AKP i 1970-åra og våpenbruken

av Tor Obrestad

Trykt i Stavanger Aftenblad 7. august 2003
Gjengitt med forfatterens tillatelse

Tilbake til hovedsida for denne debatten


Igjen har det vore mediestøy kring AKP si historie med Bernt Hagtvet som pådrivar. Blant anna blir det hevda at partiet skal ha drive med våpentrening og at det har sett som vilkår for medlemsskap at ein skulle kunna ta livet av sine nærmaste.

Den som midt på 1970-talet var overtydd om at Sovjet var ei aggressiv supermakt som kunne gå til åtak på Norge kva dag det skulle vera, ho måtte spørja seg kva slags former ein motstandskamp ville ta. Dei relativt ferske røynslene om passiviteten frå åra før 1940 freista ikkje til gjentaking. Korkje sosialdemokratane sin politikk for det brotne geværet, eller kommunistane si handlingslamming på grunn av ikkje-åtakspakta Stalin gjorde med Hitler, var vegen å gå. Heller ikkje dei danske kommunistane si manglande sikkerhetslinje før 1940 syntes gloriøs. Det første den tyske okkupasjonsmakta gjorde var å sikra seg adresselistene og likvidera leiinga i det danske kommunistpartiet.

For den som ville førebu seg på ein motstandskamp mot inntrengarar, var det naturleg å skaffa seg innsikt i korleis eit våpen skulle handterast, og behandla telefon og adresser med varsemd. Og den som funderte vidare på kva ein revolusjon normalt inneber, var det også naturleg å gjera seg tankar om kva det kunne bety av val. Også her kunne studier av okkupasjonsåra konkretisera korleis slike situasjonar kunne vera. Men ta livet av dei nærmaste? Nei, aldri.

Det kunne nok henda at ein privat samtala om slike saker, det var naturleg, og ansvarleg å gjera det.

Det er eit langt steg frå private refleksjonar og samtalar til ei partilinje for det som er nemnt innleiingsvis. Begge påstandane er tøv. Tvert om kom det gong på gong formaningar frå toppen om å halda seg borte frå fysisk valdsbruk for ikkje å bli slått i hardtkorn med utanlandske terroristgrupper, og fordi det er ein livsfarleg kurs for eit revolusjonært parti. Hadde det funnest eit ulovleg gevær, ville Overvakingspolitiet ha slått ned umiddelbart. Undersøkingane som seinare er gjort viser at det var ingenting å slå ned på.

Men hadde ikkje Bernt Hagtvet hatt det så travelt med å agera medieklovn, kunne han ha tenkt litt, undersøkt noko, og forsøkt å stilla fornuftige spørsmål. Det fans mange aktverdige utvegar for den som ville læra litt om våpen. Han kunne ha spurt om marxist-leninistane var velkomne i skyttarlaga. Eller om det var rom for dei i det norske forsvaret. Eller han kunne ha undersøkt kor mange revolusjonære som melde seg frivillig til dei fredsbevarande FN-styrkane i Libanon.

På slutten av 1960-talet fekk eg innvilga ein søknad om å sleppa repetisjonsøvingar i infanteriet fordi eg på politisk grunnlag ikkje ville gjera det. Nokre år seinare kom eg med i eit parti som etterkvart hadde funne ut at ein sann revolusjonær skulle utføra militærteneste. Og eg sende ein ny søknad der eg hevda å ha kome på betre tankar og at det var ingenting eg heller ville enn å forsvara fedrelandet med våpen i hand. Omsider fekk eg eit svar som gjekk ut på at det var fint at eg hadde fått ei ny innstilling, men at det nok var best å la tinga vera som dei var. Dei militære ville ikkje åpna rullane for meg lenger.

Nåh, dette er historie og det er underleg at så vidt mange hissar seg opp på grunn av denne historia. Kan henda gjer ein det for å sleppa ta stilling til samtida. I samtida er me ein del av dei krigførande styrkane i Afghanistan og ein del av okkupasjonsstyrken i Irak, bundne opp til dei amerikanske føringane for korleis verda skal regjerast. Me har med andre ord knytt oss til den mest aggressive og mest intelligente bruken av fysisk vald som fins. Dette finn den politiske eliten akseptabelt. For meg er det eit større tankekors enn den revolusjonære retorikken for tretti år sidan.

Det betyr at nasjonen stillteiande akseptert ei linje for våpenbruk som bryt tvert med tradisjonane våre. Det betyr også at våre intellektuelle har blitt så tilpasningsdyktige overfor makta og våpenbruken at dei kryp for den.Dette er grunnlaget for mediehysteriet om retorikken frå eit lite revolusjonært parti for tretti år sidan. Slik er det moderne hykleriet i krigsnasjonen Norge.