Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP
Den lovlege opposisjonen mot militærstyret har ikkje stort spelerom i Tyrkia. Likevel samla HADEPs landsmøte seg bak kravet: Demokratisk republikk!
- Eg kan jo ikkje tyrkisk. Da får eg gå over til å snakke tysk, sa eit medlem av EU-parlamentet da tyrkisk politi greip inn og stansa helsingstalen ho heldt til parti-landsmøtet i Ankara sist helg.
Politiet var massivt tilstades. Dei er alltid det når HADEP, Det demokratiske folkepartiet, har møte. Og dei nøler ikkje når loven om politiske parti blir krenka. Berre sekundar etter at den kurdiskfødde EU-parlamentarikaren frå Tyskland begynte å snakke kurdisk, var den sivilkledde politioffiseren i fullt firsprang opp til dirigentbordet for å stanse henne. Han let seg ikkje hemme av at kamera frå 1012 TV-kanalar vart retta mot han. Å snakke kurdisk på eit politisk møte i Tyrkia, der ein tredjedel av folket er kurdarar, det var og er og skal vere forbode. Talaren framførte resten av helsinga på tysk, med omsetjing til tyrkisk.
HADEP er arvtakaren etter partiet til parlamentarikaren Leyla Zana som snart har sona 7 av dei 15 åra ho vart idømt for å ha forsvart det kurdiske språket og dei kurdiske fargane.
Det var ei sterk oppleving å kome til idrettshallen i Balgat-distriktet som var landsmøtearena. Ei tettpakka folkemengde med plakatar, song, dans og slagord hadde fyllt opp området frå tidleg på morgonen. Dei siste to hundre metrane måtte den effektive velkomstkomiteen rydde veg gjennom folkehavet for oss som var gjester frå utlandet.
Biji Serok Apo! Biji Serok Apo! Slagordet ljoma mot oss både frå dei mange titusen utafor og frå dei heldige som kom innadørs. Det betyr: Leve leiaren vår, Apo! Apo onkel er det kurdiske kallenamnet for PKK-leiaren Abdullah Öcalan. Det er mindre enn to år sia CNNs tyrkiske kanal vart stengt i eitt døgn fordi ein deltakar i ein debatt samanlikna Öcalan med Nelson Mandela. Dødsdomen som no blir vurdert av domstolen i Strasbourg, har ikkje gjort Apo mindre populær.
Eit landsmøte i HADEP er både folkefest og møte. Hundretals bussar frå alle kantar av Tyrkia stod parkert i Balgat-området. Dei fleste kom frå provinsane i Nord-Kurdistan, som på offisielt tyrkisk framleis berre heiter Sør-Aust eller Sør-austlege Anatolia. Tolken fortalde at det var mellom 50 og 60 tusen tilreisande. Rundt 1.000 av dei var delegatar med stemmerett. Ingen av bussane var frå Hakkari-provinsen der HADEP har massiv støtte. Der hadde guvernøren innført utreiseforbod.
Inne i idrettshallen var det 3.000 sitteplassar. Dei let oss ikkje få lov til å leige eit større lokale, sa Ali Urkut i åpningstalen sin. Urkut er partileiar i Diyarbakir, ein av dei fem provinsane der det framleis er unntakstilstand. Stemme- og kroppsbruken hans på talarstolen er slik at du forstår det meste utan tolk.
Etter lokalvala i 1999 har HADEP ordføraren og kommunestyrefleirtalet i millionbyen Diyarbakir og 37 andre kommunar. Det betyr ikkje at HADEP har makt, men viser berre at partiet har brei folkeleg støtte. Makta er samla i staten og hos dei statsutnemnte guvernørane. Fordi Tyrkia har ei sperregrense på 10 prosent, har ikkje HADEP ein einaste plass i Parlamentet. Ut fra stemmetala i valkretsane vann HADEP heile 34 mandat ved siste val. Om Norge hadde ei slik sperregrense hadde alle stortingsmandata etter 1993-valet vorti fordelt mellom Ap, H og Sp.
Demokratisk Republikk! var hovudparolen inne i landsmøtesalen, med underteksten Ei fredeleg og demokratisk løysing av det kurdiske spørsmålet. Det er over eitt år sia PKK trekte geriljasoldatane sine ut av Tyrkia for å understreke viljen til å løyse konflikten med fredelege metodar. Den offentlege debatten i Tyrkia har vorti åpnare dei siste to åra. Det er lov å seie at det grunnlovfesta militærstyret må erstattast av ein demokratisk republikk. Formannen i apellretten, Dr. Sami Selcuk seier rett ut at Grunnlova frå 1982 "manglar formell legimitet og er ugyldig"! Men den harde kjerna som har statsmakta, har ikkje tatt i mot den kurdiske fredsinvitten. Hadde dei ønska fred, hadde ikkje politiet provosert landsmøtet og omverda med aksjonen mot EU-parlamentarikaren som helsa landsmøtet på sitt eige morsmål.
Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP