Til heimesida til Rødt!
Temaregister | Forfattarregister | Blad for blad | Heimesida til AKP

Debatt

Sosialisme, kommunisme

av Terje Valen

Rødt! nr 2, 2006


Korleis skal vi definere omgrepa sosialisme og kommunisme? Dette blir diskutert no, og det er bra. Pål Steigan har tatt opp temaet i ein interessant artikkel i Rødt! og han har prøvd seg med ein kort definisjon som er slik: "Sosialismen defineres økonomisk som et samfunn der "produksjonsmidlene er eid av samfunnet og blir utnyttet på en planmessig måte, der profitten ikke lenger er drivkrafta i økonomien, og der det samfunnsmessige overskuddet kommer folket til gode"."

Dette må tyde at han også kan tenke seg ein annan, politisk, definisjon av sosialismen, som han ikkje går inn på. Eg trur at vi ikkje slepp unna ein definisjon som ikkje bare er økonomisk, men eg trur og at det er lurt å ta utgangspunkt i eigedomstilhøva til produksjonsmidla. Det meiner eg er godt i samsvar med slik Marx tenkte det og.

I Det kommunistiske manifest samanfattar Marx heile kampen for kommunismen slik:

"Når proletariatet i kampen mot borgerskapet med nødvendighet forener seg til klasse, gjennom en revolusjon gjør seg til herskende klasse og som herskende klasse med makt opphever de gamle produksjonsforholda, da opphever det med disse produksjonsforholda klassemotsigelsenes eksistensbetingelser, klassene i det hele tatt og dermed sitt eget klasseherredømme." (Det kommunistiske manifest i omsetting av Morten Falck, Røde Fane, side 69.)

Kommunismen sin første fase (sosialismen) kjem rett etter revolusjonen. Det er ein fase der arbeidarklassen er den herskande klassen og då han med makt opphevar dei gamle kapitalistiske produksjonsforholda. Dette er etter mi meining den kortaste definisjonen av kommunismens første fase.

Marx utdjupar dette slik:

"Proletariatet vil benytte sitt politiske herredømme til gradvis å fravriste borgerskapet all kapital, sentralisere alle produksjonsredskaper i hendene på staten, dvs. det som herskende klasse organiserte proletariat, og så raskt som mulig øke produktivkreftene.

Dette kan til å begynne med naturligvis bare skje ved hjelp av despotiske inngrep i eiendomsretten og de borgerlige produksjonsforholda, altså ved forholdsregler som ser ut til å være økonomisk utilstrekkelige og uholdbare, men som i bevegelsens løp går ut over seg sjøl og er uunngåelige som middel til omveltning av hele produksjonsmåten." (Same verk, side 68.)

Den andre fasen av kommunismen tar til "når klasseforskjellene under utviklingens gang er forsvunnet og all produksjon er konsentrert i hendene på de sammensluttede individene". Når det skjer, "så mister den offentlige makta sin politiske karakter". Det tyder at "den organiserte makta til en klasse for å undertrykke en annen" dvs. "den politiske makta i egentlig forstand" "er forsvunnet". (Alle sitat frå same verk side 69.)

Viss vi ser tilbake på Steigan sin definisjon av kommunismen sin første fase (sosialismen), så ser vi at det han står tilbake med når han tar vekk det politiske, er ein definisjon av kommunismen sin andre og høgare fase, og ikkje den første fasen.

Det som ikkje kjem fram i Steigan sin definisjon, er jo nett den politiske makta som Marx meiner er hovudskiljet mellom kommunismens første og andre fase, mellom sosialismen og kommunismen. Kommunismens første fase er nett den fasen der eigedomsretten til produksjonsmidla er politisk, arbeidarklassen konstituerer seg som stat, og gjennom staten tar han litt etter litt all produktiv eigedom frå borgarskapet. Dette er ein politisk aksjon, gjennom eit politisk apparat, statsapparatet. Og den felles eigedomsretten til proletariatet over produksjonsmidla blir då utøvd gjennom proletariatet sitt politisk maktorgan, staten. Når denne tileigningsprosessen er ferdig ligg vilkåra til rette for at arbeidarklassen sitt politiske organ, staten blir oppheva, saman med arbeidarklassens sjølv og andre klassar. Då blir eigedomsretten til produksjonsmidla direkte og upolitisk samfunnsmessig, produksjonsmidla blir sosiale. Derfor har eg kalla den første fasen av kommunismen (sosialismen) for politisk kommunisme og den andre for sosial kommunisme. Dette tok eg opp i Marxistisk renessanse - kommunistisk offensiv, Vestanbok forlag 1992, side 110-112. Det er nett dette skiljet Marx etablerer i Manifestet og.

Viss eg skulle prøve meg på ein definisjon av kommunismen sin første fase ut frå dette, så ville eg, med utgangspunkt i Steigan sine formuleringar, seie noe slikt som: "Kommunismen sin første fase (sosialismen) er produksjonsforhold der arbeidarklassen har gjort revolusjon og konstituert seg som herskande klasse, og der han gjennom staten sin tileignar seg eigedomsretten til alle produksjonsmidla for å utvikle produktivkreftene og produksjonsforholda vidare til kommunismens andre fase."

Så vil eg føye til at når Marx snakkar om kommunisme, så er det nett i forhold til eigedomsretten til den produktive eigedommen, til produksjonsmidla. Derfor er heller ikkje kommunismen sluttpunktet på menneskesamfunnet si utvikling. For bortanfor den reint materielle produksjonen og det som blir produsert her, som vi under kommunismen kan organisere på måtar som er verdige for menneska og i takt med naturen rundt, utviklar menneska eit nytt fridomsrike der den tvangen som alltid vil finnast i produksjonen, ikkje er tilstades. Dette står det om i Kapitalen, bind 3, kapittel 48, III, side 2 og 3. Du finn ei omsetting av det i Marxistisk renessanse - kommunistisk offensiv, side 184-187. Du finn dette og meir utdjupande om same emne på http://home.online.no/~tervalen.