliknast med Det Palestinske Nasjonalrådet som alltid måtte møtast i eksil i tida før Arafat kunne vende heim til Palestina.
I denne situasjonen må vi kreve at den norske regjeringa i det minste anerkjenner den kurdiske nasjonens eksistens. Det kan utenriksminister Vollebæk gjere ved å støtte kravet om at Nasjonalkongressen får status som observatør i FN og andre internasjonale organisasjonar. Presidenten for Nasjonalkongressen bør inviterast både til å snakke om det kurdiske spørsmålet i FNs hovedforsamling og til å møte med den norske regjeringa her i Oslo. Utanriksministeren må invitere Nasjonalkongressen til å opprette eit fast informasjonskontor i Oslo.
Abdullah Öcalan blir kvar dag ført frå fengselscella si og til det vesle glassburet som er Den militære Sikkerhetsdomstolens tiltaleboks på fangeøya Imrali. I det vesle glassburet er det ikkje plass for fleire enn Abdullah Öcalan, men for kvar dag som går blir det klarare og klarare at dette er ein militærstyrt straffeprosess mot heile den kurdiske nasjonen.
Dei tyrkiske generalane har drepi mange kurdarar. Både dei og statsminister Ecevit har kurdisk blod på hendene. På same vis som dei andre regima som okkuperer Kurdistan. Det er nok å nemne korleis regimet i Teheran myrda leiarane i Kurdistans Demokratiske Parti - Iran ved terroraksjonar bl.a. i Wien og Berlin, eller korleis Saddam Hussein massakrerte hundretusentals sivile i Sør-Kurdistan da han i 1988 enda var Vestens allierte, og nye tusenar da han i 1991 prøvde å slå ned det kurdiske opprøret - etter at han sjøl hadde vorti Vestens fiende.
Det som skjer på Imrali fortener ikkje namnet rettssak, ganske enkelt fordi Den tyrkiske grunnlova ikkje tillet ei rettferdig domstolsbehandling av nokon som forsvarar det kurdiske folkets rettigheter.
Men det er bruk for ei seriøs og verkeleg rettssak. Ei rettssak som kan avgjere kven som er dei verkelege terroristane. Menneskerettsminister Hilde Frafjord Johnsen må sørge for at Norge reiser sak mot Tyrkia for Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. For 30 år sia var Norge med på ein slik statsanklage mot det greske oberstregimet som styrte Hellas fra 1967. Bevismaterialet mot dagens generalstyre i Tyrkia er langt meir omfattande enn det som felte oberstregimet i Hellas.
Ved åpninga av rettssaka gjentok Öcalan enda ein gong at han er villig til å arbeide for ei fredelig løsning innafor ramma av ein demokratisk tyrkisk republikk. Men ein demokratisk republikk er jo det som generalane frykter aller mest.
Å stille dagens regime i Tyrkia for Den europeiske menneskerettsdomstolen, vil vere eit handslag både til den kurdiske frigjeringskampen og til andre som arbeider for å innføre vanlege borgarlegdemokratiske rettigheter i Tyrkia.
Frihet for Abdullah Öcalan!
Leve den kurdiske frigjeringskampen!
Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP