AKP-arkivet

Folkemordet i Falluja
- og Bondeviks venner

av Einar Jetne, Nordland RV

10. april 2004


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Falluja er ein by som ligg 5 mil vestafor Bagdad. Byen har 300.000 innbyggarar. Den irakske motstandsrørsla har siste året vore særleg sterk i Falluja. For å kjempe ned motstanden mot okkupasjonen bruker USA ikkje berre ordinære soldatar, men også profesjonelle leigemordarar. Desse blir i norske media presenterte som sivile amerikanarar. Det var fire slike "sivilistar" som vart drepne i Falluja 31. mars og på makabert vis likskjenna mens tv-selskapet Al Jazeera gjorde opptak til all verda.

Den amerikanske okkupasjonsmakta lova hemne drapa på leigemordarane - og sette i verk ein massakre som på ei veke tok livet av 4-500 barn, kvinner og andre sivile i Falluja. Folkemordet vart krydra med å bombe ein moske og bustadområdet rundt denne.

Okkupasjonen og terrorkrigen mot Irak har etter invasjonen for eit år sidan kosta 17.000 menneske livet. 12.000 av desse var sivile irakarar. Okkupantane har sjølve mista rundt 750 soldatar, blant desse 650 amerikanarar, 59 britar, 17 italienarar og 11 spanjolar.

På bakgrunn av norske media sitt bilde av okkupasjonen, trur helst folk flest at Irak er okkupert av ein "koalisjon" av amerikanarar, britar, spanjolar osv med små kontingentar nordmenn og danskar som "kakepynt". Dette bildet er feil. I tal på væpna personell er ikkje britane (eller spanjolane) den nest største kontingenten blant okkupantane. Den nest største kontingenten er "lovlause" leigesoldatar, betalte av Pentagon - men kopla fri frå alle internasjonale avtaleverk og lover som gjeld soldatar i krig.

Kvar tiande væpna person blant okkupantane er "tilsette" i innhyra "vaktselskap". Det mest kjente heiter Blackwater Security Consulting. Desse private vaktmannskapa, som tel mellom 10 og 15.000 personar, er samansett av tidlegare soldatar i militære spesialstyrkar. Men sidan vaktselskapa ikkje har klart å rekruttere nok personell med slik bakgrunn i USA, har dei skrive kontraktar med tidlegare chilenske militære frå Pinochet-tida, med personell frå det tidlegare sørafrikanske apartheidregimet sitt hemmelege politi (Koefoet) og med folk som har sona fengselsstraffa etter teneste hos Ulster Freedom Fighters i Nord-Irland. Ein talsmann for Blackwater skrytte i eit intervju med avisa The Guardian i februar i år av at "dei chilenske kommandosoldatane var svært, svært profesjonelle". Dei har erfaring!

Desse vaktselskapa (eller "leigemordarane") har blant anna fått alt ansvar for vakthaldet ved oljeinstallasjonane i Irak, forutan livvakttenesta rundt den amerikanske statthaldaren Paul Bremer i Bagdad. Dette er folk som utan å blunke skyt først og spør etterpå. Og dei er dyktige skarpskyttarar!

Med slike kollegaer i Irak kan Bondevik, Petersen og Krohn Devold rekne med at innsatsen for å bygge demokrati i Irak er i dei mest faste og kyndige hender!


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Til AKP si heimeside