
Jorun Gulbrandsen har gått av som leiar i AKP etter nesten 10 år. Ho gjekk på som leiar i ein turbulent periode med Klassekampen i 1997, noko som tok mykje tid dei neste åra. Dei siste åra har ho jobba mykje med akp.no, eit viktig arbeid for AKP, fordi me får sjansen til å fortella om politikken vår kvar månad.
Jorun har mange kvalitetar, og mykje å læra bort. Noko av det viktigaste er at ein må vera konkret når ein undersøker, analyserer, og når ein forklarer ting for folk. Som både Jorun og Mao seier: Ein må bita i pæra for å fi nna ut korleis ho smakar.
Me er glade for at Jorun kjem til å fortsetta i sentralstyret i AKP og dela kunnskapane sine og analysene sine, sjølv om ho går av som leiar.
AKP takkar Jorun Gulbrandsen for den store jobben ho har gjort som leiar.