AKP-arkivet

Norge treng inga anti-terrorlov

av Erling Folkvord, nestleiar i Raud Valallianse Oversikt over e-post-adresser

Kronikk i Bergens tidende 23. februar 2002


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Justisminister Dørum bruker no ei usikker tolking av ein FN-resolusjon frå 12. september for å innføre det professor Husabø kallar "sinnelagsstrafferett" i Norge. Det lover ikkje godt for rettssikkerheta.

Hittil er hovudregelen i strafferetten at ingen kan bli straffa før ho eller han har prøvd å utføre den straffbare handlinga. Alt som kan bli kalla terrorhandlingar, er frå før straffbart etter dagens straffelov. Strafferamma varierer etter kor alvorleg handlinga er. Det nye er at strafferamma blir 21 år viss gjerningsmannen har "terroristisk forsett", og at "den som planlegger eller forbereder en (terror)handling (...) straffes med fengsel inntil 6 år".

La oss sjå på korleis lovmakarane i Justisdepartementet uttrykker seg. Dei listar opp ei lang rekke frå før straffbare handlingar. Så kjem det nye:

"For terrorisme straffes den som begår eller truer med å begå en handling som nevnt (...) med det forsett

a) å skade alvorlig de politiske, forfatningsmessige, økonomiske eller samfunnsmessige strukturer i et land eller de grunnleggende strukturene i en internasjonal organisasjon,

b) å skape alvorlig frykt i en befolkning, eller

c) urettmessig å tvinge offentlige myndigheter eller en internasjonal organisasjon til å gjøre, tåle eller unnlate noe av stor betydning for landet eller organisasjonen eller for et annet land eller en internasjonal organisasjon."

Desse formuleringane er i slekt med anti-terrorlova i Tyrkia som definerer terrorisme som "enhver handling (...) som har til formål (...) å endre statens politiske, økonomiske (...) system, skade statens udelelighet eller svekke statens autoritet gjennom enhver form for press, trusler, undertrykkelse (...)".

Kva betyr "strukturer i et land"? Kva betyr "skade alvorlig" i denne samanhengen? Er det tvil om at Alta-aksjonen i si tid hadde til føremål å tvinge offentlige myndigheter (...) til å (...) unnlate noe av stor betydning for landet? Er det tvil om at bygdefolket som i fjor slost mot utbyggjinga av Beiarn-vassdraget, verkeleg tvinga regjeringa til å snu, gjennom at dei truga med ulovlege aksjonar?

Professor Husabø har brukt uttrykket "sinnelagsstrafferett" om den nyordninga som no blir lansert i ly av FN-resolusjonen av 12. september. Han understrekar at "når mest alle slags handlingar kan bli fanga opp av reglane, vert hovudfokus flytta over på den mistenkte sitt indre, gjerne tolka i lys av miljøet rundt han".

Sjølv om dette enda er lite kjend, er det mange som roper varsko. Amnesty International åtvarar mot at "en resolusjon som ble vedtatt allerede dagen etter angrepene mot USA, får så store konsekvenser for nasjonal lovgivning". Amnesty peikar og på at korkje Sikkerhetsrådet eller det norske justisdepartementet har gitt "noen forklaring eller vurdering av hvorfor det nå er nødvendig å straffebelegge planlegging og forberedelse av de straffbare handlingene."

FN-resolusjonen av 12. september var i hovudsak eit politisk og ikkje eit juridisk dokument, formulert under sterkt press frå USA. Den lovteksten justisminister Dørum har lagt fram er og uttrykk for eit politisk - og ikkje minst kriminalpolitisk - val frå hans side.

Han kunne ha vald å ikkje innføre straff for førebuing. Samtidig kunne han arbeide i FN og andre fora for å endre formuleringa i resolusjonen av 12. september. Teksten i FN-resolusjonen krev neppe at ordet "planlegging" skal stå i den norske lova. Det vil vere nok å sette straff for medverknad. Men det ville gitt Dørum ein skarp konflikt med den linja USA har vald i det president Bush kallar "krigen mot terror".

Det ser ut som lovteksten er dårleg juridisk handverk. Lasse Quigstad som har skrivi kommentarane frå Oslo statsadvokatembeter, har ingenting i mot det professor Husabø kallar "sinnelagsstrafferett". Quigstad seier berre at "de øvrige kriterier i bestemmelsen er upresise og vil antakelig bli vanskelig å håndheve i praksis. En vil her særlig påpeke den fare som ligger i at man ikke med tilstrekkelig grad av sikkerhet kan godtgjøre at for eksempel gjerningsmannen ville skade alvorlig de politiske strukturer i et land eller en organisasjon". Her er sarkasmen lett å lese mellom linjene.

Formaljuristen Quigstad konkluderer slik: "Vår tilråding vil derfor være at §147 a går ut og at man heller skjerper strafferammene for de bestemmelser der dette ansees å være nødvendig under henvisning til kriteriet særlig skjerpende omstendigheter."

Professor Husabø kommenterer frå ein menneskeleg vinkel: "Både forhistoria og samtida viser at det nokre gonger er nødvendig å ty til ulovlege handlingar for å verja eit folk mot, eller frigjera folket frå udemokratiske og undertrykkjande regime. Ei rekkje personar som er busette i Norge, både nordmenn og utlendingar, har delteke i eller støtta(r) slike aksjonar. Det er uheldig at lovteksten også dekkjer slike handlemåtar, under trussel om lova si strengaste straff."

Justisministeren veit sjølvsagt dette er sjølve kjerna i den nye anti-terrorlovgivinga hans. Og dette er eit norsk linjeskifte. Vi hugsar at pengar frå det norske statsbudsjettet vart smugla inn i Sør-Afrika og stilt til rådvelde for ANC, mens den største terroristen i Sør-Afrika, Nelson Mandela sat fengsla på Robben Island. Vi er mange som etter fattig evne samlar inn pengar eller på annan måte stør kampen mot det israelske regimet, kurdarane sin kamp mot dei fire regima som okkuperer kvar sin del av Kurdistan osv.

Dørums anti-terrorlov er del av eit parallelt lovgivningsarbeid i EU og ei lang rekkje statar. Eitt av dei mest vidtgåande tiltaka er ein såkalla Common Position frå EU-rådet 27. desember, som slår fast at "tiltak skal bli truffet som undertrykker enhver form for støtte, aktiv eller passiv, til enheter eller personer innblandet i terroristiske handlinger". Dette er trykt i EUs Official Journal 28. desember. Her er den same udefinerbare uklarheta som i det norske lovutkastet. Kva betyr passiv støtte til enheter eller personer innblandet i terroristiske handlinger? Vil norsk helsepersonell som har arbeidd for ulike frigjeringsrørsler kunne bli omfatta av slike tiltak? Det er jo ingen tvil om at god medisinsk behandling er viktig for å styrke kampmoralen hos ei frigjeringsrørsle. Og det finst ikkje mange frigjeringsrørsler som ikkje blir definert som "terroristar" av det regimet dei slåst mot.

Kva er terror?

Det er mest vanleg å snakke om grupper som bruker terror. Dei palestinske flykapringane på 70-talet er eksempel på at organisasjoner med godt føremål, dreiv terror mot tilfeldige sivile. Nokre av palestinarane samarbeidde med tyske Rote Arme-fraktion (RAF) som forgjeves prøvde å bygge opp avleggjarar i Norge. AKP sin motstand mot terrormetodar var ein viktig grunn til at Jan Carl Raspes RAF-turné i Norge i 1974 vart mislykka.

Eg meiner det var terror da RAF i 1977 drap Hans-Martin Schleyer, presidenten i NHOs tyske søsterorganisasjon. Men all likvidering er ikkje terror. Da den kommunistiske sabotøren Asbjørn Sunde, alias "Osvald", i 1942 mottok ei liste med namn på eit 20-tals personar som politimannen Asbjørn Bryhn (som vart overvakingssjef) ønskte å få likvidert, var likvideringane ein del av forsvarskrigen mot tysk okkupasjon.

Den statlege terroren har alltid vori mest omfattande. Den tyrkiske statsministerens spesialetterforskar Kutlu Savas la i 1998 fram ein rapport om statens samarbeid med Idealistene (meire kjend som Dei grå ulvane) om drap og attentat mot armenarar og kurdarar både ute og heime. Å bruke flybombing som metode for å slå ned fangeopprør, slik USA gjorde i Afghanistan i fjor er utan tvil terror.

Det lovutkastet som no har vori ute til høyring, vil ikkje vere til hjelp for dei mange som arbeider for å bli kvitt alle former for terror. Hovudverknaden av lova blir at den den gir framtidige justisministrar eit verkty dei etter eige skjønn kan bruke mot uønskte politiske organisasjonar og meiningar. Det er slik den tyrkiske anti-terrorlova har vorti brukt sia den vart innført våren 1991.


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Til AKP si heimeside