AKP-arkivet

Demokratisk Republikk!

av Erling Folkvord Oversikt over e-post-adresser

Trykt i Klassekampen 1. desember 2000


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Det var ei spent stemning i Balgat-distriktet i Ankara da HADEP, Det demokratiske fokepartiet avvikla den 4. partikongressen sin sist helg. Det var fleire politifolk enn landsmøtedelegatar i og rundt Idrettshallen som til slutt var godkjent som landsmøtearena.

- Dei tillet ikkje at vi leigde eit større lokale, sa Ali Urkut i åpningstalen sin. Han er partileiar i Diyarbakir, den kurdiske millionbyen der det framleis er unntakstilstand og der HADEP erobra eit massivt fleirtal i lokalvalet våren 1999. Urkut er ein agitator med så talande stemmebruk og kropsspråk at det nesten er unødvendig med tolk.

Eit HADEP-landsmøte under dagens forhold i Tyrkia er både møte og kulturfestival. I Ahmet Taner Kislali-hallen, oppkalla etter ein gravande journalist som vart myrda for nokre år sia, var det ikke plass til meir enn 3.000 menneske. Eit tusental av dei var delegatar med stemmerett, mens over 50.000 andre HADEP-sympatisørar var møtt fram, frå dei fleste provinsane i det nordlege Kurdistan og frå andre delar av Tyrkia. Men frå Hakkari-provinsen kom det ingen. Guvernøren der innførte utreiseforbod tre dagar før landsmøtet, omtrent på same måte som Israel ofte stenger grensa til Gaza og Vestbreidda for palestinarane.

- Biji Serok Apo!

- Biji serok Apo! Biji serok Apo! - Leve leiaren vår, Apo! Apo - onkel - er det kurdiske kallenamnet for den dødsdømte PKK-sjefen Abdullah Öcalan. Slagordet steig mot himmelen frå titusentals menneske da ein handfast velkomstkomite losa oss utanlandske gjester dei siste to hundre meterane gjennom folkehavet og fram til landsmøtelokalet. Ein kampvæpna politistyrke som var fleire enn landsmøtedelegatane, høyrde på utan å gripe inn. Pansra køyrety og tyngre våpen var også på plass.

Politiet var talrikt til stades innadørs og, nokså ulikt eit norsk partilandsmøte. Heile landsmøtet var prega av det er tronge rammer for kva som kan seiast og vedtakast på eit "lovleg" møte i dagens Tyrkia. Det var ei kurdisk kvinne busett i Tyskland som utfordra regimet på den mest synlege måten. Ho er medlem av EU-parlamentet og åpna helsingstalen sin på kurdisk, hennar eige og dei fleste frammøtte sitt morsmål. Ho hadde berre snakka i 2-3 sekund før øverstkommanderande for den sivilkledde politistyrken i salen nærmest kasta seg over Ali Urkut ved dirigentbordet, utan å bry seg om at han vart omringa av kamerafolk frå 10-12 TV-kanalar. Dette var ulovleg. Alle talar på eit politisk møte i Tyrkia skal haldast på tyrkisk! Det står i klartekst i lova om politiske parti. - Men eg kan jo ikkje tyrkisk, svara EU-parlamentarikaren på talarstolen! Ho heldt resten av talen på tysk, med omsetjing til tyrkisk. Politioffiseren var framleis skeptisk. Han forstod ikkje tysk og vart utrygg fordi han ikkje kunne kontrollere alt ho sa.

HADEP-kritikk av EU

I landsmøtetalen sin kom avtroppande partileiar Ahmet Turan Demir inn på EU si rolle i den spente situasjonen i dagens Tyrkia. – Dokumentet som gir Tyrkia kandidat-status er mangelfullt fordi ordet kurdar eller kurdisk ikkje er nemnt, og utilstrekkeleg fordi det seier at viktig spørsmål som oppheving av dødsstraff og unntakstilstand kan behandlast på mellomlang sikt, sa Demir. Han meinte slike spørsmål må løystast straks, men konkluderte likevel med at EU-dokumentet sett under eitt er positivt.

Demokratisk republikk!

Demir oppfordra makthavarane til å legge til side fordommane og demokrati-fobien som dei er prega av. Han var sylskarp i kritikken av det anti-demokratiske regiumet. – Det grunnleggjande for denne staten er ikkje å sikre fridom og rettigheter for enkeltmenneska, men å beskytte staten mot enkeltmenneska, sa Demir, og fortsette: – Vårt parti ser på Demokratisk Republikk-prosjektet som heilt nødvendig for å kunne møte det 21. hundreåret.

Demir peika på at den fattigaste femtedelen av folket i Tyrkia får mindre enn 5 prosent av inntektene, mens den rikaste femtedelen får meir enn halvparten av all inntekt. Han peika på at 17 millionar lever i hunger, under fattigdomsgrensa, ifølgje tala frå det statelege plankontoret.

Men sjølv om dei kurdiske landsdelane er fattigast, slo han fast at det er heilt feil å tru at det kurdiske spørsmålet vil bli løyst berre ein skaper velferd og økonomisk vekst "i området": – Hovedspørsmålet er om staten skal godta den særeigne identiteten til eit samfunn som er annleis. Å seie at løysinga er meire mat og fleire jobbar, er å sjå bort frå det som er sjølve kjerna i saka. Det kurdiske spørsmålet kan berre løysast ved å godta ulikheter og innafor eit fullstendig demokrati.

Landsmøtet valde veteranen Musrat Bozlak, som igjen er på frifot, til å overta partileiarvervet.


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Til AKP si heimeside