Tilbake til tariffsida | Til AKP si heimeside

Fra Stavanger RV (15. juni)

Gi dei ei anstendig lønn!

Politikarane har ansvaret for FO-streika

Sosionomar og barnevernspedagogar er i streik, og har vore det i nokre veker. «Dei svakaste av dei svake blir ramma,» skriv avisene. Men korfor er det slik? Fordi arbeidsgivarane, Kommunenes Sentralforbund (KS), meiner at arbeidet med dei svakaste ikkje er noko verdt. I alle fall om ein skal dømma etter kva KS er villige til å betala. Streika som rammar «dei svakaste av dei svake», er heilt og haldent KS sitt ansvar.

KS er organisasjonen av heile landets kommunepolitkarar. KS er kommunepolitikarane. Derfor spør vi kvart og eitt parti: Meiner de at lønsnivået til sosionomar og barnevernspedagogar held eit anstendig nivå? Uttrykker dette lønsnivået det som de meiner dette arbeidet er verdt? Dersom de meiner noka anna: Vil de ta noko initativ ovafor KS for å få eit nytt lønstilbod på bordet?
FO, som organiserer sosionomar og barnevernspedagogar, er kanskje ikkje noko prestisjetungt forbund. Men dei viser at dei er villige til å forsvara interessene til medlemmene sine. Lønskravet deira er rettferdig, og dei fortjener støtte. Vi oppfordrar samtlege fagforeningar, fagforbund, alle typar organisasjonar og alle politiske parti: Støtt lønskrava til sosionomane og barnevernspedagogane.


Leiv Olsen
Rød Valgallianse
Stavanger