AKP-arkivet

Diskusjonsgrunnlag om
religion og politikk

av Hans Olav Brendberg Oversikt over e-post-adresser

Juni 2002


Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Diskusjonen om religion og politikk kjem stadig tilbake, i nye former. Eg trur det er avdi det er ein viktig diskusjon, der vi treng avklåring. Men eg trur det er vanskeleg å få fram prinsippa om vi berre held oss til rørsler langt unna Noreg.

Eg har difor laga eit lite punktvis oppsett, avdi det kan henda er ein betre måte for å få fram usemjer. I nokre av dei spørsmåla eg tek opp er eg sjølv i tvil. Eg har likevel valt å gje alt same tilspissa form avdi det gjer diskusjonane enklare enn om eg vel bomullsformuleringar eg er sikker på at eg står inne for.

Dette er altso eit innspel til diskusjon, vonleg kan det vera eit bidrag til noko konstruktivt.

Innleiing: Historie og geografi

1. I dag finn ein sterke rørsler som politiserer religion innanfor alle tre abrahamittiske religionar, og innanfor hiduismen.

2. Dei viktigaste er:

3. Dei mektigaste av desse rørslene er nordamerikansk kristenfundamentalisme og jødisk sjåvinisme. Båe desse byggjer på viktige punkt på prinsippiell etnosentrisme, med idear om å vera utvalde. Det er rørsler som er drivkrefter for imperialistisk undertrykking.

4. I andre samanhengar vil politisert religion vera ei tvitydig rørsle som inneheld element av både frigjering og undertrykking. Vurdering av slike rørsler må difor vera konkret, knytt til program, praksis og samanhengen rørsla arbeider i.

5. Vestleg imperialisme teiknar eit karrikert og einsidig fiendebilete av islam. Som antiimperialistar tek vi avstand frå dette fiendebiletet, på same måte som td. stigmatiseringa av jødar i mellomkrigstida. I staden vil vi arbeida for å spreia kunnskap og nøkterne vurderingar. Dette inneber òg å vera ope kritisk til reaksjonære drag i islam.

6. Sekularisering er ein samansett historisk prosess, der det ikkje finst nokon fasit. Konfliktar er ein naudsynt del av sekulariseringsprosessen. Måten slike konfliktar blir handsama er like viktig som utfallet. Innhaldet i desse konfliktane har samanheng med særtrekk i dei religiøse ideologiane i det førmoderne samfunnet.

7. I Nord-Europa byrja sekulariseringa med reformasjonen, og har utvikla seg i ein gradvis prosess dei siste 500 åra. Utgangspunktet var kristendom, som ikkje styrte samfunnet etter religiøs lov, og som dogmatisk skilde mellom religiøs makt og statsmakt. Sekulariseringa har difor vore enklare enn i religionar bygd på religiøs lov og statsmakt.

8. Sekulariseringa har vore knytt til ideen om framsteg. I staden for tradisjonell ideologi og samfunnsstruktur, kom sekulariseringa som ei side av ei breid rørsle for omforming av samfunnet med auka materiell velstand, offentleg skule og utbyggjing av offentlege tryggjingsnett. Dette har gjeve sekulariseringa legitimitet.

9. I tilfelle der denne omdanninga fører til at store delar av folket blir halde utanfor, eller mistar det dei har, vil sekulariseringa stogga opp eller reversera.

10. Klassisk islam inneber at religion og stat er integrert, og lova ein del av religionen. Difor har sekulariseringa av islamske samfunn vore vanskelegare enn i kristne samfunn.

11. I det islamske området er det berre Tyrkia som har eit fullstendig sekularisert samfunn med demokratiske strukturar. Røynslene frå den kemalistiske revolusjonen er viktige, men ikkje uproblematiske, når det gjeld diskusjonen om sekularisering av islamske samfunn. Det tyrkiske demokratiet er òg på mange måtar eit skinndemokrati, der mykje av makta ligg i eit kemalistisk offiserskorps.

12. I det arabiske området var det særleg Nasser og den arabiske nasjonalismen som freista gjennomføra ei sekulær omforming av samfunnet. Den moderne islamismen vaks fram i ruinane etter pan-arabismens nederlag i siste halvdel av sekstitalet.

13. I Iran var sjahens regime eit undertrykkande regime som i svært stor grad var nasjonalt usjølvstendig og under amerikansk kontroll. Revolusjonen i 1979 var ein rettferdig, antiimperialistisk revolusjon. Han vart gjennomført av ein allianse mellom religiøse tradisjonalistar og sekulære radikale. I den påfølgjande maktkampen tapte dei sekulære.

14. Islamistiske rørsler i land som Kashmir, Palestina, Libanon, Algerie vil vera uttrykk for politiske motsetnader som har med langt meir enn religion å gjera. Det er prinsippielt gale å ta stilling til slike rørsler utan å vurdera den historiske samanhengen dei står i.

Religion, moral, kapitalisme og imperialisme

15. Renessansen for religiøse rørsler som driv politisk mobilisering heng saman med grunnleggjande strukturelle drag i det liberale, kapitalistiske samfunnet, og i perifere kapitalistiske samfunn med meir autoritære styreformer.

16. I eit liberalt kapitalistisk samfunn blir moral og ideologi privatisert, slik at samfunnet si vurdering av folk blir knytt til karriere, kreativitet eller økonomisk forteneste.

17. Dette blir enno meir ekstremt i periferien, der hundretals millionar av folk blir sett utanfor, utan at utdanninga deira eller ressursane deira blir sett pris på av samfunnet.

18. Dei nye religiøse rørslene set livet til folk i perspektiv, og bidreg til ei kjensle av verdi og sjølvrespekt. Religionen gjev ein annan målestokk enn marknaden. Det liberale samfunnet er oppteken av at vala skal vera frie, medan det er likesælt kva folk vel. Mot dette hevdar dei religiøse rørslene at livet til kvar og ein er viktig, og at vala folk flest gjer er viktige.

19. Tidlegare bidrog folkerørslene til å gje alminnelege folk sin innsats meining og verdi. Forfallet i folkerørslene har ført til eit vakuum få andre enn dei religiøse rørslene har vore i stand til å fylla. Dette har vore ein viktig veikskap ved radikale, sekulære rørsler som dei religiøse rørslene ikkje kan lastast for.

20. Kamp mot imperialisme, politisk undertrykking og økonomisk utbytting handlar ikkje berre om kamp mot ytre fiendar, men òg mot nedbryting og øydeleggjing av eige samfunn. Radikale rørsler har lagt for lita vekt på moralsk sjølvforsvar i antiimperialistisk kamp.

21. Samfunn som tek lett på egoisme, uærleg framferd, dømesykje, eigenvinning, likesæle, tjuveri, svindel, augetenarar, løgn, baksnakking, klatrementalitet, rusmisbruk, forakt for alminneleg, ærleg arbeid, forakt for kunnskap og røynsle og lettsindig bruk av fellesgode er splitta samfunn som er lite motstandsdyktige mot borgarskapens offensiv eller imperialistisk undertrykking.

22. Difor er kamp mot slike moralske skavankar ein naudsynt del av kampen for eit betre samfunn. Målet må vera å endra adferd, ikkje å framstå som prektige.

Tilhøvet til religiøse rørsler og religion

23. Utgangspunktet vårt er ateisme i den eigentlege tydinga av ordet: Vi reknar Guds eksistens eller ikkje-eksistens som irrelevant i høve til dei måla vi arbeider for, og freistar samla flest mogleg bak desse måla uavhengig av religiøs tru.

24. Spotting, hån, forakt og blasfemi andsynes ein religion er samstundes grovt usakleg spotting, hån og forakt andsynes dei alminnelege menneska som trur på dei religiøse sanningane. Respekt for religion og religiøse skikkar, høgtidsdagar og liknande er alminneleg folkeskikk. Respektløyse og forakt bidreg til å kløyva samfunn, og gjera dei mindre motstandsdyktige. Målet vårt er størst mogleg einskap, utan å feia usemjer og kritikk under teppet.

25. Sosialismen har ikkje noko plettfritt historisk rulleblad når det gjeld tilhøvet til religionsfridom. Vi har ikkje grunnlag for å opptre som skulemeistrar med fasit andsynes religiøse rørsler. Utgangspunktet vårt må vera kritisk dialog, og støtte til rettferdige krav og rettferdig kamp. Vi brukar våre eigne målestokkar når vi vurderer kva som er rettferdige krav, og rettferdig kamp.

25. Det finst ein dårleg tradisjon for heroisering og rosemåling av undertrykte som slåss mot undertrykking. I staden må vi kombinera kritikk med støtte. Dette er særleg viktig når det gjeld politisk-religiøse rørsler.

26. Imperialistmaktene, og særleg USA, freistar bruka kulturell ulikskap mellom dei religiøse sivilisasjonsområda i sitt maktspel. Vi meiner kulturelle skilnader er legitime, og at det ikkje er unaturleg at td. familie og slekt har ei langt sterkare rolle i land der det ikkje finst eit offentleg sosialt tryggjingsnett, og der vestlege finansinstitusjonar forbyr styresmaktene å byggja ut slike nett.

27. Grensedragingane mellom legitime skilnader og skikkar vi tek avstand frå, er vanskelege. Så lenge ein føreset at partane deltek friviljug, kan arrangerte ekteskap vera likeverdige med det vestlege kjærleiksekteskapet. Tvang vil derimot vera umoralsk. Tradisjonell islamsk nedvurdering av kvinner, td. som vitne i rettssalen, tek vi derimot avstand frå uansett.

28. Slike grensedragingar er umoglege om ein set seg i verdas navle. Alle samfunn har sine særtrekk - og sine veikskapar. Alle har noko å læra av andre, og Noreg er ikkje alle tings målestokk. Det palestinske samfunnet overlever år etter år eit massivt press. Det er ingen grunn til å tru at td. det norske samfunnet hadde tolt eit slik press mange månadene i strekk før samfunnet hadde rakna. Også vi har noko å læra. Men utgangspunktet vårt er likevel eigne verdiar og eige samfunn.


Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Til AKP si heimeside