AKP-arkivet

"Selve kjernepunktet
i den demokratiske ideologi"

av Erling Folkvord, stortingskandidat for RV i Oslo

Trykt i VG 26. mai 2005


Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Viss Stortinget i kveld vedtar "trygdeforliket" mellom Ap, H, V, Krf og Sp, går desse partia på tvers av eit grunnprinsipp i Grunnlova. Dei gjer det berre ni dagar etter at fleire av forlikspartnarane brukte nasjonaldagen til å snakke pent om 100-årsmarkeringa av Norge som sjølvstendig stat.

Vi er vitne til ein konstitusjonell snuoperasjon. Riksforsamlinga som møttest på Eidsvold i 1814, laga ei framtidsretta grunnlov bygd på folkesuverenitetsprinsippet. Franskmannen Rousseau hadde formulert ideane i eit verk han ga ut 52 år tidlegare. Ideane til Rousseau skapte politisk storm. Og det vekte ny oppsikt i Europa da mennene på Eidsvold vedtok § 49 som seier at "Folket udøver den lovgivende Magt ved Storthinget, der bestaar af to Afdelinger, et Lagthing og et Odelsthing".

Rousseau formulerte ideen om folkesuvereniteten lenge før vi fekk allmenn stemmerett. I dag har prinsippet derfor eit vidare innhald. I vår tid har jussprofessor Johs Andenæs i boka Statsforfatningen i Norge oppsummert at "folkesuvereniteten går ut på at folket har rett til å rå selv. Det gjelder både med hensyn til det indre styre og det gjelder utad i forhold til andre stater. Folkeviljen er den øverste norm for statens styre ..." Han skreiv at: "Folkesuvereniteten, folkets selvbestemmelsesrett, det er selve kjernepunktet i den demokratiske ideologi."

I dag betyr dette at dei folkevalde får makta si frå folket gjennom frie val i etterkant av ein valkamp med åpent ordskifte. Når partia har lagt fram programma sine og lovnadene sine, har folket ein dag til å velje dei som skal styre landet i dei neste fire åra. Viss det i desse åra skjer noko heilt uventa, godtar vi at Stortinget har folket si fullmakt, sjølv om saka ikkje var nemnt i valkampen. Bankkrisa tidlig på 1990-tallet var ei slik sak.

Men viss nokre få i den øvste makteliten bestemmer seg for å halde ei ny og svært viktig sak vekke frå valkampane, har vi ein heilt annan situasjon. Viss denne eliten legg opp ein timeplan som gjer at folket ikkje kan bruke valet til å seie meininga si, er det ei krenkjing av folkesuvereniteten. Det er ei omgåing av § 49 i Grunnlova.

Dei partileiarane som i dag vil vedta demontering av folketrygda før valet, prøver å innføre ein modernisert versjon av dei teoriane som statsstyret i Norge var bygd på før 1814.

Trygdeforliket frå sist torsdag har så dramatiske følger for framtida at Stortinget ikkje har fullmakt frå folket til å fatte vedtak før saka har vori tema i ein valkamp og eit val.

Denne omgåinga av Grunnlovas § 49, er nøye planlagt. Jens Stoltenberg si regjering oppretta pensjonskommisjonen våren 2001, nokre månader før stortingsvalkampen starta. Ettersom kommisjonen knapt hadde begynt å arbeide, vart ikkje demontering av folketrygda eit valkamptema i 2001. Valet i 2001 ga derfor ikkje Stortinget fullmakt til å gjere grunnleggjande endringar i det folketrygdsystemet som Stortinget vedtok i 1966.

For fem månader sia la så Bondevikregjeringa fram sitt opplegg for å kutte framtidige trygdeutgifter med ein femtedel og samtidig fjerne dei reglane som gjer at folketrygda er heilt ulik kommersiell forsikring. Då vart regjeringa og Jens Stoltenberg fort samde om at dette må avgjerast før valkampen. Dei avtalte korleis dei skulle hindre at folket kunne påverke utfallet ved å endre samansetninga av Stortinget.

Dessverre er det ikkje første gongen. EØS-avtalen vart innført på same måten. Først sørga statsminister Gro Harlem Brundtland for å halde saka utafor valkampen i 1989. Så la regjeringa opp eit løp som førte fram til endeleg vedtak i Stortinget 29. april 1993. EØS-avtalen vart da vedtatt med 119 JA og 36 NEI. Det var to fleire JA enn Grunnlovas krav om 3/4 fleirtal. Ei avstemming i det nye Stortinget 21. oktober 1993 viste at stemmetala da vart 111 mot 40, dvs. to JA-stemmar mindre enn 3/4 fleirtal. Hadde Ap-regjeringa respektert folkesuvereniteten den gongen, hadde ikkje EØS-avtalen vorti vedtatt.

For fire år sia fekk vi eit nytt eksempel. Stoltenberg-regjeringa fekk med seg H og Frp på å gjere sjukehusa til foretak som blir styrt på same måten som aksjeselskap. Eitt av resultata var at talet på private sjukehus auka frå sju til 24 på eit par år. Nyrike sjukehusmillionærar vaks fram som sopp etter regnver. Nokre av av dei har tatt ut ein profitt som ikkje ein gong spritsmuglarane kan rekne med: Legane som oppretta Klinikk Stokkan AS i Trondheim i desember 2000 investerte 30.000 kroner kvar. På tre år tok kvar av dei ut eit skattefritt utbytte på 8,5 millionar kroner! Eg trur det hadde vorti vanskelegare å få ein slik "reform" vedtatt etter ein valkamp der folk fekk vite kva det handla om.

I dag handlar det om meire enn å berge folketrygda og skape ein trygg alderdom for dei som no er unge. Viss vi bøyer oss og godtar denne krenkjinga av folkesuvereniteten, får vi heilt sikkert meire av det same i åra som kjem. Leiarane i H, Krf, V, Ap og Sp vil vende tilbake til meir udemokratisk og autoritær maktutøving. Dei respekterer ikkje det som avdøde professor Johs. Andenæs kalla "selve kjernepunktet i den demokratiske ideologi". Frå Erna Solberg og Jens Stoltenberg er ikkje dette nytt eller uventa. Men i Senterpartiet har det skjedd ein snuoperasjon sia Anne Enger Lahnstein i 1992-93 forsvarte folkesuvereniteten på ein modig og tydeleg måte.

Dei som synst folkesuvereniteten og § 49 i Grunnlova er verd å forsvare, bør bli med og seie i frå at berre det Stortinget som blir vald om tre og ein halv månad, kan fatte eit gyldig vedtak om å bryte sund grunnprinsippa i folketrygda.


Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Til AKP si heimeside