akp.no

Leiar

Det finst ikkje "litt krig"

av Ingrid Baltzersen

akp.no nr 2, 2007


Er det mogleg å senda soldatar til ein krig og samtidig seie at ein ikkje er med i krigen? Ja, det er mogleg, viss ein er med i den norske regjeringa. Nokon har det lettare enn andre, AP slit ikkje med korleis dei framstår. Dei har alltid vore tydelege på at dei følgjer USA og Nato som ein trufast følgjesvenn på dei fleste ferder.

SV-leiinga derimot slit med korleis dei framstår. Medlemmene og dei typiske SV-veljarane har ikkje tillit til Nato eller til krig som løysing. Difor slit SV-leiinga. For dei vil ha SV i regjering for å påvirka. Difor må SV-leiinga seie at Noreg sender soldatar til ISAFstyrka, som driv med stabilisering og gode tiltak for befolkninga i begrensa område, mens realiteten er at ISAF har ansvaret for USA sin krig i heile Afghanistan, og er under leiing av ein amerikansk general.

Difor må dei seie at det då er betre med 150 soldatar enn langt fleire soldatar. SV har stor innflyting i Fredsinitiativet, også med sentralstyremedlem Ingrid Fiskaa som leiar av initiativet. På årsmøtet nyleg gjekk dei i spissen for å stemma ned eit forslag som sa at alle norske styrker måtte trekkast ut av Afghanistan straks. At Noreg skulle gå i spissen for å få Nato ut av Afghanistan, ville innebera for skarp kritikk av lina til regjeringa. Konsekvensen blir at Fredsinitiativet fortsatt vil bremsa eit arbeid for å få Noreg ut av krigen.

Andre må no ta ansvar. Raud Ungdom har aksjonert rundt parola «hent soldatane heim». Mange forfattarar skreiv under på det same kravet før jul. Det finst nokre få parti, fagforeiningar, solidaritetsorganisasjonar og sjølvsagt mange enkeltpersonar også i SV, som er for denne parola. Så oppfordringa går til alle krigsmotstandarar:

Følg opp arbeidet for at Noreg skal trekka seg ut av USA sine krigar, både i Irak og Afghanistan. Det er ikkje bomber og soldatar folka der treng, ikkje ein gong «litt» av det, men moglegheiten til å styra seg sjølv.