AKP-arkivet

Fagrørsla og solidariteten

av Magnhild Folkvord Oversikt over e-post-adresser

Trykt i Klassekampen 16. september 1999


Gå til indeksside for faglege artiklar | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP | Fagleg utval

Korleis møter den norske fagrørsla nye krav om internasjonal solidaritet som følgjer av både globalisering av kapitalen?

Fellesforbundet, eitt av dei store og sterke LO-forbunda, samlast til landsmøte om få dagar. Eitt av spørsmåla deltakarne kan stilla seg, er kva nye innspel forbundsleiar Kjell Bjørndalen har å by på når det gjeld fagleg solidaritet over landegrensene.

I aukande tempo blir produksjonen flytta dit kapitalen kan venta størst avkasting, det vil seia til dei landa der det er lettast å køyra produktiviteten opp og lønna ned.

Dette stiller nye krav til arbeidarklassen og fagrørsla om å utvikla former for internasjonal solidaritet som kan setja grenser for utbyttinga. På dette området er mykje ugjort for norsk fagrørsle.

Hausten 1998 deltok forbundsleiar Kjell Bjørndalen på ein konferanse i regi av Den europeiske metallføderasjonen (EMF) der strategiar for å hindra auka utbytting var eitt av fleire tema. Leiaren i det tyske metallarbeidarforbundet, IG Metall, reiste framlegg om å reisa felles krav om lønnstillegg som minst tilsvarar prisstiginga og produktivitetsveksten i kvart einskild land. Målsetjinga med å stilla eit sånt krav var ikkje å leggja opp til felles europeiske forhandlingar som lett kunne føra til "samling i bånn", men tvert om å auka arbeidarane sin del av verdiskapinga, jamna ut lønnsnivået i heile euro-sona, og med det underminera grunnlaget for at kapitaleigarane stadig flytter produksjonen til dei landa der lønns og andre utgifter til kvar tid er lågast. Dette valde Kjell Bjørndalen å gå imot, og argumenterte i staden for det norske "solidaritetsalternativet".

Det såkalla "solidaritetsalternativet", følgt opp av Arntsen-utvalet, har lagt eit nokså effektivt lokk på lønnsforhandlingane. Arntsen-utvalet si innstilling, som sette tronge rammer for lønnsoppgjeret ikkje berre i 1999, men og legg tilsvarande føringar for 2000, og ikkje har vore til noka form for demokratisk handsaming i LO, er ei gavepakke til arbeidsgivarane.

Når Fellesforbunds-leiaren markerer ei negativ haldning til framlegget frå IG Metall, kva er da hans opplegg for internasjonalt fagleg samarbeid? Har han ein annan internasjonal strategi på lager som landsmøtet vil bli invitert til å gå inn for? Eller er det skjedd endringar i det faglege toppsjiktet som gjer at internasjonale perspektiv ikkje lenger er så viktige?

Store delar av den industrien som kan flyttast, er alt ute av landet og flytta til land der arbeidstakarane blir bydd lønns- og arbeidsvilkår som ikkje har vore gangbare i Noreg, iallfall ikkje dei siste hundre åra. Dei bransjane som i neste omgang er utsette for "internasjonalisering", er serviceyrka.

Etter kvart som privatiseringa grip om seg i norske kommunar og fylkeskommunar, vil internasjonale konsern konkurrera om kven som kan tilby dei billegaste omsorgstenestene. Konkurransefaktoren vil i stor monn vera lønns- og arbeidsvilkår for dei tilsette. Sjølv om dette er arbeid som må ut førast i Noreg, vil dei internasjonale anbydarane leggja sine premissar, og internasjonal konkurranse vil i aukande grad prega rammevilkåra. Det blir ei utfordring for fagorganisasjonane i Noreg å utvikla strategiar for solidaritet både mellom bransjar som til no har vore skilde i ulike fagforbund, og på tvers av landegrensene.

Utfordringa for Fellesforbundet blir å staka ut ein kurs for samarbeid mellom fagorganiserte i Noreg og andre land som kan gjera det lettare å forsvara seg mot arbeidsgivarane sine åtak på lønns- og arbeidsvilkår. Det blir interessant å sjå kva veg Fellesforbundet vel å gå. Resultatet kan bli viktig, ikkje berre for Fellesforbundet sine eigne medlemmer, men og for andre arbeidstakarar i Noreg, både dei som er fagorganiserte, og dei som kanskje burde vera det.

Blir det eit val mellom solidaritet med arbeidsgivarane eller solidaritet med arbeidarar i andre land, eller har Bjørndalen ei anna løysing?


Gå til indeksside for faglege artiklar | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP | Fagleg utval

Til AKP si heimeside