17. april 2002

Ingrid Baltzersen
er med sentralstyret i AKP

Kvinnedagen er dagen for lesbisk kamp

20 år sidan det blei lovlig å vera homo!


I helga feira homorørsla at det er 20 år sidan det blei lov å vera homo. På desse 20 åra har det skjedd mykje juridisk for skeive. 2 kvinner kan gifta seg, og 2 menn kan (rett nok må dei vera homofile, det står i lovteksten, eg veit ikkje heilt om bifile får lov ...). Ein har fått lov til stebarnsadopsjon, fått meir rettar i arbeidslivet osv.

Men det er ikkje berre juridisk kampen står, sjølv om det var viktig for at homokampen for menn i det heile skulle starta, det at ein ikkje lenger blei straffa for å ha sex.

For litt over ein månad sidan var det 8. mars. 8. mars er alle kvinners kampdag. Men kven er alle kvinner? Alle kvinner vert veldig ofte heterofile kvite kvinner. I alle fall heterofile kvinner. På 8. mars parolemøtet i Oslo i år vart det ikkje vedteke nokon hovudparole om lesbisk kamp. Det er mange paroler som ikkje får bli hovudparoler 8. mars, men deler av argumentasjonen mot lesbisk kamp parole var at "dei lesbiske ikkje var der, og dessutan hadde klaga på parola i fjor". Hadde ein latt vera å vedta ei 6-timersdagsparole på grunn av at damene som jobber med det ikkje var der? Nei, 6-timers dag er eit krav for alle kvinner. Kvifor er då dei lesbiske noko anna? Fordi kvinna per definisjon er heterofil, og ingen då kan ta ansvar for sakene til dei lesbiske, fordi dei ikkje kan setja seg inn i kva som er viktige saker for dei lesbiske. Så neste gong får me sørga for at det er nokon som ikkje er heterofile på parolemøtet.

Men kvifor er homokamp ein viktig kamp framleis, 20 år etter at det blei lovleg å vera homo? Dreier ikkje all homokamp seg for tida om at homofile og lesbiske skal gifta seg i kjerka og få ungar?

Homokamp er for meg kampen for at ikkje alle skal vera like, og at me har ulike ting som tenner oss, ulike ting som gjer at me blir forelska. Men homokamp for meg er og kampen for at ein skal kjenna seg igjen i kvarandre, at ein skal sjå at sjølv om nokon er hetero, nokon er homo, nokon er bi, nokon likar å gå i drag, nokon ikkje føler seg vel med det kjønnet folk meiner dei er født til å ha, så er me like.

Homokamp for meg er og ei utfordring til det patriarkalske systemet.

Eg trur at nokre av grunnane til at eg ikkje er så oppteken av at homokamp handlar om juridiske rettar er at eg er revolusjonær, og meiner at det å gifta seg er reaksjonært, og at ungar burde kunna adopterast av kollektiv, og at det å avgrensa juridisk godkjent oppdraging til berre to eller ein er dumt. Dei tradisjonelle homokrava er ikkje aktuelle for meg personleg. Kamp mot mobbing og usynleggjering er derimot veldig viktig for meg, sjølv om eg sjeldan har opplevd det som noko spesielt negativt å vera den eg er, heller positivt.

Men det eg synest er bra med mi innstilling til homokamp, er at folk som ikkje nødvendigvis definerer seg som homo, lesbe eller bi kan delta. Det å kjempa mot å setja folk i ein legningsbås, å kjempa mot kjønnsroller, kjempa mot båstenkjing og roller generelt er ein kamp alle burde vore interesserte i å vinna. Men det er ein kamp me ikkje har kome langt nok i, og som vil fortsetja så lenge patriarkatet eksisterer.

Gratulerer med jubileet, søstre og kamerater!

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside