
Så lenge målet for forsøk med sekstimarsdagen er høgare produktivitet og lågare sjukefråvær, vil me få rapportar som fortel om mislykka forsøk, seier Maren Rismyhr frå For 6-timersdagen.
Sekstimarsdagen dukka opp igjen i avisene då Fornyings- og administrasjonsdepartementet sin rapport Kunnskapsoversikten 2006 over verknader av arbeidstidsreduksjonar vart kjend i midten av september.
Departementet hadde tinga denne rapporten frå det internasjonale konsulentselskapet Rambøll Management. Rapporten held fram at det er vanskeleg å trekke konklusjonar, men hevdar at ein ikkje finn endringar i sjukefråvær, og at verken trivselen eller produktiviteten aukar. Dagsavisen 16. september i år skriv at «konklusjonen er knusende» og at «[Rapporten] finner ikke et eneste vellykket forsøk med kortere arbeidstid ».
Samtidig med rapporten vart det kjend at Nardo Bil, det første norske firmaet som starta forsøk med sekstimarsdag, hadde gjennomført si oppsummering og avslutta ordninga med to skift og seks timars arbeidsdag. Ei av årsakene var at produktiviteten ikkje var høg nok. Frå media sit me igjen med inntrykket at forsøk er mislykka, og at kravet ikkje er modent.
- Me vil ha sekstimarsdag fordi me vil ha kortare arbeidsdag, seier Maren Rismyhr frå gruppa For 6-timersdagen.
- Det er gode grunnar til å ligge unna spørsmål om sjukefråvær, auka effektivitet og økonomisk vinning. Sjukefråværet fortel oss først og fremst kven som har tilgang til arbeidslivet. Høg arbeidsløyse gir lågt sjukefråver. Når fleire kvinner, eldre og folk med helseproblem får arbeid, vil sjukefråværet gå opp. Slik sett kan sekstimarsdag gi høgare sjukefråvær av di fleire vil få jobb.
Tidlegare forsøk har hatt lågare sjukefråvær som mål. Men forsøka har vore alt for små og kortvarige til å seie noko fornuftig om langtidssjukefråvær. Me veit at dei tilsette både i Oslo og Kiruna trekte fram auka trivsel med sekstimarsdag, men i mediene kjem ikkje dette fram!
- Er det bare småbarnsforeldre som har behov for kortare dagleg arbeidsdag? Kva med folk utan småbarn som heller ønsker seg lengre ferie eller ynskjer å pensjonere seg tidlegare? Og kva med dei som jobbar i Nordsjøen?
- Dersom nokon går med på gjennomsnittsutrekning av arbeidstida fordi det passar dei best, legg det større press på arbeidarar på andre arbeidsplassar, der dei tilsette har eit stort behov for dagleg arbeidstidsreduksjon.
Å bare innføre sekstimarsdag for småbarnsforeldre vil gjere det vanskelegare for denne gruppa på arbeidsmarknaden. Sekstimarsdagen må gjelde for alle!
På grunn av omsorgsoppgåver er mange kvinner allereie tvinga til å jobbe sekstimarsdag for eiga rekning - dei jobbar for lågare løn og færre pensjonspoeng. Dei som jobbar deltid, er i tillegg avhengige av å ha yrke som gjer det mogleg med redusert dagleg arbeidstid.
Å innføre sekstimarsdag som tretti timars veke (med ein ekstra fridag) er difor usolidarisk. Ein slik arbeidstidsreduksjon blir gjerne normen i typiske mannsyrke, og dermed aukar ikkje valfridomen til kvinner, når det gjeld yrke og arbeidsplass.
Seks timars normalarbeidsdag sett rammer for arbeidstida som også verkar gunstig inn på kva nordsjøarbeidarar, pendlarar og andre med særskilte behov lyt forhandle seg fram til.
- Er det nødvendig med fleire forsøk? Styrker det kampen for sekstimarsdag, eller bør fokuset vera retta mot lovendring?
- Eigentleg er tida overmoden for sekstimarsdagen. Hugs at åttetimarsdagen vart lovfesta for snart nitti år sidan, i 1919. Sidan har lite skjedd på lovsida. Men me må vera med å stø oppunder det som er mogeleg å få til, og no har regjeringa og LO forsøk på dagsordenen. Dette held debatten varm, og folk ser at sekstimarsdagen faktisk er fullt mogeleg å få til, når forsøk kjem i gang
Men forsøk vil aldri kunne vise kva sekstimarsdag i full skala kan bety for samfunnet. For at det skal komme alle til gode, må det gjennomførast som ein samfunnsreform. Det betyr at sekstimarsdagen må lovfestast, og det lovførebuande arbeidet må me kreva at regjeringa startar opp no!