OL - noko å hugsa

av Magnus Bernhardsen

Til innholdslista for akp.no nr 7, 2004 ||| Til AKP si heimeside


Når du les dette er Dei olympiske leikane i Aten over. OL er eit gigantarrangement, som krev mykje ressursar av deltakarar og arrangørar, og reportasjar om alle sider ved OL fyller opp aviser og tv i lang tid. Reaksjonane frå venstresida er stort sett negative. Og det er mykje negativt å seia. Ei gruppe som heiter Hellas’\' kommunistiske organisasjon (www.koel.gr) har laga ei t-skjorte der dei olympiske ringane er erstatta av drap, kontroll og overvåking, terror, doping og sponsorar. Dette er viktige ting å setja fingaren på, og motstand mot OL er ofte stor i både søkjarbyar før OL vert tildelt og i arrangørlandet.

Likevel, OL opptek interessa til millionar av menneske over heile verda. Det er viktig å setja fokus på dei gode tinga som faktisk skjer i dei olympiske vekene og. Jesse Owens' sigrar i Berlin 1936, "Svart makt"-helsinga til Tommie Jones og John Carlos i Mexico 1968.

Det eg kjem til å hugsa best frå leikane i Aten er sigeren til Puerto Rico over USA i basketball. Puerto Rico er ein USA-koloni i Det karibiske havet. USA stilte "Dream Team". Ein amerikansk kommentator sa at det var som om ein plukka ut spelarane etter kor mykje supportarutstyr dei ville selja, heller enn å skapa det beste laget. Puerto Rico hadde eit lag utan store stjerner, men organiserte seg godt og var gode til å ta trepoengarar. Det var flott å sjå at eit lite, USA-kolonisert land kunne hamla opp med supermakta i ein av "deira" idrettar. For meg ville det vore fullkome om USA fekk juling av Cuba i den "heilamerikanske" og mest symbolrike idretten baseball. Men USA kvalifiserte seg ikkje til OL ...