AKP-arkivet

Kan SV lette Nato-ankeret?

av Erling Folkvord Oversikt over e-post-adresser

Kronikk i Klassekampen 28. august 2004


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

SVs ja til norsk trening av styrkane til det i Irak bør ikkje overraske. Det er ein samanheng i SV sin militær- og utanrikspolitikk sia først på 1990-talet.

Mange meiner politikken til eit parti er det som står i programmet og det talspersonar seier i media. Men den verkelege politikken er det eit parti gjer i praksis, i dei organa der partiet utøvar makt. SV er i mange slike fora. Er det stor sprik mellom medieutspela og det partiet gjer i folkevalde organ, må veljarane sjølve avgjere om det er medievarianten eller maktvarianten av partiet som er viktigast.

Når SVs mann i forsvarskomiteen på Stortinget no er "Klar for å ta over ansvaret" i Forsvarsdepartementet (overskrift i Klassekampen 23. august), bør vi kaste eit blikk på den nære fortida.

Tidlegare SV-leiar Erik Solheim var ofte tidleg ute med standpunkt som var nye i SV-samanheng. Sommaren 1995, litt før den USA-dikterte Dayton-avtalen, tok han i Arbeiderbladet til orde for norsk krigsinnsats på Balkan: "Solheim mener den norske krigsinnsatsen i første rekke må skje innenfor sanitet og transport, der vi har best kompetanse. Andre nasjoner, og da i første rekke stormaktene, er ifølge SVs leder mer trent til å kjempe ved fronten."

Same hausten varsla partileiar Solheim ei ny SV-haldning til Nato. I ei innstilling frå utanrikskomiteen slo han mellom anna fast at: "Natosamarbeidet forblir ankeret i norsk sikkerhetspolitikk. (...) Gjennom nye og bedre virkemidler kan Nato bidra til framveksten av et stabilt og tillitskapende sikkerhetssystem for hele Europa. (...) Alliansen må fortsatt være det sentrale forum for konsultasjoner om sikkerhetspolitiske spørsmål av interesse for de allierte ..."

Hans Røsjorde (Frp) som var leiar i forsvarskomiteen, gledde seg stort over at SV var på plass med same standpunkt som dei andre.

Så gjekk det nokre år. I tråd med strategien for eit nytt amerikansk hundreår, gjekk USA til krig mot Jugoslavia i mars 1999. SV var for norsk deltaking i krigen sjølv om USA og dei allierte braut både FN-pakta og Nato-pakta. På SV-landsmøtet like etter at Noreg gjekk med i krigen, var det mange som var triste og forbanna. Nato-venen Erik Solheim fekk kritikk.

Bjørklund seier no at SV i regjering "vil bli nettopp den garantisten for at Folkeretten skal følges, som Offisersforbundets Peter A Moe håper på." Men på partilandsmøtet i opposisjons-SV i 1999 var det annleis. Eg gløymer ikkje tv-klippet frå landsmøtesalen da partileiar Halvorsen med ein einaste, treffsikker replikk punkterte kritikken mot den folkerettsstridige krigen: "Problemet for dere er ikke at Erik (Solheim) er for krigen. Problemet for dere er at jeg er enig med Erik."

To og eit halvt år seinare gjorde SV eit kjempeval rett før terroråtaket mot World Trade Center i USA 11. september 2001. Dagen etter møtte partileiar Halvorsen i den utvida utanrikskomiteen og sa ja til at dette var ei krigshandling som utløyser plikt til å svare etter artikkel 5 i Nato-pakta.

Artikkel 5 som aldri før hadde vorti brukt, seier at "Partene er enige om at et væpnet angrep mot en eller flere av dem i Europa eller Nord-Amerika skal betraktes som et angrep mot dem alle."

Fleire av dei nyvalde revolusjonære på Stortinget likte dårleg at SV var med og forplikta Noreg til å bruke væpna makt for å slå tilbake mot angriparen. Lenger utpå hausten 2001 distanserte SV seg derfor frå dei partia som aktivt støtta det amerikanske åtaket på Afghanistan.

Men snart var tida inne for å følgje opp standpunktet frå 12. september. SV sa våren 2002 ja til å sende norske styrkar til Isaf-styrken i Afghanistan, men nei til den delen av den norske styrken som skulle stå direkte under amerikansk kommando og vere ein del av Operation Enduring Freedom.

Den norske offiseren som vart drepen i kamp i Afghanistan i mai i år, var ein del av Isaf. Afghanarar som slåst mot USA og dei USA-allierte ser visst ikkje skilnad på Isaf og andre framande styrker.

Men SV og Bjørklund sa våren 2002 ja til mykje meir enn Isaf. Det meste av innstillinga frå forsvarskomiteen om krig i Afghanistan og kamp mot terrorisme var samrøystes: Komiteen "viser til at Nato den 12. september 2001 erklærte at terrorangrepet på USA utløste alliansens forpliktelse om kollektivt forsvar. FNs sikkerhetsråd viste samme dag i Sikkerhetsresolusjon 1368 at retten til selvforsvar gjaldt i denne situasjonen. Den norske regjering erklærte umiddelbart sin støtte til USA. Komiteen viser videre til at USA dannet en bred internasjonal koalisjon for en kampanje rettet mot internasjonal terrorisme."

Komiteen var "enig i at norske allianseforpliktelser gjør det nødvendig at Norge bidrar til kampen mot internasjonal terrorisme. Komiteen støtter Regjeringens syn på at merutgifter knyttet til Forsvarets terrorberedskap og internasjonal deltakelse som det redegjøres for i proposisjonen, må dekkes ved økning av statsbudsjettet for 2002."

Dette var ei vidareutvikling av det Nato-standpunktet Solheim lanserte hausten 1995. SV stemte mot dei 272 millionane som skulle tilleggsløyvast til norske styrker under Enduring Freedom og for dei øvrige 204 millionar til Isaf og litt forskjellig anna for å styrke norske bidrag til ein "bred internasjonal koalisjon for en kampanje rettet mot internasjonal terrorisme".

Det er snart ni år sia SV i utanrikskomiteen på Stortinget slo fast at "Nato forblir ankeret ... osv.". Dei SVarane som sia den gongen har strevd for å få partiet til å lette anker, eller kanskje aller helst kutte ankerkjettingen, har mislukkast. Om SV skal letta anker, trengst det heilt andre tiltak enn at den hyggelege pasifisten Ketil Bjørklund blir forsvarsminister.

Det er dessverre ein indre logisk samanheng i dette. Ei samla stortingsgruppe i SV slutta i 1991 opp om USAs første krig mot Irak, med FN-flagg på stridsvognene. Den gongen var Noreg symbolsk krigsdeltakar med feltsjukehus på eit kystvaktskip. No står Noreg og SV klar til å trene tryggingsstyrkane til det quislingregimet USA har installert i Irak.


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Til AKP si heimeside