10. september 2003

Erling Folkvord
er førstekandidat for Oslo RV - og med i AKP

Visste du kven det var som sa JA til WTO i 1994?

Sist fredag skreiv redaktør Alf Skjeseth i Nationen om "WTO og den store stillheten". Eg vil gjerne bidra med litt forklaring på korfor den politiske eliten er så tause.

I mange parti er det no aukande motstand mot WTO og Gats (Den allmenne avtalen om handel med tenester) på grasrot- og mellomnivå. Da Folkeaksjonen Velferd var samla på Værnes i fjor, heldt for eksempel Senterpartiet sin fylkesordførar i Sør-Trøndelag eit engasjert innlegg om korleis WTO grip inn i og øydelegg vilkåra for lokalpolitisk sjølvstyre og internasjonal solidaritet.

Når eg snakkar med WTO-motstandarar i Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet, merkar eg at dei er misnøgde med at leiinga i eige parti ikkje er på banen. Og dei fleste er ukjende med kva som hende da gongen Stortinget tok standpunkt til WTO.

I folkerøystinga 28. november 1994 sa fleirtalet nei til Maastricht-traktaten som EU-samarbeidet da var bygd på. To dagar seinare behandla Stortinget fire internasjonale avtaler som er bygd på dei same marknadsliberale fri-flyt-prinsippa:

  • Avtalen om Verdens handelsorganisasjon (WTO), med ein spire til overnasjonale organ
  • Den internasjonale meieriavtalen
  • Den internasjonale storfekjøttavtalen
  • Avtalen om offentlige innkjøp

Ingen var overraska over at Ap og Høgre sa JA. Mindre kjend er det at dei store NEI-partia gjorde det same. Marit Arnstad (Sp) sa i Stortinget "at Sp etter en samlet vurdering har valgt å gå inn for en ratifisering av den Gatt/WTO-avtalen som nå foreligger".

Paul Chaffey (SV) sa JA "i erkjennelsen av at valgmulighetene er små, og i erkjennelsen av at denne avtalen bør bli en plattform for krav om reformer i det internasjonale handelsregimet". Det er den argumentasjonen som Arbeidarpartiet bruker for å bli med i Europaunionen. Vi skal forandre innafrå. Parlamentarisk leiar i SV, Kjellbjørg Lunde snakka tydelegast om at no ein måtte leggje den aktive EU-kampen bak seg. Ho slo fast at "vi i SV er svært nøgde med resultatet av folkeavstemninga på måndag" og så sa ho vidare: "Men no er vi tilbake i den politiske kvardagen, og nye krav blir stilte til oss alle. Det er no vi skal utnytte det beste i det nei som ble gitt på måndag."

Eg hugser korleis EU-tilhengjarane i Stortinget, som hadde tapt folkerøystinga, denne dagen gledde seg stort over at både Senterpartiet og SV så raskt var tilbake "i den politiske kvardagen".

RV vart dessverre aleine om å seie nei til WTO og dei tre andre avtalane. Etter avstemninga oppsummerte presidenten at "ved alternativ votering mellom komiteens innstilling og forslaget fra Rød Valgallianse bifaltes innstillingen med 128 mot 3 stemmer". To utbrytarar trossa partileiinga i SV og sa nei til WTO. Ingen av dei er på Stortinget i dag.

Dette stortingsvedtaket er grunnlaget for at ulike regjeringar seinare har arbeidd iherdig for å innlemme Noreg i Gats-systemet.

Gats får store følgjer. Viss ikkje den gryande folkemotstanden klarer å stoppe det som er på gang, vil private selskap frå alle WTO-land få ein "rett" til å konkurrere med offentlege sjukehus og skoler om statstilskott. Tilsvarande og verre følgjer er det på sektor etter sektor.

Dette handlar om at dei fleste partitoppane i aukande grad synst dei bør meine det same i dei største spørsmåla. Kampen om EU-medlemsskap er eit unntak. Toppane både i SV og SP syntest i 1994 at det vart "for mykje", som ein av dei sa til meg, viss dei skulle vere mot WTO i tillegg til at dei var mot EU. Ikkje minst framfor eit lokalval, burde det vere åpenhet om at dei noverande stortingspartia stemte JA den gongen Stortinget behandla WTO-spørsmålet i full breidde.

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside