26. mars 2001
Filip Stokkeland
it-arbeidar og medlem i AKP

Napster, MP3
og opphavsrett til åndsverk

For ikkje lenge sidan vart Napster Inc. dømd til å fjerna alt materiale (i hovudsak MP3-musikkfiler) som er bunde av opphavsretten og ikkje fritt kan delast. Musikkbransjen og musikarar jublar. Men kva inneber sigeren? Er det eigenleg nokon siger for kunstnarar og musikarar?

Napster har no svara med at dei vil gjera det dei kan for å fjerna materiale der den/dei som sit med opphavsretten kan dokumentera det og krev materialet fjerna. I dette ligg det og at det ikkje er teknisk mogleg for dei å filtrera vekk alt.

Kva er Napster? Det er ei teneste der folk loggar seg på og kan dela ut filer, skravla og søkja i og henta ned andre sine filer (i hovudsak MP3-musikkfiler). Firmaet tilbyd altså berre ei teneste der det er opp til brukarane å dela ut filene sine, og dei deler dei ut i sanntid, dvs. medan dei sjølv er pålogga. Det er altså ikkje som å leggja filer ut på heimesida si. Så ein bør spyrja seg om det i det heile er fornuftig at firmaet skal stå andsvarleg for det brukarane ynskjer å dela ut. I alle høve er det teknisk vanskeleg (om dei då ikkje legg ned heile tenesta), og det er eit prinsipp som er skummelt.

Det minner nemleg om redaktørandsvar. Skal Internett-leverandøren ha redaktørandsvar for det brukarane sender og mottek? (Altså ikkje berre for det brukarane legg ut på vevsida si.) Det inneber i så fall at leverandørane på sikt i større grad må overvaka og fylgja med i kva brukarane skriv og gjer. Kan henda må dei setja opp overvakingsjobbar som skannar gjennom e-posten til brukarane, søkjer på innhald i tekst og på vedlegg, t.d. etter MP3-filer. Då er ikkje lenger e-posten privat. Kan henda dei legg inn andre søkjeord på sikt, t.d. "sosialisme", "demo", "Kurdistan", "Palestina", "frigjering" og "solidaritet". Å opna for større grad av overvaking er ikkje lurt.

I eit fritt framtidssamfunn er det i alle høve klårt at opphavsrett og slike saker vil vera meiningslaust. I eit samfunn der produksjonen skjer til beste for menneska og samfunnet, der det er sett på som nyttig og bra å produsera "kultur", der det ikkje er profitt som er drivkrafta, så vil jo fri deling av musikk og slikt vera eit stort gode – ikkje ein trussel mot musikarar og kunstnarar.

Men eg trur og at musikarar og kunstnarar idag, under kapitalismen, vil kunna tena på MP3 og Napster. Sjå på korleis dataspelindustrien har kjempa mot piratkopiering av spel i mange år, og med svært avgrensa suksess – og det i ei tid då folk kopierte diskettar av kvarandre, fysisk. Det er dessutan tydeleg at piratkopieringa var bra for spelprodusentane. Kopieringa utvida marknaden og gjorde at mange fleir vart hekta på dataspel. Sånn trur eg og at piratkopiering av musikk fungerer. Det er altså ikkje berre i det fantastiske framtidssamfunnet at det mogleg løysa opp opphavsretten.

Stutt sagt trur eg både artistar, kunstnarar og musikkbransjen vil tena meir på å stø fullt opp om gratisdistribusjon av musikk over nettet. Det går dessutan an å tena ein del på å selja T-trøyer, plakatar og anna frå den sida der du legg ut musikk til gratis nedlasting. Eg trur rett og slett eit band som Metallica tapar pengar på at dei kjempar har imot Napster og MP3. Dei vert upopulære hjå mange potensielle kundar – og eg trur ikkje dei sel serleg mange fleire plater.

Fri deling av programvare, musikk, idear og kunst er framtida. Det er idag mogleg å tena store pengar på gratis-programvare, som t.d. Linux, under kapitalismen, og det er ingen tvil om at det er fornuftig at alt slik er gratis og fritt i eit fritt framtidssamfunn.

Førre meninga | Fleire meningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside