AKP-arkivet

"Adekvat løsning" på Balkan
etter Nord-Irak-modellen?

av Erling Folkvord Oversikt over e-post-adresser

19.04.99 - Artikkelen er sendt Dagbladet


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Viss krigen deler Kosova i eit NATO-protektorat og ein del som er styrt frå Beograd kan folket få omtrent same skjebne som i Sør-Kurdistan, det vi kallar Nord-Irak.

Atri Suhrke skriv 8. april at NATO vil ha ei "varig løysing etter Nord-Irak-modellen". Ho meiner dette kan vere ei "adekvat løsning på et vanskelig flyktningeproblem" og spør kor lenge det er "før noe lignende kan realiseres i det sørlig Serbia".

Det breie folkeopprøret i Sør-Kurdistan som starta i byen Rhania 5. mars 1991 var retta mot Saddam Husseins blodige regime. Opprøret kom uventa på leiarane i dei to store sørkurdiske partia. Dei første to vekene såg det ut til å lykkast. Mange kurdarar trudde på lovnader som var gitt om at USA skulle støtte den kurdiske frigjeringskampen. Men da Saddam sende republikanargarden sin nordover og dreiv meir enn ein million menneske på flukt, vart USA roleg ståande på publikumsplass. The Independent skreiv om president Bush at han som "etter det som er opplyst, ba CIA provosere kurdarane til opprør og som oppfordra til oppstand under Golf-krigen, han oppfører seg no som ein som har fått eit kraftig anfall av hukommelsestap." Det viste seg at USA ikkje på noko vis ville støtte kurdarane. På grensa mot Tyrkia stod NATO-soldatar og slo flyktningar med geværkolbene for å tvinge dei tilbake. For ein kort periode sende USA/England/Frankrike inn soldatar i eit lite område i det nordvestlege hjørnet av Nord-Irak og oppretta det dei kalla "Safe Haven" - "Trygg Havn" - for flyktningane. At havna ikkje vart svært trygg, er grundig dokumentert.

Sluttresultatet av opprøret vart ei våpenkvilelinje som sia hausten 1991 deler Sør-Kurdistan i to. Nord og aust for våpenkvilelinja er det ei merkeleg form for sjølstyre som ikkje er godkjend diplomatisk av ein einaste stat. Men diskrè, statlege utsendingar frå amerikanske CIA, britiske MI6 og israelske Mossad er rikeleg representert i området, innimellom utsendingane frå FN og hjelpeorganisasjonane. Dei to sørkurdiske partileiarane Masod Barzani og Jalal Talabani styrer kvar sin del. Barzani har storparten av 90-talet vori militært alliert med Tyrkia, og sørger for at den tyrkiske NATO-hæren når som helst kan rykke inn for å føre krig mot dei som stør PKK. For kvar tyrkiske offensiv blir det enda fleire flyktningar. Saddam har på si side frie hender til å føre ein nådelaus arabiseringspolitikk i dei oljerike områda sør og vest for våpenkvilelinja. Dette fører til at nye kurdiske familiar blir fordrivi nordover kvar einaste veke til eit flyktningeliv aller nederst i det sjølstyrte området som frå før av har uoverkomelege problem på grunn av FN-sanksjonane.

USA prøver å redusere kurdarane til eit politisk kort som Clinton kan bruke - eller ikkje bruke - i kampen for sine stormaktinteresser i Midt-Austen. Eg kan vanskeleg sjå at den slags kan vere adekvat for andre enn USA og dei regjeringane som stør USA i eitt og alt.


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Til AKP si heimeside