Tilbake til tariffsida | Til AKP si heimeside

Fra Leiv Olsen (30. mai)

Ny tariffavtale gir dårlegare arbeidsforhold i skolen - stem NEI!

5.000 kroner i år og 8.200 neste år. Dessutan nokre prosentar til sentrale og lokale forhandlingar, mest i år og mindre neste år. Det er det høgt oppskrytte gjennombrotet for lærarlønene i årets oppgjer. På toppen av alt dette kjem Kosmos skolepakke, knytt til ei såkalla intensjonserklæring som stat og organisasjonar har skrive under på.

Kravet under læraraksjonane i vinter var at løna måtte opp med 10 lønstrinn, kr 50.000, i løpet av ein toårsperiode. Kva får vi?

Det vi veit, som alt er avtala, svarar til 1 lønstrinn i år og 1 1/2 neste år. Samtidig har forhandlarane våre droppa mellomoppgjeret neste år. DET BLIR IKKJE FORHANDLA OM MEIR DEI NESTE TO ÅRA ENN DET SOM ER SLÅTT FAST I DENNE AVTALEN. Vi får heller ikkje dei ekstra feriedagane som dei andre får, til gjengjeld får vi altså noko meir pengar neste år.

Det blir sagt at dei sentrale forhandlingane minst vil gi eit par lønstrinn til alle lærarar i år, og sikkert noko til neste år òg. No skal det forhandlast om dette, og det er mange som skal blanda seg inn i dei forhandlingane, men la gå, la oss seia at dei sentrale justeringsforhandlingane i år gir eit par lønstrinn til alle lærarar og litt meir til enkelte. Dei lokale forhandlingane til hausten vil knapt bli delt ut likt til alle, og det dei skal forhandla om neste år, vil vel òg langt på veg bli spist opp av alle slags særtillegg. Ikkje gløym at motparten vår ønsker å setta av pengar til å plussa på løna til enkeltlærarar og enkeltgrupper, slikt skal betalast ut av den same potten. Reknar vi velvillig på dette, blir det 3 lønstrinn til alle i år og 2 neste år, til saman 5 lønstrinn i løpet av perioden, og dessutan diverse tillegg til enkeltgrupper eller enkeltlærarar. Omtrent halvparten av kva vi kravde. Nåvel, det er alltids noko, og meir enn kva vi har fått på lenge. Men ikkje den store seieren.

Resten skal altså skolepakka gi oss. Men kva går skolepakka ut på?

Tre ting: meir vekt på lokale forhandlingar, større fleksibilitet, større makt til rektor. Rektor blir pålagt å følgja nøyare med på kva lærarane gjer, og sørga for å vri mest mulig arbeid ut av kvar enkelt lærar (sagt med litt andre ord, men meininga er tydeleg). Dersom dette gir gevinstar, kan vi ta det ut som lønskompensasjon. Står det i intensjonserklæringa. Bare om vi går inn i konkrete forhandlingar om korleis dette kan virkeliggjerast, kan vi få ut kroner, og då som ein gevinst fordi vi frigjer ressursar for arbeidsgivaren vår. Den rektoren som får tynt meir ut av lærarstaben, kan òg håpa på lønstillegg (det står ikkje i avtalen, men blir alt praktisert i fylket). Det er vi sjølv som skal finansiera skolepakka ved å strekka og tøya oss sjølv litt meir i skolekvardagen. Heile pakka aukar presset på lærarane og undergrev
arbeidssituasjonen vår.

Det er ikkje dette vi treng. Stem NEI!

Leiv Olsen