Fleire artiklar om sosialisme | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |
I 1949 skreiv den konservative forfattaren, George Orwell boka 1984. Boka handlar om kordan Orwell trudde at verda kunne sjå ut i tittelåret. Eit slagord som går att i heile boka er "Big Brother Is Watching You", "Storebror held auge med deg". Men hovudpersonen i boka, Winston Smith, blir og prega av andre slagord, som til dømes "Krig er fred", "Mangel på kunnskap er styrke" og ikkje minst "Fridom er slaveri".
I eit tillegg til boka skriv Orwell om dette nye språket som ein her nyttar. Det er kalla Newspeak eller nysnakk. Eit av kjenneteikna for dette språket er at orda blir snudd opp ner. Tvangsarbeidsleir blir til gledesleir. Krigsdepartement blir til Fredsdepartement og fridom tyder altså slaveri.
I 1974 offentliggjorde Jan Myrdal og liberalaren Lars Gustafsson ein brevdiskusjon dei hadde hatt med kverandre. Tittelen på boka er Den onödiga samtiden. I samband med den såkalla IB-affären i Sverige, då det blei avslørt at der eksisterte ei slags hemmelig regjering i Sverige, knytta Gustafsson eit samband mellom Orwell sitt nysnakk og det svenske sosialdemokratiet sitt språk. Han seier: "Medan den ideologiska styrelsesformen är parlamentarisk demokrati är den reella styrelsesformen närmast en form av maffia, ett vidstrakt förbindelsesnät mellan invigda, dvs. informerade. Utomordentlig lojalitet utat och ett språk som i sin mangtydighet möjliggjör at denna maffia fullständigt öppet främträder som den naturligaste sak i världen."
Språket blir omdanna og fangar opp motseiingar sånn at dei innvigde forstår noko med det dei seier, mens dei andre forstår noko anna.
Denne øydelegginga av språket er svært naudsynt når motseiingane i samfunnet blir store nok. Då tøyar og vrir herskarane orda og språkstrukturane til dei mest sprekk. Det "schizofrene" samfunnet skapar og eit "schizofrent" språk.
Eg meiner at sosialdemokratane i Norge no gjør det samme når dei nyttar omgrepet fridom i fridomskampanjen. Av denne grunnen kan vi ikkje svare sosialdemokratane innanfor deira eigen språkstruktur, innanfor deira eigen forståingshorisont. Vi må gå opp heile saksområdet ut fra dei gamle omgrepa til arbeidarklassen sine teoretikarar, og så må vi omsetje DNA sitt nysnakk til eit proletarisk gammalsnakk.
Eg meiner altså at DNA sin fridomskampanje er ein slaverikampanje? Ja, det meiner eg, men eg meiner og at det er ein fridomskampanje. Det spørs kor den står som snakkar.
La oss derfor gå laus på dette systemet som DNA sin frihetskampanje skal fungere innan.
Eg finn det naudsynt å ta utgangspunkt i Karl Marx sine analyser når eg skal begynne å sjå på desse sakene.
I Grundrisse, frå side 649 og utetter (dette er etter den engelske Pelicanutgåva) skriv Marx saker som framleis er svært interessante analyser for oss når vi skal diskutere fridomskampanjen. Han snakkar om den historiske utviklinga av kapitalen.
"Dei grensene som kapitalen reiv ner var noko som hindra at kapitalen sjøl kunne utvikla seg og bli til noko. Med det oppheva ikkje kapitalen alle grenser eller hinder, men bare dei grensene som ikkje passa han eller var eit hinder for han. Sjøl om kapitalen sine eigne grenser, frå eit høgare utsiktspunkt, framstår som eit hinder for produksjonen og blir bestemd av utviklinga i kapitalen sjøl, så kjenner kapitalen seg fritt og uhemma innan desse grensene. Det vil seia at han kjenner seg avgrensa bare av seg sjøl, av sine eigne livsvilkår."
Eg trur dette er sentralt for å forstå DNA-leiarane sin oppfatning av fridomskampanjen. Hvis vi går ut fra at dei representerer kapitalen og snakkar med kapitalen si røyst så går det an å skjønne både at dei meiner at fridomskampanjen har med fridom å gjøre, og korfor andre må sjå på kampanjen som ein slaverikampanje. I DNA sitt språk tyder fridom det same som fridom innanfor kapitalen sine grenser. Det tyder maksimal fridom for kapitalen til å utvikle seg vidare. Kan hende du ikkje er samd med meg. Men slepp ikkje tråden, eg vil prøve å vise dette på mange måtar etter kvert.
Marx går vidare:
"Så lenge den produksjonen som er basert på kapitalen er den nødvendige og derfor mest passande utviklingsformen for den samfunnsmessige produktivkrafta, sa framstår individa sine handlingar innom kapitalen sine reine vilkår som fridommen deira."
Det er dette eg har kalt fridom i kapitalen sitt fengsel eller lønnsslaverifridom. Og det er altså dette eg seier at DNA sin fridom tyder.
"Den gjensidige tvangen som kapitalane utøver på kverandre og på arbeidet, (konkurransen arbeidarane seg imellom er bare ein form av kapitalane sin konkurranse) er rikdommen sin frie og samtidig reelle utvikling som kapital."
No vil vel noen seie at dette bare gjeld frikonkurransekapitalismen, men Marx driv resonnementet sitt vidare sånn:
"Så lenge kapitalen er svak forsøker han å støtte seg på krykker frå tidligare produsjonssett eller på produksjonssett som han sjøl har fortrengt. Så snart han kjenner seg sterk kastar han vekk krykkene og rører seg i samsvar med sine eigne rørslelover. Så snart han tar til å innsjå at han sjøl er blitt eit hinder for utviklinga, tar han tilflukt i former som - gjennom at dei synest å fullende kapitalen sitt herredømme ved å temme den frie konkurransen - samtidig forkynner oppløysinga av kapitalen sitt herrevelde og dei produksjonsformer som er grunnlagd på kapitalen."
Marx gir her ei tidlig skildring av tilhøve som oppsto etter hans tid. Han skildrar kapitalismen i vår tid. Sosialdemokratiet er nettopp det politiske og ideologiske uttrykket for denne tida då kapitalen "synest å fullende herredømmet sitt ved å temme den frie konkurransen". Men sosialdemokratiet slepp ikkje unna konkurransen likevel. Han slår inn med stor styrke og då legg DNA opp eit statsbudsjett som er bestemt ner i dei minste detaljane av dei kapitalistiske rørslelovane.
La meg ta med siste delen av Marx sitt resonnement. Han peikar på ka fridom under kapitalen sitt herrevelde eigentlig er.
"Han er i røynda bare den frie utviklinga på eit avgrensa underlag - kapitalen sitt herrevelde. Denne slags individuell fridom er derfor samstundes den mest fullstendige fornekting av all individuell fridom og individualiteten si totale underkasting under samfunnsmessige vilkår som tar formen av tinglige makter, ja av overmenneskelige saker - saker som er uavhengige av individa i dei innbyrdes tilhøva deira."
Dette er, etter mi meinig, ei presis framstilling av DNA sin fridomskampanje. Det forklarar og korfor DNA-leiarar som Gro Harlem Brundtland, Hernes, Hanisch, Jagland og Førde er i subjektiv god tro når dei seier at dette er ein frihetskampanje. Ut frå deira synsstad, som talerøyr for den moderne statsmonopolkapitalen i Norge, er DNA-fridomen sann fridom og einaste vegen å gå.
Desse tinglige maktene som Marx snakkar om og som høyrest så mystiske ut, forstar vi betre om vi erstattar dei med ordet marknaden. Dette fabeldyret som ingen har kontroll med og som gjør ka det vil. Det er kapitalen, dei menneskeskapte produksjonstinga, som utøver diktaturet sitt over menneska utan at vi kan hindre det. Sånn vil det vere så lenge kapitalen og kapitalismen eksisterer. Fridomskampanjen til DNA skal sikre at desse maktene eksisterer lengst mulig.
Dei typiske trekka ved kapitalen speglar dei to sidene, fridom og tvang, som vi har snakka om til no. Kapitalen merker seg ut ved to særdrag. For det første strevar han etter ei utvikling av produktivkreftene utover alle grenser. Han strevar for å bli fri fra alle grenser som hindrer utviklinga av produksjonen. Eg kan ikkje gå nøye inn på dette. Marx bruker tusenvis av sider for å vise det i hovudverket sitt Kapitalen.
Men for det andre set kapitalen opp nokre grenser som han ikkje kan komme forbi. Dette har Marx sjøl uttrykt på mange vis.
Utviklinga i produktivkreftene fører med seg at det i heile kapitalen brukast meir og meir verdi til daude midler og mindre og mindre til levande arbeid. Med Marx sine ord veks den konstante kapitalen meir og meir i omfang og verdi, mens verdien av den arbeidskrafta som kapitalen sug ut, og som Marx kallar den variable kapitalen minskar i forhold.
Forholdet mellom den meirverdien som blir skapt og heile kapitalen kaller Marx for profittgraden. Denne graden visar kor stor avkastning det er på kapitalen kvert år. Denne avkastninga går ned medan produktivkreftene blir utvikla. Tendensen til minkande profittgrad er eit anna uttrykk for at det blir vanskeligare og vanskeligare for det kapitalistiske systemet å fungere. Det fungerer nemlig bare i den grad det kan halde profittgraden oppe.
Marx fekk rett - enno ein gong. Financial Times 2. november 1985. Ein tabell og artikkel som seier oss meir om utviklinga i verda enn mange bind med økonomisk/politisk litteratur.
Det engelske handels- og industridepartementet har rekna ut ei tallrekke som syner utviklinga av fortenesta i forhold til investert kapital frå 1955 til 1983 innanfor industrien i OECD-landa. Altså noe av det næraste kapitalen sine eigne representantar kan komme sanninga om fallet i profittgraden.
Utrekninga viser at fortenesta i forhold til investert kapital har falle dramatisk i alle industriland sidan 1955. For Vest-Tyskland er fallet fra over 40% til under 15%. For USA frå over 30% til under 10%. For Canada fra ca. 25% til ca. 5%. For England frå under 20% til under 10%.
Av artikkelen går det fram at utviklinga har vært omtrent sånn i dei fleste økonomiane. Også i Norge og til dømes Japan.
Utviklinga har bølga jamnt nedover i alle dei nevnte landa med unntak for USA. Her var det nergang til omlag 20% i 1958 og så ein oppgang til 40% i 1965. Herfrå har fallet vært ekstra dramatisk.
Nedgangen i forteneste i høve til fast kapital er større i tradisjonell industri (Manufacturing) enn i andre delar av økonomien.
Det går også fram at tendensen blir broten kver gang det er høgkonjunktur og sidan 1981 har det snudd ein del for mange land.
Norge er også kommentert i artikkelen. Vi har følgt den allmenne utviklinga og også her tok "profittgraden" til å stige frå 1982. Olja får hovudæra for det. Vi har tal som viser at utbyttinga og har auka mykje omkring dette året.
Det kraftige fallet i profittgraden som utrekningane speglar av, gir oss nøkkelen til a skjønne borgarskapet sin politikk bade i verdsmålestokk og nasjonalt.
Fallet i profittgraden illustrerer kor djup krisa i kapitalismen no er. Eg trur at krisa er så djup at berre dei hardaste ideologiske, politiske og militære middel frå herskarklassen si side kan redde kapitalen gjennom denne epoka. Og det verkar heilt klårt at Norge ikkje kan bli verande det beskytta samfunnet det trass i alt har vore til no.
Alle dei hendingane vi no ser i verda er uttrykk for kapitalen sin rasande kamp for å hindre profittgraden i å synke endå meir.
Kva skjer med kapitalen når profittgraden fell? Marx tar dette opp i Kapitalen, bind 3, kapittel 14.
Det blir til dømes meir konsentrasjon og sentralisering av kapital. Færre kapitalar blir stendig større. På den måten prøver dei einskilde kapitalane å kompensere for den låge profittgraden ved å underlegge seg større meirverdimengd. I dei siste åra har dette skjedd i stor grad i Norge. Til sjuande og sist styrker dette og statsmonopolkapitalen fordi det er den høgaste form for konsentrasjon som er mulig innan ein stat. Dette er til dømes grunnen til at Fremskrittspartiet sin politikk med å sleppe marknaden laus fører til meir monopol og meir statsmonopol på litt sikt. Derfor er deira slagord mot monopol og stat på sida, sjølv om det kan virke som om dei har rett på svært kort sikt.
Låg profittgrad fører og til at det blir mykje meir kamp om den profitten som eksisterer. Derfor blir det mykje spekulasjon og kjøp og sal av eigedom osv. Konkurransen blir og mykje skjerpa mellom kapitalane. No er det ikkje så mykje spørsmål om å få del i eit overskott, som om å overleve som enkeltkapital. Dette gjør og at konkurransen mellom statane og blir skjerpa.
Alle dei hendingane vi no ser i verda er uttrykk for kapitalen sin rasande kamp for å hindre profittgraden i å synke enda meir.
Dette er den direkte bakgrunnen som vi ma ha klart føre oss når vi skal snakke om fridom og fridomskampanje i 1985 til 1989.
Då kan vi og lettare forstå at DNA kan drive ein slik kampanje samstundes med at dei driv igang ei hardhendt rasering av produktivkrefter med statsbudsjetta som reiskap, og samstundes som dei barberer statsutgiftene og pressar på for å hindre lønsauke der dei kan.
Då kan vi og skjønne at politiet kjem best ut med bevilgningar på statsbudsjettet og at dei no får ekstraløyvingar til å lære opp politifolk spesielt for å beskytte plassar og viktige personar i tilfelle det skulle bli naudsynt av den eine eller andre grunnen.
Ka slags tiltak har kapitalen i Norge tatt etter 1965 då profittraten for alvor tok til å ga nedover?
Det første store tiltaket var kampen for a få Norge inn i EEC (seinare kalt EF og EU), den europeiske økonomiske fellesskapen, Europaunionen. Om ein kom seg inn her kunne ein få mykje friare flyt av kapital, varer og arbeidskraft. Altså større fridom for kapitalen. Dette ville ha ført til svære problem for folket i Norge. Den sterkaste monopolkapitalen ville, på si side, ha fått ei tidlig omstilling og stått mykje betre rusta i konkurransekampen om vi hadde komme inn i EF.
Denne kampen tapte monopolkapitalen i Norge. Det var eit stygt tap som dei ikkje hadde trudd var mulig fordi alle dei store partia, organisasjonane og mest alle dei store avisene køyrte beinhardt for medlemsskap. Politisk var dette først og fremst eit tap for DNA som stilte kabinettspørsmål før folkeavstemninga den 25.september 1972. Denne avsløringa for open scene som monopolkapitalen sitt fremste parti har DNA aldri komme heilt over. "DNA bedrar oss" sto det med store grafittibokstavar i det busskuret der eg tok bussen til jobben kver dag i desse åra. Og det var ikkje eg som hadde skrive det.
Neste tiltaket var ein kraftig ideologisk, politisk og økonomisk offensiv for a auke utbyttinga, for å auke meirverdiskapinga.
Det var den såkalla høgrebølgja. I Norge tok han til med eit ideologisk/ politisk angrep på demokratiske rettar. Spydspissen i angrepet kom mot den folkelige progressive rørsla som hadde vakse opp rundt EEC-karnpen, solidaritetsarbeidet for Vietnam, kampen mot universitetsreformar og fleire streikar på slutten av 60-talet og byrjinga av 70-talet. "Kamp mot venstre-ekstremistene" var det sentrale slagordet.
For dei som har studert Fedrelandslaget sin kampanje mot dei radikale før valet i 1930, og DNA sin McCarthyisme, er det tydelig at desse kampanjane har vært mønster for kampanjen midt på 70-talet.
Vi fekk Libertas-kampanjar i skulen, fei-dem ut kampanjar i bedriftene leia av trugne DNA-menn, styrk-politietkampanjar, oppblomstring av fascisme og nazisme på grunnlag av all avishetsen mot progressive, trygdemisbrukhets, oppblomstring av rasisme, aukande sal av stadig hardare porno osb.
Då dette var gjort kom den økonomiske offensiven mot dei breie laga av folket med DNA sin omlegging av den økonomiske politikken i 1977/78.
Dette var dei hardaste nedskjeringane folk hadde opplevd sidan mellomkrigstida. Hovudinhaldet i denne politikken var å skjere ner lønner og sosiale utgifter og begynne nedlegging av den minst profittable industrien. Som ein følgje av dette og nergangskonjukturen fram til 1981 blei DNA-regjeringa upopulær og kasta i val.
B-regjeringa fekk gleda av å administrere ein oppgangskonjunktur. Nedskjeringane fortsette dei, men i mindre grad enn A-regjeringa. Derimot satsa dei på ein tilpassa Reagan-metode for å få fart på økonomien.
Drivkrafta i verdsøkonomien var oppgang basert på store lån. USA blei det store lokomotivet i verdsøkonomien, men oppgangen var som sagt grunnlagt på lån, og desse blei etter kvart så store at underskudda på budsjetta i USA blei trugande. Nokre år til og store delar av statsinntektene ville ha gått med til å betale attende renter og avdrag på gjeld.
Samstundes hadde bankane i USA (og andre land) lånt svært mykje pengar ut til dei mest kredittverdige u-landa. Dermed blei kapitalen i USA truga av ei dobbel gjeldsbombe, si eiga og ulanda si. I tillegg førte låge lønner og mykje lånekapital til at det blei skapt mange arbeidsplassar i USA, men samanlikna med Europa auka produktiviteten i USA lite. Saman med høge kursar på dollaren har dette ført til at USA har komme ein del i bakleksa.
Dessuten blei råvareprisane pressa ner. Det heva profittraten i dei industrialiserte landa, mens dei fattige landa måtte bere den auka byrda.
I Norge auka forbruket til ein del folk mykje på grunn av forbrukslåna og lån til investeringar.
I fleire år har den desperate jakta på meir profitt ført til spekulasjon, sentralisering, leiting etter nye marknader og produkt eller sektorar og til store investeringar i arbeidssparande teknologi.
Den sikraste vegen til profitt er idag ekstraprofitt. Denne får ein tak i ved å innføre arbeidssparande teknologi. Når ein gjør det aukar ein produktiviteten. Då går verdien av den enkelte varen ner, samstundes som ein kan selje han til gjennomsnittlig marknadspris. Sånn kan enkeltkapitalen midlertidig få opp profittgraden sin ved å heve merverdiraten.
Men når andre kapitalar kjem etter, går den gjennomsnittlige profittgraden vidare ner fordi den konstante kapitaldelen stadig aukar i verdi i høve til den variable.
Desse momenta gjør at høgkonjunkturen ikkje har løyst noko problem. Han har bare skapt fleire nye og gjort dei eldre problema meir skjerpa. Samstundes som han har skapt "yappane", dei som stig opp på jobbing, spekulasjon og ekstraprofitten lik gassane fra forureiningskapitalen, og som er like giftig for livet på jorda som dei.
I 1980 ga Ernest Mandel (som eg elles meiner seier mykje feil om fleire saker som staten sin rolle, Sovjetsamfunnet og overgangen til sosialisme) ei god skildring av den nye "depresjonen" i boka "The Second Slump" (1980).
Han skriv: "Skjematisk kan ein seie at "over-investering"framprovoserer"overakkumulering" som i sin tur bring med seg "under-investering" og massiv øydelegging av og nedgang i verdien på kapital. Bare viss denne verdinedgangen er stor nok og viss arbeidsløysa og rasjonaliseringstiltaka aukar graden av utbyttinga av arbeidarklassen nok, kan fallet i profittgraden stansast og ein ny oppgangsrunde for kapitaloppsamlinga setjast igang."
Mandel viser at nergangen ikring 1980 ikkje øydela nok verdiar til at oppgangen kunne bli særlig stor. Derfor har gjeldsfinansiering vært så viktig for oppgangen på 80-talet.
No er vi i slutten av ein oppgangskonjunktur. (Han snudde i USA for meir enn eit år sidan.) No krev kapitalen ein ny runde med øydelegging av og nedgang i verdien av kapital, han krev auka arbeidsløyse og rasjonaliseringstiltak, statlig sparing og omstilling. Hvis det blir nok av dette, kan ein ny oppgang starte som i sin tur skapar enno større problem om vi ikkje alt denne gongen er inne i ein meir langvarig periode med rasering av produktivkrefter, ein ny depresjon.
Det er fleire som ser det sånn. Derfor er det ikkje nokon spøk når vi i Bergens Tidende 15. januar 1986 les følgjande: "Verdens økonomi lik depresjonen. To fremtredende internasjonale økonomer sa torsdag at de ser bekymringsfulle paralleller mellom den store depresjonen på slutten av 20-tallet og begynnelsen av 30-tallet og den nåværende internasjonale økonomiske situasjonen."
Dei to økonomane, Barry Eichengreen ved Harvarduniversitetet og Richar Portes, professor i økonomi ved Birbeck College i London legg vekt på dei raske endringane i valutamarknaden og dei internasjonale kapitalmarknadene og strukturen i den internasjonale bankverda. Løysinga på problema er sterkare internasjonal koordinering av den økonomisk politikken, effektive finansielle nyskapingar og velbegrunna intervensjonar på finansmarknaden frå dei viktigaste nasjonalbankane. Det dei ikkje seier noko om er kordan ein skal klare dette utan å innføre sosialisme.
Så skal vi gå inn frå ein annan vinkel, Det siste året har det vært nokre store miljøkatastrofar. Samstundes utviklast forureininga av heile jordkloten med eit faretrugande tempo. Menneska sitt immunsystem ser ut til å vere pressa heilt opp mot ein terskel der det bryt saman i kreft og AIDS.
I 1976 kom det ut ei viktig bok av Barry Commoner med tittelen The Poverty of Power ("Maktas/energiens fattigdom"). Her forsøker Commoner å gi ei av årsakene til at kapitalismen ikkje har brote saman for lenge sidan Han meiner at kapitalen har utsett sitt eige liv ved å sjå bort frå dei økologiske og termodynamiske lovene, Dermed har han skyve dei kostnadene dette hadde medført over på samfunnet i form av miljø-øydelegging og aksellererande energisløsing. Kapitalen har halde verdien av den konstante delen sin nere ved at det ikkje er investert i dei midla og den oppbygginga som miljøet og termodynamikken krevjer.
Mykje tyder på at eit framhald på same viset som no, det vil seie av det kapitalistiske systemet i ei eller anna form, vil føre til samanbrot for heile livsmiljøet i tiåra framover.
I tillegg til profitt- eller verdibarrieren skapar no kapitalen ein miljø og energibarriere som han stangar mot.
Som ytre tegn på krisa i kapitalismen kan vi no nemne:
I Norge har kapitalen særeigne problem som mellom anna kjem fram i Nasjonalbudsjettet for 1987 slik kapitalen sitt viktigaste politiske talerøyr, DNA, ser det.
Dei løysingane som DNA går inn for er:
Tilstramming og inntektspolitisk samarbeid skal føre til at "store grupper vil måtte innstille seg på en viss nedgang i disponibel realinntekt", altså lønnsnedslag og auka utbytting.
Eit par forhold som må nemnast særskild er at regjeringa reknar med at "En må være forberedt på i løpet av de nærmeste 12-18 månedene å kunne gå inn i en ny fase i de innenlandske konjunkturene med nedgang i investeringsetterspørselen i næringslivet i FastlandsNorge og nedgang i etterspørselen av varige forbruksgoder."
Dessutan "I 1988 og videre inn i 1989 vil det bli en markert nedgang i leveransene til Nordsjøen. Reduksjonen i investeringene i petroleumsvirksomheten vil gi betydelige omstillingsvansker i viktige deler av norsk næringsliv. Det er av avgjørende betydning at den høyt kvalifiserte arbeidskraften som på den måten blir frigitt, kan finne seg en plass i det øvrige norske næringsliv og bidra til økt lønnsomhet og vekst der."
Her har vi igjen ein bruk av ordet fri i samanstillinga "blir frigitt". Her tyder det "får sparken". Altså med andre ord: Det er av avgjørende betydning at dei høgt kvalifiserte menneska som på den måten får sparken kan finne seg nye jobbar - og helst innan eksportindustrien.
"På mellomlangt sikt (nokre år) er det mange dyptgående og strukturelle svakheter i norsk økonomi som må rettes opp uansett om oljeprisene stiger igjen eller ikke. Særlig må oppmerksomheten rettes mot produktivitetsutviklingen, evnene til nyskaping og mot den alt for sterke kostnadsveksten." Med andre ord tyder dette at ein må produsere meir pr. time, og at ein må kunne legge om raskt til nye produkt osv., og at lønnene og dei sosiale kostnadene må haldast nere.
Det eg no har snakka om er litt av DNA sin fridomskampanje i praktisk politikk.
Ein annan viktig del av denne praktiske kampanjen har DNA-veteranen Rolf Hansen stått i spissen for på Vinmonopolet. Her har han gjort ein stor innsats for å svekke arbeidarane sine organisasjonar og gjøre tillitsfolka deira til fritt vilt for kapitaleigarane.
Han vil dessutan føre fridomskampanjen vidare etter mønster av McCarthy-tida på 40- og 50-talet for å få ein fagbevegelse fri for tillitsfolk som ikkje tar igjen når bedriftsleiinga provoserer. Fri for tillitsfolk som vil gå i spissen for arbeidarane sin kamp mot kapitalen. Dette er å kjempe for kapitalen sin fridom. Det er mange tillitsfolk og kanskje særlig kvinner som merkar denne sida av fridomskampanjen no. Handteringa av NATO-demonstrasjonen i Oslo er eit anna døme.
Og då er det kanskje tid til å sjå nærare på "Frihetskampanjen" sånn som DNA legg han opp no.
Det første grunnleggende dokumentet vi må undersøke for å skjønne "frihetskampanjen" er Gro Harlem Brundtland sin "frihetstale" til landsstyret i DNA i oktober 1985. Dernest må vi sjå nærare på dei debattopplegga som er sendt ut til bruk i kampanjen. Eg skal no gjere det.
I "frihetstalen" framstiller ho den fridommen ho snakkar om som "Frihet - frigjøring av mennesket slik at det kan bruke sine evner og muliggjøre sine drømmer." Med dette ser det ut til at ho knyttar an til den store fridomstradisjonen som borgarskapet kjempa for då det var ungt, fridom frå gamle former som hindra den vidare utviklinga for menneska. Den gangen var kapitalismen ein progressiv hendelse, og fridom frå føydale former var naudsynt om menneska skulle kunne få utvikle produktivkreftene og samfunnet vidare.
Men vidare i talen viser ho at det no er snakk om fridom innanfor dei grensene kapitalismen set idag. Ho seier "I den utnyttingsfasen som vi nå skal over i, skal vi gi folk enda større muligheter til utfoldelse. Derfor vil vi fornyelse, effektivisering og omprøving av offentlig sektor og offentlige virkemidler. Vi vil reformer i arbeidstidsbestemmelser og åpningstider som gi folk større handlefrihet. Vi vil reformer i arbeidslivet og i utdanning som gir økt innflytelse og nye muligheter til å realisere seg selv."
Så går ho over til a snakke om "dei seks fridommane".
Den første er
"En fremtidsvisjon for den offentlige sektor må være at den har mindre myndighetspreg og at den skal styres av brukernes behov." "Brukerne av offentlige tjenester skal settes i sentrum for virksomheten." "Hensikten med denne delen av kampanjen skal være å engasjere brukerne i en diskusjon for å finne nye løsninger på hvordan den offentlige sektor skal organiseres og forbedres." Helsesektoren skal ein legge særskild vekt på.
Det Gro Harlem Brundtland legg opp til er ei mobilisering av klientane, brukarane, mot dei som produserer dei offentlige tenestene så dei skal rammast i samvete sitt. Etter mi meining har vi her eit spesialtilpassa angrep på alle statstilsette ved å rette hovedstøyten mot fleirtallet av dei, nemlig kvinnene.
Opplegget for å knuse fagkunnskapen, profesjonane, i den offentlige sektoren er lagt opp i dokumentet NOU 1984:33 Politikk for arbeid. Her står det at "Svak forbrukerinnflytelse i kombinasjon med sterke profesjoner giør at ansvaret for forbrukernes interesser må legges på staten." "Det finnes to måter å hindre at profesjonenes interesser slår i gjennom på bekostning av forbrukernes interesser. Den ene muligheten er å etablere et konkurrerende tilbud." "Den andre muligheten er at forbrukerinteressene blir bedre organisert." Men "faren er at profesjonsinteresser og forbrukerinteresser går hånd i hånd med krav til myndighetene om større ressurser. Dette finner en mange eksempler på f.eks. innen helsevesenet."
DNA sin fridomskampanje skal legge grunnlag i opinionen for å hindre denne alliansen mellom fagkunnskap og forbrukarar. Bare viss fagkunnskapen blir isolert kan fagorganisasjonane i det offentlige bli knust og DNA sin omstilling gjort til virkeligheit.
Dei to måtane å rasjonalisere statssektoren på tilsvarar Høyre sin "privatisering" og DNA sin "frihetskampanje". Skillnaden på Høyre og DNA gjeld ikkje om ein skal rasjonalisere eller ikkje, men kordan ein skal gjere det. I det heile er dette skilnaden på dei to partia. Dei sloss om kordan ein skal få størst mulig fridom innanfor rammene til kapitalismen.
Dei delane av dei offentlige utgiftene som går til å hjelpe folk, som i røynda er ein del av lønnene deira, skal skjerast ner så mykje som mulig. Samstundes vil ein prøve å få større ytingar ut av dei tilsettes med mindre ressursar.
DNA sin andre fridom er
Det er spørsmål om kordan "vi" organiserer arbeidsdagen. "Flere og flere har behov for og ønsker større frihet og fleksibilitet." Fleir og fleir familiar får to inntekter. Slektningar bur langt frå kvarandre og ein kjem i konflikt med tidsmønsteret i arbeidsliv/skule/ barnehagar. Samstundes tillet "trekk i samfunnsutviklingen" ein "langt større frihet til å organisere egen arbeidsdag." På stadig fleire arbeidsplassar er det ikkje naudsynt at folk jobbar samstundes. Ny teknologi gjør at service kan gjøres uavhengig av når folk i service jobbar. Konklusjonen til DNA er at det er "nødvendig å bryte den nære forbindelse mellom arbeidstid og åpningstider vi har idag. Det blir partiets og fagbevegelsens oppgave å finne ut hvordan dette kan skje." DNA set her "frihet" og "fleksibilitet" for kapitalen opp mot eit krav om kortare normalarbeidsdag som kan sikre at dei aller fleste får "fritid" saman, og som kan hjelpe til at kvinnene kan ta full jobb og bli meir fullverdige samfunnsmenneske. Andre har skrive mykje om korfor 6-timars normalarbeidsdag med full lønnskompensasjon er så viktig, så eg skal ikkje gå meir inn på det. Bare slå fast at DNA sin "frihetskampanje" lanserer eit alternativ til denne 6-timarsdagen. Eit alternativ som tener kapitalen og ikkje arbeidsfolk.
Den tredje fridommen er
Her seier ho at den teknologiske utviklinga og omstillinga i næringslivet stiller nye krav til skulen. Fordi dei fleste born har foreldre som er i jobb, er 8-14-skulen ikkje lengre holdbar. Ein må endre innhaldet i skulen og organiseringa av skulen. For å få til dette skal dei alliere seg med elevene og foreldra, sjøve "grunnplanet" i skulen. Grunnskolerådet har tidligare uttalt kva slags krav det moderne næringslivet stiller til arbeidskrafta. Ein vil få nokre få som treng høg utdanning, mange som skal overvake automatiserte prosessar, eller drive omsorgsarbeid, og kanskje ein god del arbeidslause. Dette krev at ein del får god utdanning, mens det store fleirtalet får omsorg og øving i å klare enkle saker, omstille seg raskt, eller trivast best mulig utan lønna arbeid i det heile. Slike menneske er det kapitalen krev i tida framover i Norge. Ei omdanning av skulen som kan stette desse behova er det DNA vil "komme på talefot med foreldre og ungdom" om.
DNA sin fjerde fridom er
I etterkrigstida har målet vært å skaffe folk ein rimelig bolig av god standard til ein rimelig penge. No skal ein ikkje lenger ha dette som hovudsiktemål. No skal det viktigaste bli at folk skal få større fridom til å kjøpe den bustaden dei ynskjer. Så vidt eg kan sjå skal det no dreie seg meir om behova til dei som har råd til å velje. Det er ikkje snakk om å få opp att talet på nybygde bustader. Det er ikkje snakk om å få ned att renta i husbanken eller for bustadlån i andre bankar. Vi skal få diskutere ein meir variert bustadmasse og nye buformer.
Dessutan skal vi diskutere ka bustadkooperasjonen kan gjøre så folk får ei kjensle av å eige og betale til eigen bustad.
Eg kan ikkje sjå at dette er stort anna enn ein offensiv mot krav om fleire rimelige bustader til folk, og mot eit krav om lågare bustadkostnader. Diskusjonen skal dreiast mot noko anna.
Den femte fridommen er
Her heiter det at "Arbeiderpartiet ønsker en debatt om hvordan kapital og arbeid kan virke sammen i bedriftene for å gjøre dem tryggere og sterkere. Nye fremstøt for å demokratisere de daglige avgjørelsene på bedriften og former for overskuddsdeling er viktige deler av en slik strategi."
Her står det i klarekst at DNA ikkje vil ut over dei grensene som kapitalen set. DNA vil at demokratiet og samvirket skal skje innan kapitalen sine grenser, nett som eg påstår i den første artikkelen i dette nummeret av Materialisten. Og innanfor kapitalen sine grenser blir den individuelle fridommen til enkeltindivida og enkeltforetaka "samstundes den mest fullstendige fornekting av all individuell fridom og individualiteten sin totale underkasting under samfunnsmessige vilkår som tar formen av tinglige makter." Altså underkasting under den kapitalistiske marknaden.
Den sjette og siste fridommen er
Her seier Gro Harlem Brundtland. heilt rett at "Hvis naturmiljøet og arbeidsmiljøet forverres, innskrenkes friheten." Ka må vi så gjøre for å stanse denne forverringa? Jau, sterke krefter må temjast viss vi skal trygge miljøet vårt. Her skyt ho blink, men blinken er så stor at vi ikkje kan sjå ka ho treff. Det ho eigentlig treff er dei tiltaka som kapital og arbeid kan gjøre ilag for å gjøre "bedriftene" "tryggere og sterkere". Det er jo det borgarskapet og den kapitalen som DNA sjøl representerer som må temjast.
Med dette har DNA vist kva dei vil satse på i "opinionen" i tida framover. Effektivisering og rasjonalisering av offentlig sektor, nedbrytning av normalarbeidsdagen og kamp mot 6-timers normalarbeidsdag med full lønnskompensasjon, omdanning av skulen til ein omsorgsinstitusjon der bare nokre få skal drivast fram til kunnskap og leiande stillingar, samarbeid mellom arbeid og kapital på dei enkelte føretaka sånn at arbeidarane sine organisasjonar ikkje kan bli noko anna enn forsikringsformidlarar.
Etter Gro Harlem Brundtland sin "fridomstale" hausten 1986 blei fridomskampanjen til DNA lansert i Arbeiderbladet på nyåret 1986. I DNA blei det organisatoriske apparatet for å drive karnpanjen rigga opp i partiet utover våren 86. Då kom og det første studieheftet om kampanjen ut under tittelen Velferd sammen. En politikk for frihet - med sosialdemokratiet inn i en ny tid.
Då DNA tok regjeringsmakta for å få torpedert lønnsaukingane og skru til livreima for alle arbeidsfolk, blei det litt vanskeligare å holde oppe drivet på kampanjen. Men då sekretær Jagland la siste hand på det neste studieheftet blei det klart at "frihetskampanjen" skal fortsette. Tittelen på dette heftet er Tid for hverandre.
Vi skal no gå opplegget Velferd sammen litt nærare i saumane.
I forma er dette eit debattopplegg skrive av Rolf Lasse Lund, men i røynda argumenterer det for nokre viktige standpunkt og politiske linjer. Heftet er i tre delar: "Frihet og velferd", "Tidens bruk" og Alternativ til privatisering".
Den første delen er lettast å forstå dersom vi går ut fra den viktige utredinga Politikk for arbeid, NOU 1984:33. I denne første delen legg nemlig DNA opp til ein strategi for å omstille offentlig sektor og NOU 1984:33 set opp dei altemativa ein då har. Det er viktig å ha klart for seg desse alternativa fordi dei og viser ein hovudskilnad på politikken til DNA/SV og Høyre/Fremskrittspartiet/ mellompartia.
Når det gjeld omstilling av den offentlige sektoren seier den nemde NOU-meldinga dette:
"Arbeidsdelingen er sterkt formalisert etter utdanningsveier" og "Stillingsstrukturen følger i høg grad formelle utdanningsveier". Ein finner og ofte "regler for hvordan personalet ved bestemte typer institusjoner skal settes sammen."
"Disse reglene er igjen et resultat av forhandlinger mellom arbeidsgivernes og arbeidstakemes organisasjoner."
"Regelverk av denne typen sementerer organisasjonsstrukturen og utgjør en hindring for fornyelse i offentlig virksomhet."
"De profesjoner som står sterkest på arbeidsmarkedet har mulighet til å hindre omstillinger i den offentlige sektor,-". "- profesjonene er istand til å utmanøvrere forbrukerinteressene når disse forsøker å uttrykke sine krav."
"Svak forbrukerinnflytelse i kombinasjon med sterke profesjoner gjør at ansvaret for forbrukernes interesser må legges på staten."
"Bare gjennom politiske beslutninger finnes det mulighet til å endre rammene for profesjonenes virksomhet."
Så langt slår ein fast at det som mest av alt hindrar omstilling i offentlig sektor er god formell kompetanse, ordna arbeidsforhold og utdanning og arbeidstakarane sine organisasjoner innan det offentlig.
"Profesjonane", altså dei som er særskild utdanna for å ta vare på kvaliteten i tilboda, og organisasjonane deira, er hovudfienden. Staten må då ta på seg arbeidet med å organisere striden mot desse. Og dei allerfleste av dei er kvinner.
Det er viktig å slå til mot fagkunnskapen og dei ansatte sine organisasjonar for å få rasjonalisert offentlig sektor. Men både privatisering og organisering av forbrukarane inneber farer.
Innleiinga i DNA-heftet Velferd sammen legg opp ein samla strategi i dette spørsmålet. Først gjør ein front mot privatiseringa som er Høyre sitt varemerke. Så går ein inn for å setje "passasjeren, kunden, gjesten, pasienten, eleven eller klienten" i sentrum. Det er jo desse det nye "servicesamfunnet" "dreier seg om". Og dei stiller eit skjebnessvangert spørsmal."Hvordan skal vi igjen knytte sammen opplevelse av fellesskap og organiserte velferdsordninger, hvordan kan vi gjøre fellesgodene også til et spørsmål om å levendegjøre solidariteten?"
Dei to neste delane av studieopplegget handlar om kordan dei skal klare dette. Og når vi har sett nærare på det, sa veit vi og meir om kva det vil føre til i praksis.
Andre delen heiter altså "Tidens bruk". Først grunngir dei korfor dei tar opp fritid før situasjonen i arbeidet. "Vi kan ikke føre en arbeidslivspolitikk og en annen fritidspolitikk. Økt fritidsforbruk kan bare i liten grad kompensere for et dårlig arbeidsmiljø. Men vi vet også at mye av den mere lystbetonte aktivitet foregår i fritida. Også mer nødvendig produksjon i hjem og familie faller - innenfor fritida, definert som den tid vi ikke er i lønnet arbeid." "Mennesket er ikke bare hva det har, men først og fremst hva det gjør. Likevel har vi vært mer opptatt av å fordele det vi har - våre materielle goder - enn å fordele det vi gjør. Her trengs en sosialdemokratisk revolusjon i vår måte å tenke på. Dette må til, skal vi ta menneskenes frihet på alvor."
Ein slik dreining i tanken til arbeidsfolk, frå det vi har til det vi gjør, er sjølsagt viktig for dei som har mykje og får meir, i ei tid der dei fleste får mindre. Og det er og viktig å dreie tankane våre vekk frå det vi gjør i lønna arbeid og over til det vi gjør i fritida, i ei tid med rasjonaliseringar, omstillingar og nedleggingar.
Etter dette kjem ein historisk analyse som skal vise korfor den nye DNA-politikken er nødvendig. Dei viktigaste endringane i dei siste tiåra er kortare arbeidstid, meir tid til utdanning, meir tid betalt av trygder, sterk auke av gifte kvinner i lønna arbeid - mest i deltidsarbeid, dobbeltarbeid for desse kvinnene og meir pendling for mange. Lengre avstandar til offentlige kontorar og andre service-tilbod. Kvinnene kan ikkje lengre halde oppe det sosiale livet i boområda.
Samfunnet er bygd opp på mønsteret frå 1950- og 60-talet. Dette passar ikkje lenger. "I konkurransen om menneskenes tid er det nære, levende sosiale livet i ferd med å tape. Dette må vi endre på. Men å be kvinnene om å gå tilbake til hjemmet vil være en frihetsberøvelse. Derfor må vi finne andre måter å bringe menneskenes tidsbruk tilbake til nærmiljøene. Og de veiene skal være slik at de øker vår fritid."
Dernest kjem ei samanfatting av det "teoretiske" grunnlaget for den nye sosialdemokratiske revolusjonen. "Vi kan begynne med å betrakte vår økonomi utenfor det lønnede arbeidsliv som en del av den egentlige samfunnsøkonomi. Vi må bli kvitt den forstilling at såkalt fritid er forbruk av verdier som skapes i den ordinære arbeidstid. Ikke-lønnet omsorgsarbeid, barnetilsyn, eget vedlikeholdsarbeid på hus og hytte, dugnad i borettslag, vask og matlaging - alt sammen er innsats som skaper verdier."
Så fortsetter dei "- dette er en sektor av vårt samfunn der vi kan investere for å få noe igjen." Og "En vesentlig del av den økte aktivitet i nærmiljøet må være omsorgsproduksjon i vid betydning. Det vil for eksempel si varer og tjenester rettet mot barn og gamle."
DNA foreslår altså at staten skal vise interesse for den omsorgen som idag foregår i nærmiljøet. Det trengs ikkje nokon nytenking for å komme fram til det. Kvart år søkjer ymse organisasjonar om store summar til sånt arbeid. Men staten og kommunane har ikkje nok pengar. så søknadene blir for det meste avslått. Grunnen er at dette ikkje er arbeid som skapar profitt, og aller minst superprofitt eller spekulasjonsprofitt. Derfor fell det i praksis utanfor når omstillinga skal setjast ut i livet.
Når dette området ikkje skapar profitt sa kjem det av at DNA si teoretiske nyskaping ikkje held vatn. Denne typen arbeid skapar nemlig ikkje verdi av det slaget det er snakk om under kapitalismen. Det skapar bare bruksverdi og ikkje bytteverdi, og det skapar dermed ikkje meirverdi og profitt. Når DNA pastår dette, sa lurar dei nokon. Jo meir slikt arbeid folk gjør desto meir av profitten kan kapitalen ta fordi ein ikkje treng a setje av sa mykje til sosiale utgifter, og jo fortare forverrar krisene situasjonen for folk.
I praksis tyder DNA sine forslag her at det sosiale hjelpeapparatet vi no har skal nedbyggjast vidare og at omsorgen skal overlatast til folk i nærmiljøet, og same kordan ein då vrir på det så tyder det kvinnene. Kan hende at DNA sitt mannsrolleutvalg skal legge press på menn for å få dei til å ta meir del i sånt arbeid. Men i røynda tyder dette og meir privat omsorg, anten han no blir utførd av dei einslige i familiane, eller av kollektiv i nærmiljøet.
Dei endringane DNA førespeglar oss, kan ikkje finne stad så lenge hovuddrivkrafta i den heilskaplige økonomien er profitt og kapitalauking. Hvis DNA set desse tankane ut livet vil det bare seie at folk sine kollektive tiltak til beste for seg sjølv skal leggjast nærare inn under kontroll av staten gjennom ymse ordningar.
Vi ser no konturane av ein politikk for å knuse organisasjonane i staten som DNA ikkje har kontroll over. Vi ser ei politikk for å ta kontroll over masseorgamisasjonar der DNA ikkje har kontroll eller binde slike organisasjoner meir direkte til staten/fylket/kommunane enn dei er idag. I svært mange av desse organisasjonane er kvinnene i fleirtal.
Dei organisasjonane som DNA har kontroll over, som tid dømes LO, har ordre om å følge dei tiltaka som tener DNA sin heilskapelige økonomiske politikk best, nemlig å få kapitalismen med profittaukinga til å gå best mulig. I den grad dette kjem i motstrid med arbeidarklassen og folk sine interesser blir det viktigaste å splitte og herske, å mobilisere den eine gruppa mot den andre, og bruke udemokratiske og i siste instans valdelige middel mot dei som ikkje kan vere samde, fordi dei råkast direkte.
Siste delen av heftet er "Alternativ til privatisering". Det store spørsmålet er "Vi ser store behov for å bygge ut offentlig sektor. Samtidig vil det i åra som kommer, bli stadig færre yrkesaktive til å forsørge stadig flere eldre. Vi har sett at folk i mindre grad er villig til å ta ansvar for fellesskapet. Og vi har sett mange utslag av offentlig byråkrati. Det offentlige har ofte en nokså stiv og lite fleksibel organisasjonsform. Hvordan skal vi løse dette dilemma?"
"Arbeiderbevegelsen kan på sin side ikke svare på privatiseringsfremstøtene bare med å rope på mer stat. Arbeiderbevegelsen må gå reelt inn på problemene og utvikle et sett av alternativer til privatisering. Utgangspunktet må være å prioritere innenfor den offentlige sektor, sette offentlig sektor istand til å yte folk den beste service og ikke minst et ønske om å organisere samfunnet på en måte som gjør at folk tar ansvar for fellesskapet".
Etter dette går ein i heftet inn på fem alternativer til privatisering. Det første er "modernisering og effektivisering av offentlig sektor." Så er det å "utvikle selvforvaltningsprinsipper innenfor den offentlige sektor." For det tredje er det å utvikle "ulike former for sosiale kontrakter." Så bør "samvirketanken i sin mer opprinnelige form utvikles på nye områder" og til slutt bør ein finne fram til "oppgaver som naturlig kan gis til folkelige organisasjoner."
Effektivisering av offentlig verksemd er arbeiderrørsla sitt bord. For "de borgerlige partiene betyr høyere effektivitet sparte penger. For oss betyr det bedre tilbud. Det er en grunnleggende forskjell."
Det tyder nok sparte penger for DNA og, men dei skal få oss til å tenkje annleis om samme saka for å få oss til å gå inn for effektivisering med større glød. Dette er den virkelig grunnleggande forskjellen på DNA og til dømes Høyre.
Det første ein må gjøre er å investere i teknologi, forskning, arbeidsformer og opplæring innan det offentlige. Kor mykje det ligg i dette med investering kan vi sjå av DNA sin innsparingslinje i praktisk politikk no. Det som skjer i ein viss grad er omprioritering av middel til dei områda DNA prioriterer.
Dinest må ein sørge for at offentlige kontor er åpne når folk har fri til å gå der. Fordi DNA ikkje går inn for 6timars normalarbeidsdag med full lønns- og stillingskompensasjon, så vil dette føre til meir upassande arbeidstid for dei som jobbar på desse kontora. Dette gjeld først og fremst kvinner.
Så må ein desentralisere og delegere. Dette siste er mykje eit økonomisk spørsmål. Meir fridom til å bruke færre bevilga pengar slik som ein sjøl finn det mest påtrengande. Fridom til å vri seg friare i eit trangare skinn.
Når det gjeld sjølforvalting så må ein sette igang "omfattende organisasjonsutviklingsprogrammer i heile den offentlige sektoren. Ein skal kjempe mot tendenser til byråkrati og profesjonalisering. Forfremjing og lønner bør regulerast ut frå ønsket om "bedre service, større publikumsvennlighet og bedre omsorg." Ein bør stille store krav til offentlige ansatte som har med mennesker å gjøre og det kan vere naudsynt å "oppvurdere deres lønnsnivå."
Dette er då den korte meldinga om at ein har innleia eit frontalangrep på "profesjonene" det vil seie organisasjonane til dei tilsette i offentlig verksemd. Kor mykje som ligg i dette med betre lønner kan vi lese ut av DNA sin linje for lønnsoppgjøret no. DNA sitt våpen mot dei tilsette i offentlig sektor er å mobilisere brukarane mot dei.
Det tredje altemativet er offentlige kontraktar. "Dette betyr at det offentlige skal være aktive og føle et ansvar, men ikke nødvendigvis være utøvende." Her tar forfattaren først idretten som eit eksempel. I staden for sponsing så bør det "kunne inngåes sosiale kontrakter mellom det offentlige og idretten, mellom kommunene og de lokale idrettslag, mellom staten og idrettsbevegelsen." Dette står og i DNA sitt arbeidsprogram for området idrett og kultur.
Sånne kontraktar kan og gjelde foretak som ein finn verdig ut frå visse kriterier. Og ein kan opprette dei på "omsorgsområdet". Det kan dreie seg om "kontrakter der hjemmehjelpen og annet helsepersonell inngår et samarbeid med familie og venner av den som trenger omsorg. Det offentlige tar et ansvar og er aktivt med i omsorgen og skal dessuten rykke inn dersom venner og familie av en eller annen grunn svikter."
Igjen ser vi at dette er å kaste blår i augene på folk. Dette systemet eksisterer allereie. Det som manglar er nok heimehjelparar og sjukepleiarer osv. til at dette skal kunne fungere. No vil DNA innbille oss at dei vil skaffe dei midla som skal til for dette samstundes som dei administrerer ein profittøkonomi som krev innstramming fordi pengane må kanaliserast til høgprofittområda. Det er jo dette heile omstillinga i grunnen dreier ser om. Under ein sosialistisk planøkonomi kan slikt vere mogelig, men ikkje under DNA-staten. Her er kanskje det viktigaste å rigge opp eit system dirigert av staten for å hindre protestaksjonar mot den menneskefiendtlige politikken som kapitalismen sine talsmenn og talskvinner må føre.
Det fjerde altemativet er dei kooperative samvirkeideane. DNA meiner at det er viktig å henge seg på ein viss nykooperativ bølgje. Det er ungdom som startar eiga verksemd i form av små arbeidarkooperativ. Det dreier seg om reparasjonsverkstadar, små ostefabrikkar, restaurantar, arkitektfirma, datafirma, tekstilverksemder osv. i nærmiljøet.
DNA vil forme ein politikk for å hjelpe fram dette fordi det er bra for nærmiljøet. Kva ulemper det vil ha går ikkje heftet inn på i det heile. Dette blir føretak som må drive seg sjølv utover alle rimelige grenser for å klare seg. Dette vil dei og gjøre nett fordi dei som deltek er unge, spreke og idealistiske menneske. Heftet tar særlig fram MeMo-rørsla i Nederland. Dette står for "føretak som er venlige mot menneske og miljø". Det er klart at ein fort vil kunne ufarliggjøre miljøaktivistar dersom ein får dei inn i ein slik alternativrørsle som først og fremst må tene pengar for å klare seg. Om slike føretak bukkar under har dei som deltar heller ingen andre å skulde på enn seg sjølv. I andre enden er håpet om å gjøre det virkelig bra og stige opp i borgarskapet. Dei kan derfor bli ein småborgarlig fluktuerande arbeidsstyrke som vanskelig kan ta opp samla kamp mot dei som har den reelle makta.
Endelig så er det vel sånn at desse foretaka i Nederland har blitt grunnlagd av naud og arbeidsløyse. Med DNApolitikken kan det og bli eit tvungent alternativ her.
DNA vil bruke denne modellen på barnehagar, eldresentra og ungdomsklubbar og anna verksemd som "formelt sett drives i offentlig regi". Dette er nok bakgrunnen for at dei leiande DNA-kvinnene no har gått inn for private barnehagar, mens dei kvinnene i DNA som ikkje vil danse etter mennene sin pipe, til dømes i Bergen, blir skvisa ut.
Den store forskjellen frå Høyre si privatisering er at DNA sel tiltaket med ein annan reklame. Når DNA går inn for privatisering så er det "en politikk for at menneskene skal ta ansvar for fellesskap." Ein annan forskjell er at DNA legg mykje større vekt på at staten skal ta grepet gjennom direkte kontroll med dei tiltaka som folk har drive for seg sjølv i lange tider.
I England har ein prøvd meir reindyrka privatisering. Det har historiske årsaker. Fagrørsla i England har nokre særdrag. Fagrørsla har vært retta svært mykje inn på kamp mot eigarane av "eigne" føretak og det engelske arbeidarpartiet har aldri hatt den stillinga der som DNA har hatt i Norge. Derfor har ikkje Labour vært eit eigna apparat for borgarskapet i England når dei skulle ta rotta på arbeidarklassen og leie den omstillinga som kapitalen krev.
I Norge er det omvendt. Høyre forsøkte seg, men lukkast ikkje og no må DNA gjøre jobben. Frihetskampanjen er eit viktig tiltak for å mobilisere folk bak ein folkefiendtlig politikk.
Men kampanjen er viktig av fleire grunnar. Han viser at DNA må gripe til løysingar som peikar utover kapitalismen formelt sett. Fordi DNA-leiinga sjølv representerer dei leiande delane av borgarskapet i Norge, så blir det fint prat og giftig praksis.
Fridomen blir heile tida kvelt i kapitalen sine fangarmar.
Dette er tittelen på det andre heftet i DNA sin fridomsdebatt. Så langt følgjer ein heilt det opplegget som Gro Harlem Brundtland skisserte i sin "frihets"tale til landsstyret i partiet i oktober 1986. Det er Torbjørn Jagland som har ført "pennen".
Dette heftet handlar om "Frihet og arbeidstid". Her finn vi DNA sin strategi mot 6 timars normalarbeidsdag med full lønns- og stillingskompensasjon. Her finn vi DNA sin nye mannsrolle som mannsrolleutvalet skal utdjupe. Her finn vi DNA sin strategi for å ta hand om kvinnekampen og gjøre hovudsaka til ein kamp for å få mannen til å ta meir omsorgsoppgåver og større ansvar i nærmiljøet. La oss sjå nærare på dette spanande og skremmande dokumentet.
Heile heftet er ein ganske snedig argumentasjon mot "stivbeinte standardkrav" i "arbeidslivet" som ikkje passar til alle dei forskjellige behova som folk har idag. Folk vil delta meir i familie, nærmiljø og organisasjonsliv og "samfunns- og arbeidsliv - er blitt mer mangfoldig." Vi skulle "ha et godt grunnlag for å kunne organisere arbeidslivet slik at vi bedre kan ivareta menneskenes ulike behov og åpne for større valgfrihet." "Når vi diskuterer valgfrihet, er det derfor arbeidstakernes rett til å velge innenfor en normalarbeidstid eller mellom et sett av likeverdige arbeidstidsordninger vi snakker om."
Dette er ei kort sammenfatning av hovudbudskapet i innleiingsavsnittet i heftet. Vi skal nøye merke oss honnørordet "valgfrihet" og at normalarbeidstid blir sett opp saman med "et sett av likeverdige arbeidstidsordninger". Her er det alt gjort klart for å ta knekken på normalarbeidsdagen som idag er eit felles grunnlag som arbeidsfolk kan stå på i kampen for levekåra sine.
Men som vi alt har sett, så tar ikkje DNA lengre først og fremst utgangspunkt i arbeidsfolk ut ifrå at dei er arbeidsfolk, men utifrå at dei er forbrukarar. Ja, DNA freistar beint fram å mobilisere folk i rollen som forbrukar mot seg sjøl i rollen som produsent av varer og tenester. Heile fridomskampanjen er gjennomsyrt av dette. Begge dei to første heftene tar utgangspunkt i forbrukarane og ikkje i produsentane. Dersom dei som studerer hefta ser på seg sjølv som produsentar og arbeidsfolk, så passar dei ikkje inn. Dette er eit viktig teikn på at opplegget er laga ut frå andre interesser.
Etter innleiinga slår Jagland fast at DNA sine program er ein viktig del av bakgrunnen for diskusjonen. Så går han over til den samfunns"analysen" som ligg til grunn i heftet. Det første er at "Kravet om arbeidstidsreformer kan sees som et uttrykk for at dagens arbeidstidsmønster er kommet i utakt med behovene hos store befolkningsgrupper." Av desse gruppene nemner han at "Dagens normalarbeidstid knyttet til tariffavtalen setter for snevre rammer for mange som søker ut i arbeidslivet, særlig for småbarnsforeldre." "Avslutningen av det yrkesaktive liv skjer ikke så smidig som ønskelig." "Den enkelte har for små muligheter til å velge forskjellige arbeidstider gjennom livsløpet." "I dagens arbeidsliv finnes det egentlig bare en normal arbeidstid som innebærer 37,5 timers arbeid pr. uke og en pensjonsalder på rundt 67 år. De gruppene arbeidstakere som ikke finner seg til rette med dette, har lett for å komme i en svak stilling på arbeidsmarkedet. Mange kunne ønske større variasjoner i arbeidsmulighetene."
Det falske knepet her er at Jagland ikkje nemner den gruppa som virkelig sloss for meir fleksibilitet hos arbeidskrafta, nemlig kapitaleigarane. Det er jo frå desse at kravet om oppløysing av normalarbeidsdagen kjem i første rekke. Men hadde han sagt det her, så hadde kanskje fleire lukta lunta. Derfor let han vere.
Tvert imot skyv han kvinnene føre seg i kampen. Det store nye som skjedde på 70- og 80-talet var at dei gifte kvinnene "gikk inn i arbeidslivet for fullt".
No seier han sjølvsagt ikkje at DNA- og Høyre-politikken i realiteten tvinga kvinnene ut dersom ikkje familien skulle gå konkurs, men det får no så vere.
Han fortsett "Det skaper store problemer for mange familier at samfunnet opprettholder et arbeidstidsmønster og har åpningstider i offentlig og privat tjenesteyting som er basert på en langt lavere yrkesdeltaking blant kvinner." Når begge er i arbeid blir "fritiden knapp".
Og så kjem rosinen i pølsa: "Dagens arbeidstidsmønster kolliderer også med målet om likestilling mellom menn og kvinner." "Arbeidsmarkedet fungerer på menns premisser, og det vanlige idag er at yrkesdeltaking skal skje på heltid, at det ikke skal være avbrudd i yrkeskarrieren og at lønnsarbeid skal prioriteres entydig framfor andre oppgaver. Mange kvinner jobber deltid, de trenger permisjoner i forbindelse med fødsel og andre omsorgsoppgaver, de har hovedansvar for arbeidet i hjem, familie og nærmiljø. Det kan defor hevdes at hvis kvinnene skal kunne delta på like vilkår i arbeidslivet og oppnå økonomisk selvstendighet - noe som er en forutsetning for full likestilling - må arbeidstidsordningene forandres".
Etter å ha brukt kvinnene på denne måten, bruker han dei og mot mennene. "En annen forutsetning for reell likestilling er at mannens livssituasjon forandres. Mannen må delta i løsningen av flere oppgaver både innen familien og i nærmiljøet. Nøkkelen til en ny mannsrolle ligger igjen i en endring av tidsorganiseringen i arbeidslivet. Virkemidler som kortere normalarbeidstidsdag, nye og bedre pensjonsordninger og større valgfrihet ligger nær å nevne." Agnet er at mennene må ta meir omsorgsarbeid. Kroken er større valg og med det meir "fleksible" ordningar, dvs. slutten på ein normalarbeidsdag, med unnatak og lønnstillegg for ulempa.
Så bruker han "nærmiljøene" og "barna" som agn. "Dagens tidsorganisering" fører blant annet til at nærmiljøet er "forlatt" store deler av dagen. Dette fører til problemer for de som trenger omsorg, særlig når vi vet at omsorgstilbudene ikke på langt nær er bygget ut i takt med den økte yrkesdeltaking. Barna er spesielt utsatt." "Flertallet av de yrkesaktive er derfor avhengige av private tilsynsordninger." "Mange barn går idag uten tilsyn etter skoletid. Dette kommer av at skoledagens lengde og arbeidsdagens lengde er helt i utakt med hverandre. Derfor er det tatt til orde for å utvide skoledagens lengde. Dessuten bør fritidshjemmene bygges ut i raskere takt." Desse tiltaka "bør nok følges opp med endrede arbeidstidsmønstre, slik at det blir en jevnere fordeling av mennesker i boområdene over døgnet. Da blir nærmiljøene mer levende og det blir lettere for barna, de unge og de eldre som oppholder seg mest i nærmiljøet."
Resultatet skal altså bli at folk skal jobbe til alle slags forskjellige tider, sånn at dei og er heime til alle slags forskjellige tider. Dette skal ikkje bare gjelde for kvinnene, sånn som det for det meste har vært til no, men det skal og gjelde for mannfolka i ulike større grad enn no.
Fleire agn. "Et mer variert arbeidstidsmønster vil opplagt føre til kortere bilkøer om morgen og ettermiddag. Dessuten vil lengre åpningstider gjøre det mulig å bruke offentlige og private tjenestetilbud etter at arbeidsdagen og arbeidsreisen er avsluttet." Dessutan gjør dei nye ordningane at folk kan nytte fritidstilboda betre.
Etter alle desse agna går Jagland over til å liste opp kva vi bør velge i debatten om arbeidstid. Han seier at det er reist fire hovudkrav i denne debatten.
Saka er at desse hovudkrava kjem til å tvinge seg fram uansett. Desse spørsmåla dreier interessa vekk frå det sentrale spørsmålet og eit sentralt mål med heile fridomskampanjen. Det dreier seg om oppløysing av normalarbeidsdagen og innføring av fleksible løysingar, deltid og skift til alle mulige og umulige tider. I opplegget frå Jagland får du i det heile ikkje velge om du godtar "fleksibiliteten" eller ikkje, eller om det finnast andre tiltak som kan løyse dei problema som DNA vil løyse med "fleksibilitet".
Eit av spørsmåla til heftet er også "Hva skal til for at mer fleksible arbeidstidsordninger skal gi større valgfrihet for den enkelte?" Du får ikkje velje som gruppe, som arbeidar, som organisert. Utgangspunktet er "den enkelte". Når DNA legg opp til at du skal tenke sånn, så viser det nett at DNA sjøl har tatt over kapitalen sitt synspunkt. Den arbeidar eller tilsette som vel først og fremst ut fra "den enkelte" sine interesser, vil med stø hand sage over heile den greina som arbeidsfolk har bygga heile velferden sin på, nemlig organisering om fellesinteressene. Organisering ut frå interessene til fellesskapet av arbeidsfolk. Den enkelte kan alltid kjempe for og vinne ein del løysingar for seg sjøl, men bare sånn at dei andre må betale for det. Når LO-toppane til dømes får rentefrie lån til bil, så er det dei andre som lånar til bil som må betale for gildet. Nett som dei andre til sjuande og sist må betale om du stel i supermarknaden. Eigarane bereknar svinnet sitt og legg bare på prisen ut frå det.
Fridomskampanjen til DNA elskar fram ein slik "den enkelte"- haldning på den eine sida og på den andre sida skal du føle fellesskap med kapitalen sin interesse av fleksibilitet for å splitte og utbytte arbeidsfolk hardare.
Det neste avsnittet i heftet er interessant fordi Jagland her går opp dei grensene som kapitalen set for debatten. "Mer fritid koster" seier han. Du har eit val mellom fritid og inntekt. Hvis du vil ha kortare arbeidstid "vil det samfunnsøkonomisk sett ikke bli plass til så sterke økninger i lønnsinntektene." Ein legg opp til at 6-timarsdagen ikkje kan kompenserast.
Dernest er det slik at 6-timarsdagen vil kreve "en høy omstillingsevne og en rask produktivitetsutvikling i arbeidslivet." Du kan korte ned arbeidstida di ved at det blir mulig å arbeide 6 timar utan kompensasjon. Men "de økonomiske sidene er avgjørende for hvor raskt vi kan nå målet om 6-timers arbeidsdag." Denne reduseringa kan gå fortare om driftstida kan haldast oppe eller aukast. "Dette vil si at det innføres skiftordninger slik at kapitalutstyret kan utnyttes lenger enn den daglige/ ukentlige arbeidstiden."
Tidligare pensjonsalder "vil føre til at de offentlige utgiftene øker sterkt."Difor må kravet om lågare pensjonsalder "veies opp mot andre mål som utbygging av helsesektor, bedre skoletilbud, styrking av forskning, altså utbygging av den offentlige sektor." Dette må "finansieres ved hjelp av økte skatter." Derfor "vil mulighetene for å satse på offentlig sektor begrense seg selv." Reduksjoner i arbeidstida vil og virke på samme måten for "Dette vil jo øke de offentlige utgifter til lønninger for de ansatte i offentlig sektor, siden redusert arbeidstid øker behovet for personell." Ein må velge for "På dette området kommer man ingen vei dersom man håper på at det går an å få i pose og sekk."
Mot slutten av heftet kjem kanskje det viktigaste avsnittet "Kortere daglig arbeidstid." Her seier Jagland at alle argumenta for kortare arbeidstid "har en fellesnevner. Nemlig at de totale oppgavene i samfunnet, hjem og nærmiljø skal fordeles mer rettferdig." Dette er viktig fordi det viser at DNA ikkje vil satse på å ta arbeidsoppgåver ut av familien. Derfor er dette og nøkkelen til DNA sin mannsrolle. Mannen som har like harde vilkår som kvinna med omsorgsoppgåver. Hvis dette koplast med tiltak for å få meir av omsorgen ut i nærmiljøa, så tyder det heilt enkelt at DNA legg opp til at familien skal få meir omsorgsoppgåver. Meininga er å mobilisere kvinnene til kamp mot mannen i første rekke, for å få han til å ta meir omsorgsog husarbeid, utan at kvinna får mindre. Dette er rettferd for folket ut frå DNA-modellen.
Jagland seier vidare at "Skal vi knesette kvinnenes rett til lønnet arbeid, krever dette kraftig utbygging av velferdstiltak som barnehager, fritidshjem og eldreomsorg. Men også tidsorganiseringen i arbeidslivet må omvurderes."
Når vi veit kor mykje pengar barnehagar, fritidsheimarog betalt eldreomsorg krev, så skal det ikkje noko fanatasi til å skjønne at det som står att er ny tidsorganisering i "arbeidslivet". Dette må til fordi "Også de personer som har full arbeidsdag, skal ha mulighet til å delta i familie og nærmiljøaktiviteter." Grunnen til at vi treng 6-timarsdag er ikkje at kvinnene skal få meir tid til andre verksemder enn familie og omsorg, men at fleire slike oppgåver kan løysast ubetalt i familie og nærmiljø gjennom at at kvinna tar oppgåvene når mannen er på jobb, og mannen tar dei nå kvinna er på jobb. Dette fælslege systemet skal innførast under påskott av at "den enkelte" får meir fridom til å organisere det private livet sitt.
Etter å ha slått fast at arbeidstidsnedkorting heng saman med rettferd i fritida, går Jagland over til å gi ei liste over argument mot 6-timarsdagen. Og så får vi presentert DNA sin eigentlige politikk på dette området.
Vi har ulike behov i ulike fasar av livet. Det er først og fremst folk med småungar som treng 6-timarsdagen. Seinare vil ein gjerne arbeide meir. Og når alderen tar til å tynge, vil ein kanskje arbeide kortare igjen. Folk som pendlar vil ofte arbeide lengre dagar og ha fleire dager fri så dei kan vere heime meir.
Eitt forslag går ut på at barnefamiliane bør få rett til å ta 6-timarsdag. Det er ikkje arbeidsgjevarane som skal betale dette. Det skal betalast over barnetrygda.
Eit anna forslag går ut på at "det enkelte menneske selv skal bestemme hvordan arbeidstiden skal reduseres." Ein kan tenkje seg ein slags "arbeidstidsbank". Først kan ein vedta lågare arbeidstid, men det skal gjørast sånn at det ikkje gjeld heile livet. Så kan folk sjøl avgjøre når dei vil ta ut kortare dagar. "Tanken er at det som blir forskjellen mellom den enkeltes arbeidstid og det som betraktes som normalarbeidsdagen, skal spares i en "frittstående bank". Den arbeidstid som spares, skal siden kunne tas ut som betalt fritid etter avtale med arbeidsgiver."
Begge desse konkrete forslaga som angir retninga for DNA sine tankar, vil effektivt oppløyse normalarbeidsdagen i praksis.
Når det gjeld eldre folk trekk Jagland fram tre løysingar. 1) "Lavere pensjonsalder", 2) "Mer fleksibel pensjonsalder", og 3) "Økte muligheter til å kombinere arbeid og trygd".
"Det ideelle ville kanskje være en svært lav pensjonsalder kombinert med en høy grad av fleksibilitet." Men dette er eigentlig ikkje så realistisk. Når vi samstundes veit at lågare pensjonsalder blir svært dyrt, så spørs det vel kva vi kan vente i praksis på denne fronten.
Elles skal vi merke oss at Jagland går inn for permisjonsordningar som er slik at menn "oppmuntres til å ta permisjon" ved "svangerskap, fødsel og omsorg." Og ordningar for studiepermisjonar. Men desse tiltaka "må veies opp mot andre reformer som kortere arbeidsuke og lavere pensjonsalder."
Konklusjonen på heftet kjem i avsnittet om "Fleksible arbeidstider". Her seier Jagland som sant er at "fleksible arbeidstider har kommet på dagsordenen i forbindelse med kravet om kortere arbeidsuke. Ved å korte ned arbeidstiden og øke driftstiden, regner man med at produksjonsressursene vil bli utnyttet mer effektivt, konkurranseevnen styrkes og sysselsettingen øker."
Og Jagland peikar på at meir fleksibilitet som regel "betyr mer skiftarbeid og at arbeidstiden i bedriften varierer med etterspørselen på varer og tjenester" og at "arbeidstiden til en viss grad tilpasses bransjen og bedriftens spesielle behov." Ein konklusjon er at "Fleksible arbeidstider kan bli et tveegget sverd for arbeidstakerne." "For arbeidsgiversiden betyr fleksibilitet at arbeiderne skal stå til rådighet en større tid av døgnet." "En utvikling i retning av mer skiftarbeid kan føre til at familielivet blir enda mer oppstykket enn idag." Det kan og bli vanskar for "organisasjonslivet".
Her tar Jagland tyren i horna, men mot desse dårlige sakene mobiliserer han igjen "den enkelte". "Fra arbeidstaker- og forbrukersiden er fleksible arbeidstider blitt kjørt fram som et virkemiddel som den enkelte kan dra nytte av for bedre å kunne organisere sitt liv både på kort og lang sikt."
Dessutan er det ingen forbrukarar som ønsker eit samfunn som bare "går" 6 timar i døgnet. Vi må inn på skiftarbeid og fleksible arbeidstider hvis vi vil ta 6-timersdagen på alvor.
Gulrota for å få 6-timarsdagen er "6-timersdagen kan nås raskere dersom det blir større vekst i økonomien som følge av at kapitalutstyret utnyttes mer effektivt. Erfaringer fra andre land viser at man kan gå langt i arbeidstidsreduksjoner med full lønnskompensasjon hvis driftstiden ikke reduseres tilsvarende. Sysselsettingsvirkningen blir også stor."
Rådet frå Jagland blir då til slutt "På dette grunnlaget bør arbeiderbevegelsen kunne ta initiativ for å få til økt valgfrihet i arbeidslivet. Lovgivningen bør forbedres på det politiske plan. Fagbevegelsen bør forhandle seg fram til økte valgmuligheter som gir skikkelige kompensasjonsordninger. Det kan være snakk om å utvikle ikke bare en, men et sett av normalarbeidstider som den enkelte kan velge mellom. Dette vil kunne gi individuell frihet, samtidig som man slår ring om avtaleverk og solidariteten i arbeidslivet."
Det Jagland ikkje vil inn på er alternativet med ein 6-timers normalarbeidsdag innanfor til dømes kl. 0700 til 1700 og unnataksordningar sånn at folk kan arbeide til andre tider og få kompensasjon fordi det er unormal arbeidstid. Med "et sett av normalarbeidstider" vil alt vi idag kallar normalarbeidsdag vere vekke og det blir ikkje noko skilje mellom normal arbeidstid som er tilpassa menneska sin naturlige døgnrytme, med behov for stort sett felles fritid, og kapitalen sin døgnrytme som er arbeid døgnet rundt. For arbeidsfolk som klasse vil linja til DNA opne for helvete på jord. Det einaste som kan bremse og stanse dette er kraftig kamp for 6-timars normalarbeidsdag innan til dømes 0700 og 1700, med full lønnsog stillingskompensasjon.
Utan ei slik ordning vil arbeidarklassen stå vergelaus når profittgraden blir endå lågare, og borgarskapet vil prøve å setje nye tyningstiltak ut i livet.
Dette er tittelen på det tredje studieheftet i DNA sin fridomsdebatt. Mary Kvidal og Siri Bjerke har skrive det. Dei seier at hovudsaka med heftet er å få igang ein diskusjon utanfor skulen for så i neste omgang å få til endringar sånn at skulen vil bli betre "tilpasset et samfunn som forandrer seg hurtigere" og ein arbeidsmarknad som "vil stille mye større krav til omstilling og utvikling av ny viten".
Det kan jo høyrast fint ut. Men kva slags arbeidsmarknad er det eigentlig det kapitalistiske systemet no krev at skulen skal tilpasse seg?
Dette finn vi godt formulert i Stortingsmelding nr 62 (1982-83) Om grunnskolen. Her står det at "Økonomiske svingninger og ny teknologi har ført til strukturendringer i arbeids- og næringsliv. Antall arbeidsplasser i vareproduksjon og andre deler av det tradisjonelle arbeidsliv er gått ned. Det siste langtidsprogram som er behandlet, regner med at antall industriarbeidsplasser de kommende år vil reduseres med mellom 60.000 og 100.000 plasser. Omstillingen vil ramme enkelte regioner mer enn andre, og den kan ramme jenter hardere enn gutter.
Endringene medfører en samlet reduksjon av antall arbeidsplasser, høye krav til utdanning hos et ledende sjikt, og en dekvalifisering fra fagarbeid til overvåking av automatiserte prosesser."
Utviklinga av det kapitalistiske systemet i Norge vil altså no krevje
I framtida vil skulen måtte forme seg etter desse krava. Det tyder ein drastisk nedtrapping av kunnskap og læring i skulen ut frå det nivået vi har idag. Det tyder fordumming av heile generasjonar av vanlige folk sine ungar, med unnatak for dei få som karrar seg opp på toppen i systemet. Det tyder det heilt motsette av det all propagandaen seier om at vi treng mange med mykje kunnskap under kapitalismen i tida framover. Heile utviklinga i systemet driv i den andre retninga. Meir kunnskap og opplæring for dei få einarane og mindre kunnskap og dårligare opplæring for det store fleirtalet.
Den delen av DNA sin fridomskampanje som handlar om skulen, er ein politisk offensiv for å få folk med på denne omlegginga av skulen. Resten av fridomskampanjen er ein politisk offensiv på felt etter felt for å få oss til å gå entusiastisk inn for andre endringar som kapitalen no krev for å kunne fungere friare innan sine eigne grenser. Endringar som på felt etter felt fører det store fleirtalet av oss djupare inn i kriser og elende.
Lærarane og folk som arbeider innan andre delar av stat og kommune ser kva fridomskampanjen vil gjøre med deira yrke og arbeidsplass. Derfor vil dei protestere, og organisasjonane til desse folka vil gå mot tiltaka som DNA legg opp til. Derfor må DNA mobilisere folk i rolla deira som einskildpersonar, som forbrukarar og klientar mot folk i rolla deira som fagorganiserte arbeidarar og funksjonærar, for å få til dei endringane DNA meiner er nødvendig. Derfor kallar dei og organisasjonane sine protestar for urettmessige gruppekrav som går på tvers av heilskapen. At heilskapen tyder reformar innan kapitalen sin rammer, og at det tyder forverring på alle felt unntatt der kapitalen kan hente mest profitt, det vil dei ikkje inn på.
Forfattarane seier altså at utgangspunktet er kva behov folk som "foreldre" og "samfunnsborgere" har i forhold til skulen. Kordan "passer dagens utdanningssystem til samfunns- og arbeidsliv omkring oss, og til måten vi lever på og innretter hverdagen vår etter?"
Dermed får dei oss til å tenkje på dei daglige problema som utviklinga har ført med seg, og korleis ein kan endre skulen for at desse problema skal løysast betre. Så foreslår dei ein del endring-ar som passar heilt inn i utviklinga mot arbeidsløyse og dårlig utdanning for fleirtalet. Endringar som passar heilt inn i sparepolitikken til den kapitalistiske staten når pengane må kanaliserast til dei områda som gir kapitalen den største veksten.
Dette gjør dei istaden for å drøfte nye måtar å organisere samfunnet på med utgangspunkt i det store fleirtalet sine behov og ønske.
Det store problemet som dei fokuserer på no er at rnange barn idag ikkje har noko "omsorgstilbud" å komme heim til når skulen er ferdig for dagen. Både far og mor er på jobben. Mindre enn 2 prosent av ungane i småskulen får plass i fritidsheimar idag.
Særlig er problemet stort når barn som har vært i barnehage heile dagen kjem i skulen. Då har dei bare omsorgstilbod nokre timar kvar arbeidsdag.
Istaden for å opprette nok fritidsheimar så foreslår dei i heftet at skulen skal skape dette "omsorgstilbodet". Ungane må få mykje lengre skuledagar og kortare skuleferiar. Og skulen må leggast om så han tar seg meir av elevane sine fritidsaktivitetar.
Dette problemet kan løysast med nok fritidsheimar. Men det kostar pengar. Pengar kan ein ikkje satse på ungane, derfor lengre skuledag, lengre skuleår og omdanning av skulen så han ikkje er så innretta på kunnskap, men meir på omsorg og fritidsaktivitetar.
For å gi det heile ei slags pedagogisk grunngieving seier forfattarane og at ungane må lære meir no enn før fordi kunnskaptstilfanget aukar og at dei må trenast meir i "samarbeid og evne til selvstendighet". Det krev meir bruk av "arbeidsformer som prosjektarbeid og gruppearbeid". Og "dette krever mer tid i skolen."
Til det kan seiast at kunnskapstilfanget aukar heile tida. Skal ein følgje med der så må skuledagen aukast kvart år. At prosjekt og gruppearbeid krev meir enn 6 timars dagar er sjølvsagt bare ein laus påstand. Mot dette kan det hevdast at det og finst spesialistar som meiner at vi organiserer ungane sitt liv altfor mykje som det er. Dei treng meir tid for og med seg sjølv, ikkje under oppsyn av vaksne.
Som vi skal sjå så trekk forfattarane opp slike "kaninar" av hatten heile tida, nett slik som gode seljarar gjør når dei skal selje ei dårlig vare.
Hvis ein får lengre skuledag og meir fritid i skulen, vil og elevar og foreldre få meir tid saman om ettermiddagen fordi ungane då ikkje treng å dra avgarde på idrett, musikk osv. Det dei ikkje seier er at andre deler av fridomskampanjen vil hindre dette, fordi han vil opne for at folk skal arbeide mykje meir skift og mykje meir på det vi no vil kalle unormalt sein tid.
Men vi skal merke oss at "fritidsskulen" og vil spare staten for store utgifter til dei frivillige idrettsorganisasjonane som no tar seg av ungane om ettermiddagen. Masseidretten kan drivast i skulen og eliteidretten kan drivast fritt elles.
Dei seier og at Mønsterplanen for skulen krev lengre skuledag. Det er ikkje mulig å gi barna "de grunnleggende kunnskaper og ferdigheter som de trenger for sin personlige utvikling", og som dei treng for "å bli istand til å velge utdanning og yrke og senere skjøtte yrkes- og ansvarsfunksjoner i samfunnet." "En skole som skal gi mulighet til personlig vekst og utvikling krever tid."
Hvis vi framleis levde på 50- og 60-talet med høg profittgrad og utan den nye arbeidssparande teknologien, så kunne desse vyene ha noko for seg. Men sånn som verda er idag blir dette bare bedrag. No er profittgraden låg og det trengs stadig mindre arbeid for å produsere alle produkt og tenester. Alle tal viser at skulen reelt sett har blitt bygd ned over ein periode på omlag 15 år allereie. Og denne tendensen ser bare ut til å bli kraftigare. Det virkelige resultatet av reformane vil bli ei massiv forverring av skulen.
Lærarane vil få det mykje betre hvis dei må vere lengre på skulen og få kortare ferier. Dessutan skal dei få "tilbud om bedre utdanning, etterutdanning og ajourføring av kunnskap."
I røynda vil dette virke sånn at dei tar den tida som lærarane no kan bruke til slike aktivitetar. Hvis dei vil at lærarane skal få slike tilbod så kan dei innføre eit obligatorisk og lønna studieår kvart 4 år eller noko slikt. Dette vil sikre at den nye kunnskapen kjem raskt inn i skulestovene. Men dette vil ta pengar frå dei meir direkte profittable sektorane, særskild vil det hindre meir investeringar i utlandet.
Konkret bør vi tenkje oss ein skuledag frå 0800 til 1600.
I det obligatoriske munnsværet om likestilling seier dei at gamle bøker med foreldra haldningar til kjønsroller, må lukast ut. Det må skaffast pengar til dette. Korfor har dei ikkje alt skaffa desse pengene om det er så viktig. Realiteten er at DNA sjølv har skapt denne situasjonen.
Eit døme. Kvar elev i grunnskolen i Bergen fikk i 1972-budsjettet 141 kroner til læremiddel, 441 kroner til arbeidsmateriale i forming og heimkunnskap og 529 kroner til fritt skulemateriell (skrivebøker, blyantar osv.). Til saman 1.011 kroner.
På 1986-budsjettet blei det foreslått at kvar elev skulle få desse summane i samme rekkefølge (og framleis i 1972-kroner): 68, 190 og 422. Til saman 680 kroner.
Vi veit dessutan kordan utviklinga har vært i vedlikehald, lærarlønner osv.
Altså ei massiv nedbygging av skulen over lang tid.
Dette skulle og vere ei åtvaring om ikkje å vere for godtruande.
Sannsynligvis kan ein ikkje skaffe meir pengar gjennom større overføringar frå det offentlige. Derfor ligg eigenandelar i lufta her og. Det er nemlig slik at "Den summen skolen har til rådighet til skolemateriell pr. elev, er ikke mer enn det ei "merkebukse" koster. Dagens skoleelever kan skifte ut klær og sportsutstyr i takt med moteskiftningene, men på skolen må de "arve" skolebøker som kan være 20 år gamle og brukt av 10 elever før dem."
Så vidt eg veit er dette eit sterkt forteikna billete av røyndommen. Det er bare nokre få elevar som kan gjøre sånn. Kanskje forfattarane bare kjenner slike.
Dei seier og at leiarfunksjonane i skulen må bli mindre mannsdominerte. Det blir dei sikkert av seg sjølv om lærarane skal få enno dårligare lønner, lengre arbeidstid, kortare feriar og meir omsorgsfunksjonar. Men då blir dei det ut fra den gamle og dårlige regelen om at det nett er kvinner som hamnar i sånne jobbar.
Det må meir praktisk arbeid inn i skulen, meir "arbeidslivskunnskap", reingjering i skulen, vedlikehald, opprydding og laging av leikeplassar i skulen og lokalmiljøet. "Også dette kan organiseres gjennom skolen". Ein bør mellom anna ta utgangspunkt i LO sine (altså i praksis DNA sine eigne) opplegg for kontakt mellom skule og nærmiljø og arbeidsliv.
Den vidaregåande skulen må byggast ut så alle kjem inn. Alle må få begynne på det nivået dei hadde då dei gjekk ut frå ungdomsskulen. Det må bli meir elevplassar på yrkesfaglig linje. Yrkesfaglig må byggast ut så tilbodet blir moderne. Men det vil krevje for mykje investeringar, derfor bør kanskje meir yrkesopplæring skje i næringslivet. "Kan vi tenke oss et nærmere samarbeid mellom skole og arbeidsliv for å nå fram til god fagutdanning?" Ein kan trekke "arbeidslivet" og "de ressurser" som er der "mer aktivt inn som samarbeidspartnere i skolen". "Det kan inngås samarbeidsavtaler mellom skolen og bedrifter". "Skolen kan "kjøpe" studieplasser og opplæringsplasser slike steder". Ein må ha meir linjeval. Og ein må kunne velje på tvers av tradisjonelle linjer.
Dei skisserer her opp konturane av eit skulesystem der alle tar til i første klasse med reine ark. Der sorteringa går så å seie automatisk gjennom den farten og dei vala elevane tar i barne- og ungdomsskulen og vidare gjennom vidaregåande, sånn at dei som "næringslivet" er best tent med får opplæring, kontakt og jobbar. Dette vil for ein stor del vere einarane og dei best tilpasse "knappetrykkarane". Dei skisserer ein skule som i mykje større grad enn no er knytt direkte til kapitalen og behova hans.
Dei seier og at vi har ein skule for alle. Men det må "holdningsendringer" til for at vi skal kunne integrere dei funksjonshemma skikkelig. Det dei ikkje vil inn på er at dette og krev pengar. Heisar i gamle skulebygg. Spesielle stolar, spesialutstyr til undervisning av svaksynte, dauvhørte, særskilde kroppstreningsrom tilpassa dei forskjellige gruppene, spesialopplæring til alle lærarar som skal undervise desse ungane og ungdommane osv. osv. Slik det har vært til no så har mange mist dei spesialtilboda dei hadde for å bli billig plassert i normalskulen. Dette er ei stor skam som DNA sjølv ber ansvaret for. Og det skal fortsette i større grad. Løysinga er haldningsendringar hos dei som utan opplæring og middel slit seg ut for å hjelpe dei som skal "integrerast".
I heftet seier dei at vi treng vurdering i skulen. Men vi må finne fram til kva som skal vurderast. Vurderinga no er ikkje i samsvar med det samfunnet krev. Vurderinga må og gjelde lærarane og heile skulen, ikkje bare elevane. Ut frå det eg har skrive tidligare så vil den nye vurderinga måtte ta utgangspunkt i dei funksjonane skulen skal ha i tida framover. Han må måle kor god skulen er til å skape folk tilpassa einarane, overvakarane av automatiserte prosessar og arbeidslause. Han må måle kor god skulen og elevane er til å tilpasse seg denne underlige og skremmande skulen.
Skuledemokratiet må bli reelt. Samvirkeorgana må brukast meir for at foreldra særlig kan påverke skulen i rett lei. "Både elever, foreldre og lærere bør være med i planlegging og gjennomføring av undervisningen. Klasseråd og foreldreråd må fungere og "saker av betydning for skolen bør sendes til høring blant elever og foreldre før avgjørelser tas." Høyringsdemokratiet skal inn for fullt. Dette er DNA-demokratiet på sitt høgaste. Det skjulte diktaturet samstundes som ein kan få luka vekk dei formene og enkelttiltaka som støytar folk mest. Det må vere sånn fordi skulen skal tene det systemet DNA vil halde oppe.
Førskuleborn må, etter det forfattarane seier, få eit pedagogisk tilbod. I dag er barnehagen eit sånt tilbod. Det er bare plass til under 30% av førskulebarna der. DNA si målsetting er at alle ungar skal ha rett til plass i barnehage. Men ein må sjå barnehage og skule nærare saman. Kanskje bør dei få felles offentlig administrasjon. Eit nærare samrøre mellom barnehage og skule kan gi eit betre pedagogisk tilbod til ungane enn det dei har idag. Vi bør følge opp forsøk med blanda aldersgrupper frå 4-9 år. Det er i denne retninga vi bør fortsette.
Ja, for her er og mykje pengar å spare. For det første kan ein då bruke skulebygningane til førskulebarn og. For det andre kan ein slå saman mange klassar på ulike alderstrinn der årskulla er for små til å fylle opp store standardklasser. Då slepp ein og med færre lærarar på slike plassar. For det tredje kan ein enno tidligare begynne å skyve fram og opp dei som fungerer best i det nye systemet. Men alle skal sjølvsagt lærast opp til å trivast på sitt nivå.
Opp mot dette bør lærarane prøve å skape ein allianse med elevar og foreldre for ein skule som tar betre vare på kunnskapsformidlinga til alle, og særskild til dei som ikkje tilhøyrer idealtypen. Dette kan vi gjøre ved å stille krav til lønner og arbeidsforhold og hjelpemiddel som kan gjøre dette mulig.
Ut frå pedagogiske vurderingar må lærarane stille ein del grunnleggande krav.
Eit av dei viktigaste er 6 timars dag med full kompensasjon. Dei timane som er bundne til undervisning må ligge innafor det tidsrommet som er lærarane sin normale dag på skulen no, nemlig 0830 til 1400.
Innanfor den normale 6 timars-dagen må
Det siste punktet kunne løysast på den måten at lærarane hadde kvart fjerde år fritt for andre plikter enn å studere.
Dette vil då gi 10 timars undervisning, ti timars direkte for- og etterarbeid og 10 timar til samarbeid med andre lærarar, foreldre osv. i tre år. Det fjerde året ville vært studieår. Dessuten bør ingen lærar ha ansvar for meir enn ei gruppe på 8 elevar. Vi bør ikkje alltid tenke i styresmaktene sine baner. Hvis vi gjør det, er vi såkalt "ansvarlig" ikkje overfor ungane og foreldra deira og pedagogikken, men overfor ei samfunnsform som no trugar med å rasere folk sine kunnskapar.
Ein slik skule som tener folk bør vel og ha ein ny formålsparagraf. For grunnskolen, som eg kjenner best, vil eg foreslå noko slikt som:
"Grunnskolen skal styrke elevane sin sjølvrespekt og sette elevane betre istand til, saman med andre, å virke best mulig for å forandre verda til det betre.
Dette krev av skulen at han skal hjelpe eleven;
Her har vi ei pedagogisk-politisk plattform for alle som vil redde skulen frå å bli øydelagt idag, og som kan legge grunnlaget for ei god opplæring og kultivering av kommande slekter.
Det er viktig å halde fast ved at all virkelig kunnskap kjem frå personlig røynsle i produksjon, sosiale rørsler og vitskapelige eksperiment. Det er derfor viktig å la elevane få delta på desse områda. Men samstundes må elevane og tileigne seg svært mykje indirekte kunnskap som finst i andre menneske si erfaring, i bøker osv. På lengre sikt vil dette krevje ei meir djuptgåande endring i skulesystemet. Men det krev på si side og ei djuptgåande endring i det sosiale systemet, vekk frå kapital-, marknad og profittsystemet og over til eit system der det blir produsert og fordelt etter plan ut frå det menneska treng og ønsker. Dei aller fleste har interesse av eit slikt system og lærarane må etter kvart og gå i den retninga eller bli utradert som fagarbeidarar.
Men om dei no vil det eller ikkje, så må dei kjempe mot DNA sin fridomskampanje og skape seg dei organisasjonane og det leiarskapet det krev. Det må kjempast fram einskap først på grunnplanet i organisasjonane og seinare høgare opp. Eigentlig treng vi ein organisasjon for alle lærarar i det organiserte skuleverket for å få nok slagkraft. Oppsplitting av denne profesjonen vil lette arbeidet til kunnskapsdreparane.
Og så treng vi ein brei allianse med andre organisasjonar, med elevar og foreldre. Klarar vi dette, eller noe av det, vil lærarane og kunne gjøre ein stolt innsats i kampen for betre kår i Norge og for ei betre verd.
Borgarskapet representerer kapitalen og kjempar for at kapitalforholdet skal fortsette, og med det hindrar dei oss å nå det Marx har kalt "fridommens rike". Statsmonopolkapitalen er den leiande delen av kapitalen. DNA representerer denne delen. Borgarskapet sin viktigaste reiskap for å halde oppe kapitalgrensene er staten. Men massemedia i forskjellige former er og ein avgjørande første skanse for borgarlig makt. Ein annan skanse er DNA sitt partiapparat og DNA si leiing i mange organisasjonar.
Arbeidarklassen representerer alle dei kreftene som søkjer ut over kapitalgrensene og fram mot fridommens rike.
Marx har skrive at grensene for den kapitalistiske produksjonsmåten viser seg
1) i at utviklinga av arbeidet si produktivkraft fører med seg ein lov, profittgraden sitt fall, som på eit visstpunkt kjem i konflikt med denne utviklinga og derfor stadig må vinnast over gjennom kriser,
2) i at utviding eller avgrensing av produksjonen blir avgjort av kor mykje ubetalt arbeid som kan utvinnast og dette ubetalte arbeidet sin storleik i høve til det materialiserte arbeidet i det heile. Viss vi seier dette på kapitalistisk vis blir det at profitten og forholdet mellom denne profitten og heile den investerte kapitalen, avgjør om produksjonen blir utvida eller innskrenka. Viss profittgraden blir for låg, så blir det ikkje produsert meir sjølv om folk flest har skrikande trong etter det som kan produserast. "Derfor kjem produksjonen til å stå stille ikkje der behova er stetta, men der det ikkje er mulig å realisere profitt." (Marx: Kapitalen, bind 3, kapittel 14, side 235. Bo Cavefors/Clarte-utgåva.)
Dette er grunnen til at bankforeninga i Norge kan berekne at vi i åra fram mot 1990 treng 100.000 arbeidslause for at "økonomien" skal komme seg att. I England kjem "økonomien" seg med nokre millionar arbeidslause. I Europa med 30-50 millionar. I verda med milliarden. Og når du er arbeidslaus så tyder det at du blir fattig, ja utfattig, nedtrykt og sjuk. Du kan beint fram døy av det.
For at den kapitalistiske "økonomien" skal gå bra, må store menneskemassar pressast ut i arbeidsløyse og elende. Må naturen raserast og livsvilkåra på jorda undergravast.
Dette er god økonomi under kapitalismen idag. Dette er den økonomien DNA sin heilskapelige politikk skal halde oppe og flikke på med reformane sine.
Dette er vegen til elendets rike.
For å sleppe unna dette må vi sloss for fridom frå kapitalisme, marknad og borgarskap. Vi må sloss for å hindre det elendet og den raseringa som skjer idag og vi må samle krefter for å kunne sikre overgangen til eit anna økonomisk system der utgangspunktet er det folk treng, og der det kan bli produsert og fordelt etter ein plan på det grunnlaget.
For litt meir enn hundre år sidan sa Marx at kapitalismen leier fram til terskelen av eit stadium der ei gruppe sin tvang og monopolisering av utviklinga i samfunnet (medrekna det materielle og intellektuelle overskott) til ulempe for alle andre, vil falle bort.
Han sa og at kapitalismen skaper materielle middel og eit frø til tilhøve som gjør det mulig for menneska å forene meirarbeidet med ei større innskrenking av den tida som i det heile går med til materielt arbeid. Desse tilhøva kan bli bare bli røyndom i ein høgare samfunnsform enn kapitalismen.
Den virkelige rikdommen i eit samfunn kviler på produktiviteten av meirarbeidet og dei produksjonstilhøva som finnast. Fridommens rike tar eigentlig til når det arbeidet som blir bestemd av den ytre tvangen og målet frå det nødvendige arbeidet tar slutt. Dette riket ligg etter naturen sin bortanfor den sfæren der den eigentlig materielle produksjonen skjer.
Menneska må alltid kjempe mot naturen. Det naturnødvendige rike utvidar seg med utviklinga, mens behova auker. Men samstundes utvidast dei produktivkreftene som stettar desse behova. Innanfor dette området kan fridom bare vere at det samfunnsmessigmenneske, dei forena produsentene, regulerer utvekslinga si med naturen på ein fornuftig måte og bring ho under den felles kontrollen sin istadenfor å bli styrt av ho som av ei blind makt. Det er bare når dei forena produsentene fullfører utvekslinga si med naturen med minst mulig kraftbruk og under tilhøve som er mest mulig verdige og passande for menneska, at ein kan vere fri innanfor dette området.
Men det blir likevel eit rike innanfor rammene til det nødvendige arbeidet. Bortanfor dette ligg det riket der menneska kan utvikle kreftene sine for eigne mål. Her er fridommens rike som bare kan bløme med det nødvendige riket som grunnvall. Å korte ned arbeidsdagen er det grunnleggande vilkåret.
Derfor må hovedmålet vere å frigjøre den menneskelige skaparkrafta fra kapitalen og dermed borgarskapet sitt tyranni. (Marx: Kapitalen, bind 3, kap. 48.III.)
Jo mindre utvikla produktivkreftene er, desto lengre er vi vekke frå fridommens rike og desto vanskeligare er det å avvikle det nødvendige riket, samme kva ønske vi måtte ha. Hvis den tida som går med til nødvendig arbeid utgjør for mange timar, så er det svært vanskelig å komme unna tyranniet til rikdommen, og svært vanskelig å hindre at leiarane for ein revolusjon tufta på arbeidarane og fleirtalet av bøndene utviklar seg til ein ny herskande klasse. Det er mange eksempel på det.
Jo meir utvikla produktivkreftene er, desto meir skrik kapitalismen etter avløysing og desto vanskeligare vil det vere å halde oppe ein mindretalsklasse som monopoliserer eigedom og makt.
Bare tenk på det dilemmaet folka i dei vellukka foretaka i verda må leve med. Dei er jo vellukka fordi dei har konkurrert ut andre som no har sendt arbeidarane sine ut i arbeidsløyse. Det er denne enorme skulda dei må skjule for seg sjøl og andre i form av rasisme, nasjonalisme og sjåvinisme. Det samme gjeld dei vellukka landa. Dette er det materielle grunnlaget for desse straumdraga som aukar på kvar gong systemet går ned i ein kriseperiode. Derfor er auka statlig rasisme og ein del av DNA sin fridomskampanje.
No kan vi studere DNA sin fridomskampanje frå ein annan vinkel og. Det reelle innholdet i kampanjen er meir slavebinding av folk og verre kår. Men nokre av dei formene DNA vil utvikle er formelt sett former som kan fungere bra dersom vi kvitter oss med kapitalismen og innfører eit system grunnlagt på produksjon og fordeling etter plan ut frå folk sine behov. Dette gjeld fleire og fleire trekk ved den gamle kapitalismen. Nye former blir danna som byggjer bru over til det nye samfunnet. Derfor blir det og fleire og fleire former som vi kan ta med oss inn i sosialismen og gi dei nytt innhald.
Det er bare borgarskapet sin sjølviske eigeninteresse som hindrar oss i å gå igang med dette. Denne snevre eigeninteressen som no fører med seg arbeidsløyse, øydeleggjing av livsmiljøet på jorda og ei rekkje andre katastrofar bare for at ei ganske lita gruppe monopoliserer all rikdommen.
Derfor må no klassar, grupper og einskildpersonar gå saman mot kapitalen sin offensiv, gå saman mot DNA sin fridomskampanje og reise fana til fridommens rike som bare kan finnast der borgarskapet har måtte gi frå seg makta.
Fleire artiklar om sosialisme | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |